Viser innlegg med etiketten spellbinders. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spellbinders. Vis alle innlegg

søndag 3. desember 2017

Enkle julekort

Når ein berre har eit fint motiv,
nydelige mønsterark og litt pynt,
og er ein smule opplagt
-går det fort an å lage enkle julekort.
Her ↓ har eg funne motivet på Pinterest
fått det framkalla på Eurofoto, i matt papir.
Mønsterark og granbar-dies frå Papirdesign.
Julestjerne frå Spellbinders.
Doily frå Cheery Lynn.
Tekst har eg ordna på pc.

Inni hadde eg matchande mønsterark
og eit julestempel frå Kort & Godt
+ skrivefelt.
Kommenter, å bli med i trekning om fin premie

Ønsker deg ein fin 3. desemberkveld :)
og hugs å slukk alle adventslys før du går til sengs.
 ♥
 ♥

søndag 12. november 2017

Dåpskort til Erle

Fluffy hanging in there av Wee stamps.
Det er ferdig fargelagt motiv 
som eg har kjøpt frå the hobby house.
Mønsterark er Kort & Godt.
Me like roosa ♥
Magebelte til pengegåve,
skrivefelt i samme ramme
som den på framsida.
Vesle jente har i alle fall godt sovehjarte,
for det var stilt i kyrkja og under samkome etterpå.

Deltek på følgande utfordring:

Utfordring november ~ Fargepalett
(Palett #21 med lysare rosa enn burgunder, minus sommerfugl ..)

søndag 16. april 2017

Dåpskort ♥

Stempel frå Lilli of the valley (LOTV) 
fargelagt med Promarkers.
 Mønsterarket er Maja Design
~ Vintage Romance ~
båe sider.
Ramma er ein Spellbinders-dies 
Heldigvis eitt dies-sett som matcha i storleik!
Har brukt den største i Small og Large.
Skrivefelt og pengelomme.
***
Mamma'n til Oliver er ei kjekke jente 
som eg vart kjent med
medan eg jobba på puben Onkel Willy.
Når ho i dag døypte son sin,
ville eg gje dei ei oppmerksomhet
i anledning dåpen ♥

torsdag 1. desember 2016

God jul frå Hjerteboden

Kjell Midthun nissen er og blir den finaste for meg ♥
 Her har eg printa ut bildet på Eurofoto (matt)
limt på kraft-kartong.
Mønsterarka er Maja Design
&
~ made by me.
Julestjerna er ein dies frå Spellbinders


Nye inspirasjonsbidrag finn du her,
medan november og desember-utfordringa kan sporast hit ♥

So vonar eg at du får ei fin førjulstid. 
Ta det med ro på vegen. 
-Eg vil heller at du kjem for seint fram, enn at du ikkje kjem fram ..

Klem frå Frk. Bogstad

mandag 28. november 2016

Maja Design julekort

Maja design har fantastiske kolleksjonar
 I wish er ein av favorittane mine.
Julestjerna er ein spellbinders dies.
Juleklem eit Kort & Godt stempel

Eg deltek på følgande utfordring:
Scrap from your heart - #3 Jul/Christmas
kaBoks - #07 Jul i November
Kort o Mania # 163 - Alt er Lov
og
Papirdukkene - November

fredag 25. november 2016

Julekort ♥

Omsider var julekortproduksjonen i gong ☺
Godt at finst månge 
utfordringsbloggar å delta i.

Med dette kortet deltek eg på følgande:
Kreativ Scrapping # 11 JUL
Kort o Mania #163 Alt er Lov
Hobbygarasjen # 42 Bli inspirert av raudt
***
I år skal eg vere med på 2 julemesser.
Eg hadde egentleg gitt det opp,
pga dårleg salg
men det e no kjekt å sjå andre folk óg ;)

God adventshelg ♥

onsdag 21. september 2016

25 års bryllaupsdag

 Til min bror og svigerinne
Bling og liten blomst frå Storyteller 
 Dei nydelige mønsterarka er
Maja Design ~
Vintage romance
Har lagt til bilder av 
før, under og etter 
at rammene vart limt på inni.




 Baksida der eg skriv signaturen min :)

Takk for titten ♥

søndag 10. juli 2016

Inspirasjosbidrag for Papirlosjen

 # 8 Alt er lov
♥ ♥ ♥
Hr. sart Blå hund og Fru. sart Rosa katt
er skjært ut med Silhouette sd.
Ramma er ein spellbinders dies.
Arka er Maja Design 
*Vintage Romance 
~ Walk with me
Har nytta fram -og baksida ♥
Har brukt 3D puter for å få motivet opp-i-frå det blomstrete arket.

