Siste tida har det vore mange dagar å feire og på ei veke ikkje mindre enn fire her i familien.
Det har blitt i meste laget med kakeeting, så no framover må mosjonering prioriterast :)
Sistemann ut var minstemann som stod konfirmant i år. Han fylte 15 år og ville gjerne ha yndlingskaka Pavlova med mykje bær og frukt på.
Ei veldig enkel og rask kake å lage så eg har lyst å dele her på bloggen.
6 eggekvitar
3 dl. sukker
3 dl. melis
2 ts potetmjøl
2 ts vaniljesukker
Litt hakka mandlar.
Pisk eggekvitane stive. Tilsett sukker og pisk godt. Tilsett melis og pisk litt til. Rør inn potetmjøl og vaniljesukker.
Bre marengsen utover bakeplata til passe størrelse. Den blir bra stor. Eg passar den til eit avlangt firkanta stort fat som eg har.
Dryss over hakka mandlar.
Steik til lys gyllen i fargen ca. 1 - 1 1/2 time ved 140 grader ( dette varierer frå ovn til ovn, eg brukar 130 grader ) litt nedom midten i ovnen. Litt før den er heilt ferdig slår eg av ovnen og let den stå inni til ovnen er kald. Då held den seg like høg og fin overalt.
Denne botnen kan steikast mange dagar før den skal brukast. Er berre å pakke den inn.
¤
Heimelaga vaniljekrem.
Like enkel å laga denne også.
5 dl. mjølk
1 vaniljestang
6 eggeblommar ( dei som er igjen frå kakebotnen )
100 gr. sukker
2 ss. maisennamjøl
Kok opp mjølk med splitta vaniljestang i. Avkjøl.
Visp saman eggeplommar, sukker og maisennamjøl. Slå den avkjølte mjølka over eggeplommane og visp heile tida.
Sil blandinga tilbake i panna , varm opp under omrøring til kokepunktet og avkjøl.
Visp ein pakke kremfløte med litt sukker i og bland med vaniljekremen.
Eg brukar å ha på kremen om morgonen same dag som kaka skal brukast. Då blir den litt trekt og er passe crispy. Men dette er selvfølgelig smak og behag korleis ein ønskjer den.
¤
Rett før servering har eg oppå frukt og bær.
Det er alt ettersom kva som er ønskt. Her brukte eg kiwi, grøne og raude druer, jordbær og blåbær.
Her i huset er det ønskje om veldig mykje frukt på ca. 1 1/2 kilo brukte eg på denne.
Velbekome :)
Denne vil eg dele på Helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.....
Ha ein god og fin Laurdagskveld, frå MarJE.