Viser innlegg med etiketten Uteliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Uteliv. Vis alle innlegg

mandag 22. november 2010

Hagestatue!

Kanskje ikkje akkurat sesong for dette no? ;)

Uansett; Mitt murhus vil etter mi meining heilt klart kle ein romantisk men litt formell hage! Eg kan sjå det for meg: Stier som svinger seg rundt forbi, gamle koselige stauder blanda med stramme hekker... flotte urner, og ikkje minst: roser! I massevis!
... Og der hører jo så absolutt statuen til!
Har hatt lyst på ein lenge men andre ting kjem alltid over på prioriteringslista... og har eg funne ein som har vert rimelig har den sjølvsagt vert heil feil.
Men dette har mine koselige foreldre bestemt seg for å gjer noko med :D
(Ja eg veit.. eg er superbortskjemt! ;D)

Bildet er tatt i skumring, og inne, og er skikkelig dårlig... men eg kan ikkje vente til våren med å vise fram denne skjønnheten:

Den står på sokkel og er ganske høg... og tåler 35 kalde grader! Noko som betyr at den kan overleve vinteren også her :D
Drømmer om denne omgitt av Austinroser.... *sukk*... og tenk den ute på denne tida da! Omgitt av frosta roser! Åååå kan ikkje vinteren snart vere over så eg får anlagt rosehage ;)


Men først skal eg ha med meg jula da ;)

Ønsker alle ei frostfi veke uten snø!

:o)

mandag 19. juli 2010

Mini sommaroppdatering :D

Må igjen beklage mangelen på innlegg. Mykje som skjer og ikkje minst SOMMAR har skylda for det ;-)

Og sommar betyr piknik:

Fleeceteppet er jo behørlig omtalt før, men mykje nytt er også med på tur ;D

Favoritten her må vere quilten fra Wallas verden, er den ikkje berre heilt herlig !?! Blir så glad av dei skjønne fargane :D Det skal få bringe sommar inn i stua i heile vinter også... men kven vil vel tenke på vinter no ? ;-)

Skåla kjenner sikkert mange igjen som Greengate, koppar og termos er fra Kremmerhuset, og dei nyyydelige plastikkboksane (eller heiter det melamin?) er merka med "Spiegelburg G*A*R*D*E*N" og noko eg plukka med meg fra ein liten tur til Tromsø :D

Da skal eg tilbake til mitt og fortsette å nyte sommaren :D
Nytt innlegg kjem.... ein gong før eller sida ;-)

Til så lenge: Fortsatt god sommar til Dykk alle!

:D

onsdag 23. juni 2010

"Nytt" hus til fuglane...

... som ventar på ein real rundvask :D


Gammel fuglekasse eg er så heldig å ha fått... *kremt* eller var det 'mast meg til'? ;D


Som de skjønnar er det fremdeles hagen som får min oppmerksomhet om dagen. Interiør kjem også... ein gong på høsten ;-)

:o)

torsdag 17. juni 2010

Hengekøye!

... er endelig på plass!


Har lenge ønska meg hengekøye med 'pyntet' kant. Men dei har vert så dyre.... bestemte meg for at jo, no skulle eg skaffe meg ei slik og var i full gang med å sjekke prisar på nettet.
Men så er eg tilfeldig innom Kremmerhuset.... og kva ser eg? hengekøye til 339!!! Heldige meg :D


Så er de i tvil om kvifor det er så stille på bloggen.... så ligger eg altså i hengekøya og nyter livet ;-)

:o)

torsdag 15. april 2010

Ny sykkelkurv...

... men ingen sykkel! Hi hi


Har så lyst på ein romantisk bysykkel... men dei er jo styggdyre! Fann ein kjempefin brukt med brunt skinnsete (ja det er kjempeviktig dette med setet nemlig ;-D), men den kosta jo 5500!!!! Og eg som ikkje likar å sykle ein gong! Det blir liksom eit litt for dyrt tilbehør til antrekket ;-)

Men så fann eg denne på Biltema:


Den er billeg; 1199,-..... men... den har ikkje gir!!!
Har vurdert litt fram og tilbake, og funne ut at sida eg jo i grunnen ikkje brukar å sykle kan eg klare meg uten gir.;-) Og blir det for ille kan eg jo berre trille rundt på den - hi hi. Det eg derimot ikkje kan klare meg uten er det før nemte brune setet, men det må da gå an å få som reservedel? Kostar sikkert like mykje som resten av sykkelen... men da kan eg utsette til neste år :D ....Hm, kanskje eg kan få gir som reservedel også? Hi hi.

Nei seriøst; Trur eg og MiniKjeruben kan få eit par små koselige sykkelturar på piknik med denne :D
...kanskje eg kan lure med LilleKjeruben også? Nei kven prøver eg å lure? Tenåring på piknikk?!? hi hi Nei det får bli meg og mini.

Men tilbake til korga:
Herlig lekker sak fra Kremerhuset med håndtak, så den er perfekt til piknikk :D


Skjønn Hortensia... og nei da... eg tenker ikkje sykle rundt på den ;-) hi hi


Men dette skjønne pleddet som Hulsfruas Memoarer tipsa oss om skal få vere med!
Herlige duse fargar!

Da er det berre å vente til Biltema får inn sykkelen så blir det nostalgisk sykkeltur på meg og mini :D

:o)

lørdag 9. januar 2010

Fuglebad!



Dette har eg titta på ei stund.... er stor fan av døde ting til bruk i uterommet... har nemlig forlagt mine grønne fingre ein eller anna plass for evighetar sida ;-)


Heldigvis er det mykje anna flott ein kan pynte med ute også :D



Hørte om ein som hadde steinlagt heile tomta si.... kanskje noko å vurdere? Litt dyrt kanskje, men lettstelt og fint. Det skal i alle fall eg vurdere når eg skal byrje på tomta.... når eg er ferdig inne meinar eg.... ja om sånn ca 8-10 år... hi hi så ikkje hold pusten i påvente av bilder! ;-)
Ønsker alle ein fantastisk lørdag!

:o)