Viser innlegg med etiketten Barnestrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnestrikk. Vis alle innlegg

søndag 31. mai 2015

STRIKKA SKJØRT TIL LISJEMOR.

Forhåpentlegvis nærma sommaren seg i form av varmare tider. Kalendaren viser at i morgon er det sommar, men varmen let vente på seg.
Eg har no likevel strikka klart eit sommarskjørt til lisjemora vår, bestemorungen.


Gjorde eit dykk i mitt garnlager og valgte Drops cotton light.
Strikka på pinne nr 4 i str. 2 - 4 år.


Det kvite, underskjørtet er strikka saman med hovudskjørtet nokre cm.opp om borda.
Dette er eit enkelt og raskt skjørt å strikke.


I staden for sløyfe til snor som det var i oppskrifta valgte eg å strikke snora.
Det kan du sjå HER korleis ein gjer det. Eg la opp 3 maskar i staden for 4 slik at den ikkje skulle bli så tjukk. 


Her vise det kor langt oppe underskjørtet er festa. 
Og så må lisjemor dragse rundt med heimelagalappane av besta : )........slik er det berre...

Skulle det freiste å strikke dette skjørtet finn du oppskrifta HER.

Eg har eit lite tips ang. oppskrifta. Der står det at du skal felle jamt på 4 omg. Då blir det ikkje likt maskeantall på kvar felling og du får ikkje beine linjer ( fellingane kjem ikkje heilt overens oppover ).
Eg anbefalar å ta like mange fellingar på kvar omg. og dei restrerande maskane som skal fellast tek du på ein ekstra omg. og fell dei i sidene. Det blir finast. Håper det vart forståeleg.


Til vår lisje prinsesse, frå Besta.


MarJE

torsdag 22. januar 2015

Lommetøfler str. 3 - 5 år.

Eit lite kveldsstrikk blir til eit par små lommetøfler.
Raske og enkle å strikke.


Strikka dei i Sports ragg 70 % ull og 30 % polyamid på pinne nr. 4.
Brukte under eit nøste.


Dei ser veldig små ut men tøyer seg og er heilt sikkert passelege opp til ein 5 åring.


Blomen hekla eg av ein rest ullgarn.

I oppskrifta er reima strikka like lang på begge sider slik at den blir sydd saman opp på. Men ein kan lage ei kort og den andre tilsvarande lang slik at den blir sydd saman på sida visst ein ønskjer å ha pynten der.
Oppskrifter finst det mange av på nettet men eg brukte DENNE.
Blomen hekla eg på frihand.

Fint restegarnprosjekt.

Ha ein god kveld.

MarJE

tirsdag 25. november 2014

STRIKKA NISSEJENTEVOTTAR OG NISSEHUE.

Barnehagevottar er det rette namnet , men eg har strikka dei til ei nissehue i julerødt.


Strikka i ullgarn og tova lett for hand. Då blir dei meir kompakte og gode på handa.


Bråtet som er eit stykke nede på skaftet held vottane godt på plass.


Raske å strikke og kjekt å få bruke opp litt restar.
Mønster kan du finne HER.


Fine å bruke når vi skal ut å mate fuglane.


Her er same vottane i ein anna restekombinasjon. 


Nissehua som eg strikka i fjor. Str. 2 år så den er stor nok i år også.


Dette er frå i fjor så bestemorjenta har blitt stor sida biletet er tatt.
Mønster på denne henta eg frå Drops design og det finn du HER.
Ser at eg har hekla ein anna kant nede enn det som er i oppskrifta, men når eg ikkje har hua her kan eg ikkje sei akkurat korleis den er.


¤ ¤ ¤

Tida flyg.....berre nokre dagar igjen til advent og
snart Desember.

Ha ei glad og god veke vidare.

MarJE.

tirsdag 4. november 2014

STRIKKA PIXIHUE TIL LISJEMOR.

