Viser innlegg med etiketten Drivhus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Drivhus. Vis alle innlegg

fredag 21. juni 2013

LITT AV KVART FRÅ HAGEN

Dagane går veldig fort og snart nærma det seg ferietid.

På ei veke har vi hatt tre hagevandringa arrangert av mitt lokale hagelag så det har gått i hage om ikkje i min.

Men her kjem litt ymse frå min hage.


Ei lita lubba hand som synes det var stas å få plukke av blomane.
Barnebarnet mitt som nærma seg seks månadar.


Akeleie Black Barlow.



Akeleie.


Rosa Akeleier av forskjellige sortar.


Kvit valmuesøster som held på å sprette ut.



Svart fiol som eg vann frø av Elin med bloggen I hagen ved skauen.


Iris, Allium, Strandnellik og Oxalis.


Rabarbrane er kjempestore i år, kvit gudeblome og filtarve.


MarJE som sitt på kanten av fuglebadet i grusbedet å speidar utover fjorårets staudesådd som blømer for første gong i år.


Forskjellige variantar av Cosmos. Det har vore ei salig blanding i pakkane i år. Fargeblanding i den kvite og ein fylt eg kjøpte hjå Impecta ser slettes ikkje ut slik den skulle gjer. Den skulle ver heilt mørk burgunder i fargen.


Veldig mykje humler som kosar seg på blomane.


Frå drivhuset.
Eg sådde berre cherry tomat, men det har tydlegvis vore eit frø av ein anna sort. Det er dei store.
Agurken er komen i blomst og raud basilikum er i god vekst.


Gul Primula fremst.

Det er ei fin tid med mykje bløming og nye overraskelsar som dukkar opp kvar dag.

¤ 

Eg vil ønskje alle mine lesarar ei god og innholdsrik helg.

Helsing MarJE



søndag 19. mai 2013

VÅRTEIKN.

Med siste dagne sitt flotte og varme ver kjem vårteikna i rekordfart.
Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre hjå meg har det endelig begynt med litt bløming.

Eg deltar hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen og her kjem litt av det som poppar opp i hagen.


Ei staude  humlene likar veldig godt. Har ikkje navnet no i farta. Den er lav med sølvgrønt bladverk.


Hengekirsebærtreet starta bløminga i dag.


Plenen er ikkje slått enda så denne flotte Kvitveisen får bløme der.


Plommetreet er fullt med blomeknuppar.


Rosenrot.


Narsiss, Aurikkel og Stemor som har sådd seg sjølv i bedet.


Rosene som er i live har folda ut blada.


Prydeple med mørkeraude blad.


Frå drivhuset. Oxalis, Geranium og Blodbeger, Cosmos og til slutt blada på Geranium.


Her er litt av kvart som kjem i rekordfart no.

I dag såg eg forskjel frå morgon til no i kveld.

Klikk deg inn til Elin og sjå vårteikn frå heile landet.

mandag 22. april 2013

VÅR ?

Eg er med på vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen. Denne veka er eg alt for seint ute, men så er det heller ikkje så mange vårteikn her i hagen.
Sterk vind i fleire dagar og no etterfulgt av regn, 
 har gjort at all snøv og is har reist.

Varmkomposten som eg starta opp Fredag for litt over ei veke sida har starta prosessen for lengst. Der er det god varme og eg ser for meg kor mykje fin jord eg får : ))

Denne vinteren har vore hard for mange plantar. Mange rosebusker ser heilt svarte ut og mange av Rhododendronane ser ikkje livlige ut.


Slik ser dei ut, veldig tørre. Har prøvt å vatna med godt temperert vatn så får eg berre vente å sjå om det hjelp.


Nokre få Klosterklokker er det einaste som har kome opp bortsett frå snøklokkene.
Ikkje ein einaste tulipanspire har vist seg sjølv om eg har veldig mange. Dei ligg nok rett under jordflata å ventar.


I grusbedet som eg laga sist sommar ser det ut som alt har overlevd.
Desse sådde eg sist sesong av frø eg kjøpte hjå Magnar.
Lewisia Little Plum, Androsace carnea og Anthyllis vulneraria coccinea.


Litt anna som kikar opp. Trollius pumilus, Campanula " Snøkvit ", Påskeliljer og Aurikkel.



Ein liten tur innom drivhuset. Erteblomar, i midten er det toårige svarte fiolar som eg vann frøa av Elin. Dei var ikkje heilt enkle å få til å spire. Frøa opna seg fort men så skjedde det ikkje meir. Prøvde å sette dei i kjøleskapet, der spirte dei etter få dagar.
Dahliane er kraftige og veks seg til.
 Ein liten stemor, det er det einaste som gir litt farge akkurat no.

¤ ¤ ¤

I eit tidligare innlegg fortalde eg om Fuksiane mine som fraus i drivhuset. Eg kasta dei selvfølgelig ikkje....for tenk om det er liv inni : ) Og jammen er det fleire som har spirt  igjen : ) )

¤ ¤ ¤

Har så vidt starta grovrenskinga i beda. Her er utrulig ruskete i år.
Eg hadde virkelig håpa at kulden hadde tatt livet av dei brune sleipe....men der tok eg feil. Hadde heldigvis saksa på meg så eg fekk klipt den rett av.

Hagelaget som eg er med i skal heldigvis ta opp kampen mot sneglane i år. Vi skal selge Nemaslug.
Eg er ein av dei ansvarlige for dette og håper mange vil kome å kjøpe så vi kan få bukt med problemet.
Kanskje det blir sneglefrie tider etterkvart.

Dette var det meste eg fann av vårteikn denne gong.

Klikk deg inn hjå Elin på biletet.

torsdag 27. desember 2012

VINTERSTEMNING.

Endelig kom det skikkelig julestemning her hjå oss.
I går kveld kom snøven og det har dryssa sida det. Den er lett og fin med ca. 3 minus i lufta.

No går eg på Julefri, så eg måtte ut i hagen ein tur for å nyte den friske lufta.
Slik såg det ut der.


Inni mellom bygene skein sola bak skyene.
Som dåkke ser er drivhuset pakka godt inne, skal ikkje ha gjentagelsen av fjorårets Dagmar. Då flaksa platene rundt om i alle retningar og langt avgarde ( 3 - 400 meter). Var kun ei eg ikkje fekk levert på døra av kjekke bygdefolk som hadde sanka dei saman.
Så var det ei runde med påfyll av mat til fuglane. Har diverre ikkje godt nok kamera til å ta bilde av dei. Her er det beste eg fekk til av ein svarttrost : ) 

¤ ¤ ¤ 

Held på å vurdere nytt kamera ( har berre eit lite lommekamera ). Har du gode tips og råd om kamera, tek eg gjerne i mot : )

Ha ein lun god kveld, og nyt fortsatt fine romjulsdagar.

Helsing MarJE.