Viser innlegg med etiketten sjølvsnikra kort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjølvsnikra kort. Vis alle innlegg

mandag 16. februar 2015

Ein tag som krympa til eit kort ..

Har laga ein tag til ein eg er glad i.
Og sjølv om det heiter:
Vegen blir til, mens du går deg vill. 
- vart ikkje dette nett slik eg hadde sett det for meg ..
Etter nokre hendingar undervegs, 
som eg var misfornøgde med
- klipte eg av det eg ikkje likte
og enda opp med eit kort på 8 x 9,5 c,m
Slik såg det ut etter 2 lag gesso,
hjerte stencil frå Memory Box
og stencil frå silhouetteAmerica
So hadde eg eit uhell med mowed lawn spray til Tim Holtz
vart litt for grønt nederst på tag'n gitt..
Og eine hjarte oppe til venstre blødde utover ..
 So då vart det klippt ned til stutt storleik.
Mottakar har -som eg veit då-
aldri fått eit slikt heimelaga kort før.
Han vart glad og særs nøgd med tannhjula
(som e kjøpt via eBay)
Kunne sjølvsagt hatt nokre ord som sa kva eg føler, 
men han sa at det forstod han på hjartet ;)

Mixed media e kjempekjekt
~ sjølv når det ikkje går som ein hadde sett for seg ;)

Håpar du får ein fin dag, god veke :)

fredag 10. januar 2014

Bursdagsgut

.. i familien.
Kasper Olai 3 år :)
Eg e fadder, difor "kjedeleg" pengegåve.
dvs eg fekk bytte 200-lappen med han, 
mot 20'ara, 10'ara og nokre 5'ara
som han kunne smette på sparegrisen frå kongleriket :)
mønsterpapir frå My mind's eye - trés jolie-
craft papir
 Har brukt bobleplast, klæsja på med måling og trykt ned på akvarellpapir. 
Ogso stansa ut med stjerne-dies
 Hurra for deg frå Norsk Stempelblad
har eg embossa med clear stempelpute og pulver.
Pengelomme og skrivefelt
Deltek på / perticipate in
Make it Monday - Anything goes
Hobby Cutz challenges - Anything goes
Crafty Hands - Anything goes
Challenges 4 everybody - challenge #37 Anything goes
Brown Sugar Challenge - challenge #76 Use chalk
(there is used chalk around the edges)
***
I hope I understood everybody's rules ;)
Have a great weekend
Frk. Bogstad


tirsdag 31. desember 2013

Julekort som kom fram til jul ;)

Pion design ark frå i fjor.
Dei e so varme og lune.
Ferdig fargelagd motiv -Anabelle-
 Min elskelige nisse, av Kjell Midthun
 Little elf Pipa
Bildmälarna 
 Denne bretteteknikken såg eg hjå Karis krok og laut prøve sjølv.
Resultatet vart eit julekort med desse nydelige to 
-til ei venninde som betyr noko heilt spesielt føre meg.
Og JA eg har fargelagd dei sjølv :D
Julekort med Maja design arka ~ vintage frost ~, which I ♥
 Her nokre gåvekort eg lagde på bestilling


So då var vel det meste frå 2013 lagt ut for sjåing.
Ynsje DEG ein fine kveld, so  *snakkast* me på nyåret.
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 28. august 2012

Freia Melkesjokolade eske/omslag

Ei sjokoladeøsje frå Freia, med omslag
i lilla-tonar :)

 Roser frå Wild Orchid Crafts,
sommarfugl frå Silhouette sd,
dies frå Spellbinders og x-cut.
Ark frå Maja Design.

Nærbilde av rosene
med og utan blitz 


 Mitt personlege stempel.

Takk for kjekke kommentarar långsmed:)
Ha ein god kveld.

Klem frå frk. Bogstad

torsdag 26. april 2012

Til Konfirmanten


Til konfirmanten Asbjørn
-son av broren i midten-

 Han likar data, bilar og våpen (han likar å skyte på blink, inkje anna ..)
So då fall det mest naturleg (for meg)  å ha ein bil på framsida.
 Papiret e Papirdesign sitt Til Konfirmanten.
+ litt av Panduro sin konf. kolleksjon

 Word art fra Line's.
*note to self: lag pengelommen litt større (romsligare) på neste kort*

Tag med helsing på.

Kortet er sjølvlaga av 2 stk 30x30 ark
Det kom dettandes ned i hauda at sånn sku det vere ;)
Eg skal ein dag ta det steg-for-steg.

 Personleg stempel på Nellie Snellen dies.
Close up -med ein bråte blitz!

Ha ein flotte ettermiddag/kveld ☺
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