Snart kaldare tider og då er det viktig å ha noko som sit skikkeleg inntil hovudet.
Det gjer denne hua. Den er tøyeleg og føyer seg godt inn mot andeletet.
Strikka den til bestemorungen min......


Måtte prøve den inne om den sat skikkeleg på før vi gjekk ut.


Den er strikka i dobbel Drops Baby Merino. Mjuk, god og heilt kløfri tråd.
Eg har forlenga halsen i forhold til mønsteret. 
Fleire omgangar med vrangbord + rillestrikket. Litt av vitsen er at det ikkje skal bli glippe mellom kleda og halsen.
Mønster fann eg HER om det skal freiste å strikke.
Eg anbefalar den på det sterkaste. Enkel og rask å strikke.


Ut for å prøve den.....varm og god.

God kveld.

MarJE



mandag 3. mars 2014

STRIKKA BARNESMEKKER

Helgas produksjon......seks smekker vart det.
Greit med enkle småplagg inn i mellom som liksom går av seg sjølv.
Men veldig kjekke å ha for dei små når det kleiar for tennene og veldig mykje vått renn ut av munnen.


To forskjellige mønster har eg brukt og så har eg variert litt på dei også.


Desse fire er strikka av Drops baby merino. Heilt nydeleg mjukt garn til dei små. Kløfritt og når det blir vått kjennest det ikkje ekkelt ut fordi det er ull.
Skal eg anbefale så vil eg velge å strikke i god mjuk ull. Dei held mykje bedre på fasongen også.
Eg er litt sånn at eg forandra litt på mønstrene slik eg trur eller ser kan bli ein meir nyttig fasong.
Denne gongen følgde eg oppskrifta til punkt og prikke på eit av kvar modell.
Det øverste grøne  og det mørkaste rosa. Men på det rosa brukte eg pinnar nr.3,5 i staden for 4 p. g. a  at dette garnet er nok tynnare enn bomullsgarnet som var oppgitt. Og derfor forlenga eg litt reimane slik at det ikkje vart for stramt rundt halsen.


På det grøne er alt strikka og så er kasta midt framme opne. Det rosa har eg vridd kasta slik at det ikkje blir hol og så har eg hekla kanten rundt. Smak og behag. Har strikka mange av desse før og eg vrir alltid kasta for vitsen er at det er tett.
Heklakanten har eg hekla slik : 1 fm. hopp over 2 m. 2 st. + 2 lm. + 2 st. i neste m. hopp over 2 m. Eg tell ut slik at eg får spissen på ein rapport midt framme.
Mønstra har eg funne HER.


Som sagt så strikka eg det rosa som orginalen.
Det grøne la eg opp mindre maskar og auka til det antalet som står i mønstra. Det blir spissare, skråkanten i sida blir lenger. 
Alt etter bruksområdet. Skal ein bruke det til etesmikke er det nok lurast å ha det størst mulig.
Broderte litt pynt på.


Same smekkene her men strikka i Drops cotton light. Sjølv om det er ein tjukkare tråd brukte eg pinne nr.3,5 ellers vart det for laust.
Desse har eg lagt enda mindre opp på slik at dei er enda spissare.
Mønster finn du HER.

Fekk besøk av vesla og då prøvde ho desse siste her. Har ikkje strikka dei før så eg var spent på fasongen. Dei var heilt perfekte. Sat fint rundt halsen.
Så denne oppskrifta kan eg anbefale.

Litt kvardagsglede.
Eg skulle passe vesle Ella medan mammaen skulle eit ærend.
Sjå kva eg fekk.


Ei fin raud potterose.


Den skal eg ta godt vare på.
Når det blir varmare tider skal den få pryde hagen.

¤

No skal eg stikke hovudet under baderomsinreidninga.........sprø ?
Nei...berre hagegal og frøgal. Eg har tatt laust i føboksa og dei raskaste spirte etter 1 1/2 dag.
Fantastisk.

Koselig med alle som ser innom meg her på bloggen og takk for fine ord.

God veke til alle.

