Viser innlegg med etiketten Bryllupskake. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllupskake. Vis alle innlegg

fredag 9. august 2013

Bryllupskake med røde roser

I morgon skal eit vennepar gifte seg, og eg har vert so heldig å få lov til å lage bryllupskaka. Det er noke heilt spesielt å lage kaker til ein so viktig dag for andre, og eg håper kaka vil svare til forventningane deiras.

Her er eit lite bildedryss av kaka: 



 3 etages hjertekake, der den minste er ei sjokoladekake, i midten bringebærkake og nederst jordbærkake. Alle tre kakene er dekka med ekstra kvit marsipan, og pynta med røde roser, små sommerfugler og eit lite melisdryss.


                                                    Litt nærbilder av pynten:
                                                       Rosene er handlaga

Gleder meg til å feire den store dagen deiras i morgon, og ønsker dei lykke til med ekteskapet 

                                                                        Jeanett

tirsdag 16. juli 2013

Bryllupskake

På søndag 14.juli var det 1 år sidan eg og mannen min gifta oss. Det var ein fantastisk dag som vi har masse gode minner fra. Dagen før bryllupet sto eg på kjøkkenet og lagde bryllupskaka vår. At det gjekk bra i alt stresset er eg fortsatt litt overaska over, men kaka blei akkuratt slik som vi ønska at den skulle vere.





Den nederste delen var ei sjokoladekake, den mellomste ei marsipankake med jordbær og vanilje, og den minste kaka var ei marsipankake med bringebær og vanilje. All pynten har eg laga sjølv, untatt bildet i sukkerpapir

                                                                   Jeanett