I går kveld tok min kjære vogga opp i stova, endeleg☺
Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg er dette ei vogge vi har lånt av eit vennepar, og som vi har vore so heldige å fått malt kvit☺
Og slik ser den den ut no♥
Her må jo bere veslebabyen trivst♥
Ein liten bamse ligg og ventar på at babyen skal komme ut so han slepp å ligge i vogga åleine..
Denne bamsen har babyen fått frå Mor og Far i Nord(foreldra til min kjære)☺ Kjøpt i USA☺
Slik ser det ut der vogga står no.
Viss nåken hugsar denne vinkelen frå før har det tidlegare stått nokre gamle koffertar der vogga står no.
Desse koffertane har eg flytta inntil eine sida på peismuren og fyllt den eine med pledd☺
I dag er termindatoen!! Skjer det nåke snart mon tro??
Eg er begynt å få meir tru på at min private termin stemmer, den er 4 mai. Den stemte sist eg var gravid, då fekk eg to veker før ultralyd termin, men dagen før min termin.
Alt gjekk bra hos jordmor i går. Bestilt time til overtids ultralyd-håpe eg slepp det! Blodtrykket var akkurat i grenseland-noko ho meinte betydde at fødselen var like rundt hjørnet... Hovudet var festa, heldigvis. Og magen har vokse masse siste to vekene, er komt godt over kurva :S So eg ser for meg ein ganske stoooor bebiss...
Jaja, ut skal den.uansett!!☺
Helg igjen☺
Deileg eller??☺
Vi skal slappe av og kose oss heime☺
Og eg håpar å få gjordt litt meir oppussing og rydding i gangen☺
Må få takke for alle dei kjempekoselege kommentarane eg får-det er so kjekt og eg blir so glad☺
Dåke er supre alle som ein
♥
God helg alle sammen☺
....Håpe det vert nokre dagar til mitt neste innlegg...
☺Hehe☺