Eg er nuk litt sær i påkoming av motiv/bilder 
til mine bryllaupskort på bestilling.
Nokre gonger er det rosehjarte, 
andre eit flott normalt motiv eller slik som dette:
Noko man ikkje såg kome, liksom ;)

mandag 25. januar 2016

Dåpskort på bestilling

Til denne sjarmøren ♥
Arka er frå Maja Design
*Vinter Frost Basic
Skeia har eg kjøpt på eBay.
Båndet e farga med distress ink og mica powder
Ramma er frå Spellbinders
*decorative labels eight
Bling er frå Panduro

søndag 8. november 2015

Gavepose til niese

av Maja Design sin Vintage Frost Basics anno 2013
Måtte ut i det fri, for å få skikkeleg lys
Stempel frå Kort og godt
Doily er dies frå Cheery Lynn
Blonden har eg kjøpt på Stoff & Stil
Bakside med personleg stempel ♥

søndag 25. oktober 2015

Førdescrappen 23-25 oktober

Denne helga var det tid for den fyste Førdescrappen.
Nokre damer frå området tok ansvar og feia i hop treff.
Vi fekk kome med forslag til kurs, 
og enda opp med:
Mixed Media Layout
Mixed Media mini album
& silhouette kurs
med den fantastisk inspirerande Kirsten Hyde
og nybyrjar/vidarekomne Project Life med Linda Veberg Søgnen
Eg deltok på Mixed Media minialbum, 
der vi fekk prøve nokre teknikkar.
 Framsida skal målast kvit og sprayast.
Limt fast bling og måla svart og tørrmåla 
Spennande teknikk det her ;)
*
Og når dei hine var på andre kurs, 
lagde eg julekort.
Eg elskar denne dies'n frå Spellbinders

*
Ogso fekk vi ei utfordring 
Lag noko utav dette. Minst 5 forskjellige ting.
Ajaj tenkte eg ...
Men den som intet våger, osv ...
Ta-daa :) 
Motivet, sløyfe, dei blanke småtinga (2) og selen med ball.

Ein kjekk, kjekk laurdag ♥

tirsdag 11. august 2015

Bursdagskort til Marthe :)


 Motivet er ferdig fargelagd og er frå 
The hobby House ~Sylvia Zet~ 
Blomster frå Wild Orchid Crafts
 Sommarfuglar er dies frå Kort & Godt
+ ein charm
Ståande på min arbeidsbenk.

søndag 23. november 2014

Julekort ♥

.. med Tim Holtz stencil THS 028
og ei julestjerne frå spellbinders.
Twine e frå Live and love crafts
Halvperle frå Panduro og midten på stj. 
er My minds eye - golden dots.
Deltek på Trykkpressa november - Rød jul

Lyte prøve å lage fleire slike.
Sjølv om det va litt bal med den stencilen ..

Ønsje deg ein fine kveld :)

tirsdag 7. oktober 2014

Bursdagskort :)

Eg forset med papir frå same familien
og 
ferdig fargelagt motiv frå produsent
 Produktliste:
Mønsterark: Maja Design
Motiv: The Hobby House
Papirblomster: Wild Orchid Crafts
Knopper og halvperler: Storyteller
Charms og roser på rad: Live and Love crafts
Osteklut
Spellbinders: Romantic rectangles
Skrivefelt
Uhyre enkelt ;) 
Pakka det lett inn i bobleplast 
og einaste valg pga storleik: clear bag.
Off she went, to Voss :)

Deltek på følgande utfordring:
StorytellerNorge # 24 - Alt er tillatt

Elles har eg hatt ei kjekk helg i Ålesund og Kristiansund ☺
Va innom Moa og handla på Scrapomania
Ein veldig nett og kjekk butikk.
Og kjøpte med meg mykje fint heim
*takkar for kommentarar* men ønsjer meg fleire.
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 1. oktober 2014

Bursdagskort til mitt kjære eldste fadderbarn ♥

Jenta blir 22 år 2. oktober :)
Det e so rart, for eg e jo framleis berre 23 ;)
~ inni mitt hode ~
Eg e veldig inspirert av Ida Kristin
 Eg har ein tendens til å klæsje blomstane tett saman ...
Difor laut eg klippe av ein.
Skrivefelt inni
Litt knapt med tid som vanleg,
 so eg skreiv rett på den kvite delen ;)

Produktliste: 
Bazzill 
Mønsterark fra Maja Design
Papirblomster fra Wild Orchid Crafts
Knopper frå Storyteller
Halvperler fra Storyteller
Charms frå eBay/Kina
Osteklut
Stempel: Norsk Stempelblad AS 27B
Dies fra Spellbinders: Floral ovals

Deltek på følgande utfordring:
StorytellerNorge #24 - Alt er tillatt

Takk for at du tok turen innom
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 24. august 2014

Bursdagskort - Birthday card

Fann ei fin skisse inne på Mojo Monday
Her e mitt bidrag
Gjekk litt amok med den blad punchen gitt ..
Went a bit crazy with the leaf punch .. 
Kan sei at eg har følgt skissa vél bokstavelig ..
I have followed the sketch to the letter ..
 Mønsterarka er frå Kort & Godt
*Hurra* er klipt or eit ark frå Pion Design
Dies frå spellbinders.

Deltek på denne utfordringa
Participating on this challenge
Mojo Monday 359  - sketch challenge

I wish you a nice -last week of August ♥

Klem frå frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