Viser innlegg med etiketten Orange. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Orange. Vis alle innlegg

lørdag 11. oktober 2014

DAGENS VANDRING I HAGEN.

Hagen viser fortsatt mykje i dei kulørane som minner om sommar, men etter nokre kraftige innhogg i rabattane med rydding ser ein at vi nærma oss den kalde årstida.

Med nok ein fin haustdag har eg vore i hagen berre for å kose meg med kameraet i hende.

Hagen er full av fuglar og det høyrest godt. Dei kvitrar om kapp. 
Eg hengde opp i gjen ein matar tidlig i sommar så det er nok grunnen til at det er så mange alt no.

I dag vel eg haustfargar på bileta.


Sommar Rudbecia " Autumn colors "
Første året eg sår desse og heilt sikkert ikkje det siste. Dei er i mange mørke gylne fargar.


Ein variant på nært hold.......


..............og her.


Ei stor gyllen Solsikke som held på å opne seg.....


.............dette er minisolsikke.


Ringblome frå ein blandingspose.


Oppe t . h . sommar Rudbecia " Prairie Green Eyes ".

Dette var mine gylne HELGEGLEDER  som eg deler hjå Vivishagerom og litt til.....

MarJE

torsdag 3. oktober 2013

HAUSTRO I NATUREN.

Her kjem fortsettelsen på forrige innlegg.

Det har blitt mange turar i skogen siste tida og det er noko spesielt med roa i naturen no om hausten.
Sansane og tankane kan sveve og kverne  medan eg vandrar og nyt inntrykka som viser seg.


Når eg har med meg speilreflekskameraet mitt er det vanskeleg å kome seg lenger enn hit til vatnet.


Her finn ein uendeleg med motiv. 
Det er nesten like klårt i vatnet som i lufta.


Ring i vatnet av kreda som gjorde eit hopp.


På midten skimtar vi ei bittelita grend.


Same grenda her både på land og i vatnet : )


Resten av bileta er frå turen i dag. Då kom eg meg vidare og gjekk heile runda rundt åsane. 
Desse bileta tok eg med kompaktkameraet. Det er så lite at eg stikk det i lomma.
Synest bileta er klåre og fine med det også.


Glinsande fargesprakande nyper.

Såg stor forskjel på fargane i naturen berre sida Tysdag. Det hadde gulna mykje.


Her er eg koma rundt og opp på åsen. Denne plassen heiter Høgetua. Det spisse fjellet til høgre er Liadalsnipa. Nede i dalen bak åsen kan vi skimte fjorden.
Dei andre bileta har eg tatt langs kanten av vatnet rett ned her.

Vi er så heldige her at vi har alt som naturen kan by på. Høge fjell rundt alle kantar. Vatn, sjø, skog med mange fine stiar. Snur eg meg her på dette biletet til motsatt retning har vi flyplassen og ikkje minst heimen til vår nynorskmann Ivar Aasen. Det er her i Ivar Aasen - tunet nynorsksenteret ligg. Kan gå dit frå stien her.


Då gjenstår det berre å takke for følget til vatnet og rundt åsen.

Håpar sansane dåkka også likte seg : )

¤

No er det noko som held på å skje med himmelen så eg trur ikkje det blir slike bilete i morgon.
Men vi får ta imot det som kjem.

Ha ein god ettermiddag og nyt haustkvelden.

Turklem frå MarJE.



søndag 22. september 2013

HELGEGLEDER # 35 - LANGHELG I ...........

.............. BERGEN.

Dette var ei koselig helg i August. Vi hadde eit strålande ver så vi traska Bergen rundt å kosa oss frå Torsdag til Søndag.



Ved Lille  Lungegårdsvann var det fullt med duer som blei mata av born.


Her var det også flotte tagetesbed som slyngar seg langs sidene. På andre sida var det eit titals personar som var i full sving med rensing og luking. Kjekt å sjå at det blir holdt så godt ved like.


Lille Lungegårdsvann er eit flott anlegg som ligg midt i byen med fontene, mykje fin beplanting og mange sitteplassar rundt.


Denne rosa ga frå seg ei fantastisk lukt.