Klem MarJE.

tirsdag 11. februar 2014

BARNEHAGEVOTTAR.

I dag har eg hatt besøk av vesletulla.
Vi skulle ut i hagen å spasere ein tur men det var litt kaldt på fingrane. Heldigvis hadde besta strikka eit par vottar i helga som som kunne varme små hender.


Heilt enkle men dei er lange på skaftet og skal etter det oppskrifta seier sitte godt på handa.


Eg strikka dei av garnet " Ida " 80% ull på pinne nr. 3 og str. 3-4 år. 
Litt store til bestemorungen min på 1 år, men ikkje så mykje. Så eg vil heller sei dei er ca.2 år. Dette er litt med kva garntjukkelse ein brukar.
Enkle og raske å strikke. Kjem heilt sikkert til å strikke fleire par av desse.
Ser at dei skulla vore både dampa og merka men når behovet for bruk er akutt får det så ver.
Eg fann mønstra HER visst nokon freistar strikke dei :)


Litt store men det gjekk fint å kaste litt stein med dei likevel........


Ha fortsatt ei trivelig veke.

MarJE.

torsdag 16. januar 2014

SELBUVOTTAR TIL DEI MINSTE.

Dei to minste i slekta fekk kvar sin pakke til jul med selbuvottar, smekker og ball.

Guten som eg er gamletante til er eit 1/2 år og jenta som er barnebarnet mitt er 1 år.


Til utgangspunkt for mønster brukte eg DENNE som er til baby. La opp meir maskar og laga litt meir mønster.
På vottane til 1 åringen laga eg også tommel.


Brukte baby ull. Blir gode å varme når det er mønsterstrikk heile vegen.
Eg forstørra 8 bladrosa og laga meir mønster nede i midten og øverst.


Til gutevottane brukte eg baby ull og melert fabel frå Drops design til mønsteret.
Her ser du at mønsteret er litt mindre.


Håper dei små hendene likar vottane og held seg varme.

Kjekke å strikke, men eg skal innrømme at små tomlar med så tynt garn var eit aldri så lite pirkeri :)


MarJE

lørdag 28. desember 2013

I DAG FOR EIT ÅR SIDAN.........

..........var ein stor dag for oss.
Vi vart besteforeldre til vesle Ella.


Det første året i eit lite menneske sitt liv er nok det året der utviklinga er størst.
Frå eit lite hjelpelaust spedbarn til eit barn som begynner å klare ting sjølv.

I dag har vi feira......


...........med pakkar og god mat.
I ein av pakkane var det eit stykke av både besta og besten. Eg sydde forklekjole av ei dongeribukse av mi og fora den med ei skjorte frå bestefaren. 
Den kan brukast på begge sider.


Måtte ha litt røfft tilbehør. Lange sokkar som rekk litt over kneet.
Brukte eit melert garn og merkelig nok vart det sånn nokonlunde likt med fargane på begge sokkane.
Mønster frå Drops design.
Strikka ei smekke til også men den har ikkje blitt med på bilete.


På ønskelista stod det ......litt stor hekla ball. Slik vart den.


Marsipankake til Ella frå Besta.

Gratulerer med dagen vennen og gode ønskjer for deg vidare.

Klem frå Besta di.

lørdag 14. desember 2013

HELGEGLEDER

Ei veke er snart over, medan ei ny er i vente. Den siste heile før jul.
Det har vore veldig variert ver siste tida. Frå mildver til full vinter, og tilbake til mildveret igjen.
Stormen Ivar var så vidt han sneia innom her for å vise krafta si med å velte litt krukker. Han berre sa ifrå at eg måtte få dei i hus før han kosta vidare.

Litt helgekos har eg holdt på med no i kveld.
Heime åleine, då må eg finne på noko og jammen smakte det godt også.


Medan eg venta på at brøda skulle bli steikt laga eg brente mandlar.
Tok meg skikkeleg tid å brukte svak varme så denne gongen vart dei slik dei skal ver, ikkje brente men karamelliserte. 


