Svartsurbær eller Arenia melanocarpa som den heiter på latinsk.
Ei plante som blir mykje brukt til hekkar, men eg har den som ei pryd og nytteplante i bakkant av eit bed.
Eg hadde i utgangspunktet to planter. Men eg er ein resar med saksa, så tynning blir det ein god del av. Når eg held på med det ser eg selvfølgelig etter ( grev litt ned i molda ) om der er røter på greinene. Som oftast er det det og vips så har eg fleire avleggarar.
Dette synest eg er litt av sjarmen med å drive hage å lage mine egne plantar.
Har laga nokre som er oppstamma. Dei er ikkje så store enda og sida eg klipper dei ofte for å få fasongen var det ikkje bær på dei i år.
Men no til bære. Denne sorten har store, saftige og smakfulle bær.
No var dei heilt modne, så i dag vart dei plukka.
Planta er fin i alle stadiar. Våren med skjermar av små kvite blomar. Så kjem bæra frå grøne til raude og til slutt heilt svarte slik som dei er her.
Planta er hardfør, trur faktisk den er H - 7.
Haustfargar. Den gløder.......kjempefin.
Ei stund til den kjem til dette stadiet i år. Bilete frå i fjor.
Det vart ikkje den store fangsten, men akkurat to kilo. Nok til ein porsjon sylte.
Tenkte først å koke saft men med den gode smaken hadde eg lyst på sylte i staden for.
Skulla hatt ein heil hekk.......då kunna det blitt mykje godt av det.
Så mykje vart det av to kilo.
Den er heilt mørk på farge, nesten svart som navnet på buska er Svartsurbær.
¤
Vi har eit heilt fantastisk haustver her. Litt kjølig om netene men det har ikkje vore frost enda.
Hagen har fortsatt ein god del bløming å by på enda. Eg brukar kameraet flittig men eg er på etterskudd med blogginga. Kjem meg liksom ikkje til, har så mykje på gang : ). Så det blir nok fleire innlegg etterkvart både om hage, turar i fjellet og skogen, og ikkje minst om mine hobbyar.
Slik var utsikta mi rett før sola gjekk ned no.
Ha ein fin og trivelig haust kveld alle som kikar innom meg.
Frå MarJE.