Måtte bort å stikke nasa ned i den. 


Det var mange av den og den blømde rikt. Nydelig var dei.

Eg somla så lenge ved blomane at dei andre hadde forsvunne vidare for lengst....så det var berre å få kameraet i veka å springe : )

Eg var to gongar i botanisk hage. Mykje fint å sjå på av vekstar og fleire dammar som var fulle av vannliljer. Kameraet var ikkje med.


Solnedgangen kunne vi nyte kvar kveld frå der vi budde.


Rett før den gjekk ned.

Søndagen når vi stod opp pøsregna det. Gjorde ingen ting, for då skulle vi heim.


Dette seglskipet låg også i Bergen når vi var der, men på veg heim var det kome til Olden i Stryn kommune. 


Her var det også turistskip.

Olden er eit populært turistmål, så sommarstida er det mange, mange turistskip som kjem.

Ei knøttlita bygd som ligg inst i fjorden med vakker natur som mange frå det store utland ønskjer å besøkje.

Gode helgegleder som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.


Ha ei god ny veke alle saman.

Klem frå MarJE.

søndag 7. juli 2013

Fuglebad og besøk av sommarfuglen Admiral.

Denne helga har det vore strålande sommarver. 
Hagen yrer av insekt. Kan ikkje hugse at det har summa slik tidligare år......kjekt er det iallefall.
Her har det vore større prosjekt på gang denne veka så eg har ikkje komt meg til å vise fuglebada før no.......


Eg lagde to i to forskjellige størelsar.  Synest dei vart vellykka. 
Men det var litt av eit pirk å få ut alle bladnervane.




I går og i dag har denne flotte sommarfuglen sveva rundt i hagen " Admiral".





Oversiktsbilete. Slik ser det ikkje ut i dag.....denne veka har vi laga dam :)
Den er ferdig gravd og delvis dandert med stein o.s.v. Neste innlegg blir nok om dammen.


Ei nydelig rose, buskrose Fruhlingsduft. Den blir ca 2,5 m høg så eg har den på klatrestativ av armeringsjern. Kjøpte den i fjor, men då blømde den ikkje. Eg har mist ca. 20 roser i vinter men denne sto like fint og den har vokse godt.
Den er ikkje berre nydelig...den er heilt fabelaktig nydelig og luktar fantastisk.
Denne anbefalar eg virkelig 


Her i litt forskjellige stadier.


Blodbegera slyngar seg oppover Kirsebærtreet.


Perlebusk og Heuchera emperors cloak.


Rosa og orange, ei herleg blanding. Akeleier og Geum.


Dahlia.


Sommarblome Eschschozia californica " Bridal Bouquet "...frø frå Impecta.


Slik ser klatrestativa med erteblomane ut no. Dei har vokse seg til og er fulle med knuppar.


Avsluttar med ei kvit bløming. Lav krage, Geranium, Småhjerte, Prestegardsrose som akkurat har starta bløminga. Den er kjempestor og har hundrevis av knuppar og luktar himmelsk. Allium til slutt.

¤

To dagar med sol er visst nok for denne gong sei vermeldinga. Ja, ja...bedre med to enn ingen.

Ha fortsatt ein god sommar og nyt dagane.

Så kjem eg tilbake med dambygginga mi neste gong.

- MarJE -





lørdag 29. juni 2013

BLOMAR FRÅ HAGEN.

Når sommaren ikkje heilt vil kome i form av sol og god tempratur får vi berre kose oss med bilete frå bløminga i hagen.
Ca. 10 grader og regn her i dag.....brrrrrrrrrr kaldt.


Cosmos Candy stripe.


Guld valmuer som eg fekk frø frå Marits hagekos.


Guld valmue frå Marit.


Louise Bugnet.


Geranium phaeum. Denne trudde eg hadde fryst vekk i vinter, men heldigvis dukka ein opp og fleire frøplantar.


Geranium.



Iris Snow Queen.


Iris.


Akeleier og gule dagliljer som sprer ei nydelig lukt i hagen.


Allium.


Allium.


Trollius.

Eg vil ønske alle mine lesarar ein blomstrande Laurdag.