Farlig godt.

¤

Tidligare i dag oppdaga eg at det var fleire nye fugleartar i hagen. Bileta er tatt gjennom eit ikkje alt for reint vindauge og så har eg forstørra opp slik at det skulle ver mogleg å sjå dei. Kvaliteten er derfor dårleg. Eg har ikkje fått orientert meg om kva sortar det kan ver enda, men kanskje du som kikar innom veit det ?


Dei var i grusbedet å bada i støypekaret som er der. Der var så mange at det var kø for å få seg eit julelaug.
Spurven ville delta i selskapet.
Nokon som veit kven desse er? Det er dei som har dei gule stripene på vingane.



Eg regnar med at dette er par. Den eine er grøn på brystet medan den andre er meir grå.



Så var det denne  som står i venstre hjørnet. Den har litt brunt bakover vingen og på brystet.
Veldig klare teikningar i fjøyrdrakta.
Her bada dei så det sprutar.


Slik ser den ut framme. Kan sjå ut som dette også er eit par. Ser det er fargeforskjel og så har den eine skarpare teikningar.

No må eg ha meg fuglebok så eg kan finne ut kva slags fuglar som dukkar opp i hagen.
Hmmmmmm......kanskje ein ide å ønskje seg no i desse tider : )



Litt late som tok alle bileta gjennom vindauget i dag, men dåkke veit at eg kan skreme dei visst eg vasa meg utadørs : ))
Eit tips som fungerte supert. I staden for å lage fuglematen i beger å fylle i mataren, lagde eg det denne gongen rett i mataren. Den i midten her. Kledde den med plastfolie og fylde den opp. Stakk eit par pinnar gjennom så fuglane kan stå på. Den må få tjukne litt før du fyller den i.
Har laga fleirdobbel oppskrift og brukar Moseplassen si. Den fell i smak hjå denne gjengen.
Fann nokre avsette koppar i buda som vart fylde med mat og hengt opp og eit fuglehus som vart hengt mat støypt i kakeformer inn i. Ser nærmast ut som eit jugletred med alle slags matarar dinglande oppi.
Slik blir det når det dukkar opp nye gjestar. Dei må få mat.



På pinnane akkurat no......tilbehør til juleantrekket til barnebarnet.
Blir nok ferdig i kveld.

Då gjenstår det å ønskje alle ein fortsatt trivelig Laurdagskveld.

Eg deler helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.

onsdag 14. august 2013

LISJEMORS KJOLE I BESTA`S BLOME ENG.

" Lillesøsterkjole " mønster av Tora Frøseth.


Juhu.....endeleg opplett slik at eg fekk ta litt bilete ute av sommarens handarbeid.
Har liggandes litt ferdig som kjem på bloggen etter kvart.

Tråden til denne kjolen kjøpte eg til eit strikkeprosjekt til mammaen til barnebarnet vårt. Den vart ikkje brukt den gongen så no kom den til nytte i denne kjolen.
Det er Gjestal bommul sport og den var litt tjukkare enn den i mønstra så den første eg strikka måtte rekkast oppigjen. Den vart skulejente størrelse. Så 3 månader vart ca 1 1/2 år slik som eg skulle ha den.


Når tråden var gamal passa det å bruke knappar som eg har tatt frå kle som er kassert.
To sølvknappar kvikka litt opp.
Kjolen er strikka frå halsen og nedover og avslutta med ein hekla kant av fastmaskar rundt halsopninga.


Her heng kjolen på buen av treverk og rusta armeringsjern.


Her fekk eg bruke dei merkelappane som eg synest var litt i lengste laget når eg fekk dei. Passa no når plagga har blitt litt større.


Kjolen vaiar i vinden og lukta av erteblomane øverst her er berusande god.

Dette er ein enkel og rask kjole å strikke også for dei som er i startfasen med pinnane.
Mønster finn du her gratis.

God kveld til alle som ser innom bloggen min.
Frå MarJE.