Hiver meg med i Nib si juni utfordring om å vise stilleben frå heimen. Stilleben er kjempedekorativt og kan inneholde det ein føler for der og då. Ting som betyr nåke, som har med årstida å gjere, ting ein har laga sjøl osv. Kun fantasien som set begrensingar.
Eg er heller ikkje so veldig glad i å ha ting over alt i heimen, likar å ha litt luft. Stilleben er derfor ein fin måte å få samla mykje ting på ein liten plass.
Eg kosar meg når eg lagar nye stilleben eller gjer om på dei eg har☺
Eg syns det ser finare ut når det ser ut som ting er lagt tilfeldig på plass.
Slik som t.d nøklane som heng over lysestaken og bibelen oppå pokalurna.
Her er ein gammal bibel kjøpt på bruktbutikken med eit kors frå ein nettbutikk oppå.
Til høgre på bildet skimtar ein so vidt eit kvitt hjerte. Dette er mi favorittform og i min heim kan ein finne mange ulike hjerter.
Med å ha eit speil i bakgrunnen vert steminga dobbelt so fin☺
Desse gamle nøklane har eg vunne i ein give away.
Syns dei er veldig dekorative.
På bildet til venstre ser ein eit fuglebur med ein blomst inni. Eit fuglebur er kjempegreitt å bruke som stilleben. Ikkje bere er fugleburet i seg sjøl nydeleg å sjå på, men ein kan skifte innholdet i buret når ein vil det, og ein kan ha fleire ting inni buret på samme tid.
Skilt kan sei so mykje, enten det er "alvorleg" meint eller skilt med ein humoristisk tekst.
Bokstavar og tekst er nåke eg har ein del av heime.
Teksten kan kanskje vere ein påminnelse om det som står der og bokstavane eg har er ulike variantar av bokstavane til oss som bur her.
På siste bildet kan du sjå bokstavane M, J og ein liten m(står også ein A der).
Dette fatet er kjøpt på bruktbutikken.
Heimedekorert fyrstikkeske pyntar opp der det er eit lys som kan tennast☺
To sinkhus, to "gamle" klyper og eit trådegg.
Skjenken eg viser bilda frå står bak spisebordet vårt.
No står også sinkhusa på skjenken.
Fugleburet er vekke og erstatta med pokalurna.
...bilda er ikkje heilt nye...dette pga at speilreflekskamera mitt er til reparasjon...
Ynskje alle som er med i Nib si utfordring lykke til
☺