Viser innlegg med etiketten knapp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten knapp. Vis alle innlegg

søndag 19. juni 2016

Maritim tag for Papirlosjen

Når eg brukar sprayane mine (dylusions),
lagar eg gjerne fleire tag's enn kva eg gjer ferdig der og då.
Desse har eg i nett høveleg avstand frå arbeidspulten min. 
***
I dag strakte eg meg bort og fanga ein som stod med ryggen til, 
og gjett om eg vart glad når eg snudde den.
Den var spraya i blågrønt, nett passeleg til motivet 
eg hadde funne til denne utfordringa ♥
Eller Inspirasjonsbidraget for Papirlosjen 
Alt eg trong gjere for å få tag'n slik eg ville,
var å bruke ein stencil og
Distress ink - Mermaid lagoon.
Motivet er frå Wee stamps og er 
ferdig fargelagt frå produsent.
Veeldig sytalaust på denne årstid ;)
 Sløyfa på toppen er seam binding 
farga med distress ink.
Hjarta frå Wycinanka med
glitter frå Wink of Stella
Blomstrane frå 
Wild orchid carfts,
Storyteller
og ein pose med restar ;) 

So håpar eg du fekk litt inspirasjon og vil vere med.

torsdag 10. mars 2016

Pynta hul bok

.. frå Søstrene Grene.
Skulle gjerne hatt 10 stk til, 
men dei hadde ikkje desse i Sogndal.
Kan hende eg lyt setje ut etterlysning ;)
Star dust -stickles på blomane
 Osteklut under alt for litt fylde.
 Sommarfuglane e heimefarga med Dylusions
 og stansa ut med punch.
 Namnet er skjært ut frå Silhouette sd 
4 stk limt i hop + at der er 3d puter under.
Bokstavane er frå Panduro hobby
Blomster er frå Wild Orchid og Storyteller 
 Lagde ein lomme til å ha bursdagshelsinga i.
Kort & Godt stempel
 Inni
Eit lita stripe som seier at det er
 Frk. Bogstad som har pynta denne
 ♥

Deltek på Scrappelyst si utfordring Stoff eller tråd
Eg har brukt osteklut og blonde

Ha ein fin dag / kveld  ♥

søndag 7. februar 2016

Mitt hjerte er ditt ..

.. ditt hjerte er mitt. 
Ein ATC på tampen av dagen.
Skulle jo ha levert den inn tidlegare i dag
til Papirlosjen si pågåande utfordring,
men tida flaug og eg gløymde di...
Men no er det i boks.

Deltek på ArJo's Tag og ATC kos 
kjærlighet -med meir.
Står i linken kva som skal til ;)

lørdag 7. november 2015

Farsdag og bursdag samme veka

Paps fyller 86 år komandes fredag.
Og sidan det er farsdag i morgon, 
har eg valgt å slå i hop presangen.
Han var ikkje begeistra for kortet i fjor
(som eg vistnuk ikkje har tatt bilde av helde)
for det var ein gammal tannlaus mann på
og eg trur han vart fornærma. 
Raring ..
Difor lyt han nøye seg med ei samansleja oppmuntring. 
Han får blomster óg altso ;)

Pappa likar sjokolade.
Eg har pakka den inn i papir/tapet
med pynt på :)
After Eight med omslag.
 Front, med knappelås
Tapét frå ei av dei maaange bøkene eg har fått i hende.
Blå bling frå Panduro.
Swirl er nydeleg grøn tapét ♥
Nov 2015 er bokstavar frå Panduro

tirsdag 6. mai 2014

Hurra for Anders :)

.. som fylte 8 år 5.mai :)
Eg prøver å ikkje lage kort år etter år
til grandtantebarna mine,
for det vert gjerne litt mykje av det.
No er dei 4 born der, so det blir nok litt fullt.
So i år vart det eit slags *henge-på-vegge-bilde* 
Gratulerer med dagen-arket og stjernene,
 er frå Papirdesign og heiter Forventning.
Det grøne arket frå Papermania heiter Chronology,
det har eg embossa litt på kantane.
Bildet er ca 14 x 18 cm
Der var ei sterkt skinande lampe rett ovanfor meg, 
difor ser det grøne litt grellt ut.

(Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg entrar denne gruppa, men ..)
Eg deltek på denne utfordringa:
outlawz challenges - All about family

Takk for besøket :)
Legg gjerne att ein kommentar, so kjem eg innom deg óg :)
Ynskjer deg ein flotte dag, ute eller inne
Klem frå Frk. Bogstad.

onsdag 20. november 2013

Snerten berte

-kort/toffifee øsje, til ein ungkar på jobben som fyllte år :)
Følte litt på om eg tórde å gje får meg eit slikt kort, men
mottakar vart nøgd og tykkje eg e flinke ;)
***
 ***
Mønterark frå Maja Design
Ska vi ta en fika?
Marzipanbakelse 
 Spellbinders ~sprightly sprockets~
 Heimebretta rosett. Har brukt ein MS punch kring kantane.
 Ord skrevne på pc
Kenny K si Mae Western.
Tusja med promarkers
hud: Blush
hår: Sandstone 
det lilla: Lavender og Orchid 
hansker og våpen: Grey 1 & 2
 Personleg stempel
Kortet på avstand :)
Ønsje deg ein god kveld
Takk for støttekommentarar på forrige innlegg
Eg e ikkje overbevist, men litt rolegare ;)

I hope my foreign readers understand my Norwegian, 
in google translate ;)
I participate on these challenges:
Deltek på desse utfordringane:
Little Red Wagon
*my accordion fold, is the flower with a button on.
Deep ocean challenge blog
Challenge # 65
*Green and Purple.

Helsing Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