Her er lille gangen som vi kallar det, eit lite rom mellom gjesterom til venstre og vaskerom til høgre. Ikkje heilt ferdig oppussa, manglar lister, nye dører og ny lampe, men golv, tak og veggar er malt. (Før var det trekvitt frå tak til golv) Det eg lurer slik på er ka dette rommet mest praktisk skal brukast til????
Akkurat no tenker eg på å lage gardrobeskåp med plass til dukar, sengetøy, handdukar, dyner etc.
Vi har tenkt å ha gardrobeskåp i yttergangen til sko og ytterklær.
Har sett litt på Ikea sine
PAX gardrober, og det er jo kjempepraktisk mtp at ein kan velge innholdet sjøl. Men har også tenkt på å tegne eit skåp sjøl og få det laga, nåke ala Anette sin lure løysing
her. Vil nok ikkje ha den nøyaktig slik sidan eg ikkje har behov for so mykje hengeplass, men tegne den med fleire og kanskje litt breiare hyller og ein liten hengeplass til store dukar(?)
Kanskje du har litt erfaring eller idear å komme med for å gjere det praktisk muleg her?