I dette nydelege sommarværet kjem lysta til å gjere masse ute
☺
Er so koseleg sitte ute og sjå på blomster og anna som spirer
Her har eg planta eit søyle kirsebær tre i eit melkespann
Er ikkje dette nydelege blomster so veit ikkje eg
♥
Min kjære ville so gjerne kjøpe fødselsgåve til meg då Elias Nathaniel vart fødd
Eg foreslo at han kunne kjøpe eit tre til meg
Og her om dagen var vi på Plantasjen og kjøpte oss eit epletre
Det er noko vi begge har ynskt oss
Sia vi ikkje har plen kjøpte vi eitt som egna seg for urne
Det som er litt artig med dette epletreet er at det veks tre forskjellige sortar epler på det, til ulike årstider
☺
Ganske genialt sia vi har lite plass og må plante det i urne
☺
Epletreet vart planta i går kveld
I nydeleg sol som de ser
♥
Har satt ein "lysestake" for utebruk i urna
og planta nokre sommarblomster som prinsessa fekk av bestemora si
("lysestaken" er kjøpt på Kremmerhuset i fjor
urna er kjøpt på KID)
Blomstene på epletreet er heilt skjønne
♥
Denne gule sommarblomsten fekk prinsessa også av bestemora si
Den har eg planta ilag med dvergrogna
Planta også to buksbom kjøpt på Plantasjen for ei stund sidan
Desse pottene er kjøpt hos Oasen Hageland
Her er terassen sett frå paviljongen
Mellom oss og naboen skal vi få ein høg skillevegg som går ut til midt på gjerdet
Då blir det meir skjerma samtidig som det blir finare bakgrunn for tre og planter
Og eg får meg ein ekstra vegg å henge opp ting på
☺
Idag er det og fantastisk sommarvær her
Det er sommarfest i byen ikveld
Med ulike artistar
Blandt anna Donkeyboy
Sidan eg ammar og billetane er ganske dyre blir eg heime
Men vi tar turen til sentrum om litt for å sjå om det er litt ekstra aktivitetar i forbindelse med sommarfesten
Prinsessa håpar veeeeldig på å møte Linnea frå Donkeyboy
For ho er so fiiiiiiin
og dei synge so fint
☺
Ynskje alle ein superfin lørdag
og håpe været er like bra der du er
☺