Viser innlegg med etiketten freia melkehjerter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten freia melkehjerter. Vis alle innlegg

mandag 4. februar 2013

Tenkjer på deg

So var eg i mål med oppgåve nr 2 til 
Anonyme Scrappere sitt timeglas.

Hovudoppgåva e:  
 Glitter og maling, og minst 10 diamanter/perler

Del 2 sitt kriterie e:
Matching
"en stor og en liten"
(det må være synlig at det er ett sett)
*******
Her ein dag fekk eg vete at ei
eg arbeider med i julesesongen,
nett har operert bort eit bryst.
Dette kom som eit sjokk på meg.

Eg føle for å vise ho at eg tenkjer på ho. 

 Eit omslag til melkehjarteøsje og eit matchande kort.
Ringde Ira for teksthjelp 
(for somme tider anar eg ikkje kva som er høveleg tekst)
og ho nemde at eg kunne ha på ei
rosa sløyfe.
God idé :) Tusen takk Ira ♥
Det vart sølvkvitt band med rosa bling på.
*Tenker på deg* er rub-on frå Norsk Stempelblad as
 Martha Stewart kantpunch
Eg har 10 bling/perler på liten & stor,
men her har den eine diverre snekje seg under den store kvite blomsten.
Må man ta nytt bilde, eller stole de nuk på meg?
 Som de ser, har eg brukt eit ark med glitter på
og
klæsja på maling/gesso her & der.
For å halde øsja att, har eg brukt 
Hook & Loop frå glue dots international.
 Roser frå Wild Orchid Craft
bling frå panduro 
Tekst-stempel frå Norsk Stempelblad as
Eg e godt nøgd i dag óg eg
Ha ein god kveld
Klem frå Frk. Bogstad.

tirsdag 28. august 2012

Freia Melkesjokolade eske/omslag

Ei sjokoladeøsje frå Freia, med omslag
i lilla-tonar :)

 Roser frå Wild Orchid Crafts,
sommarfugl frå Silhouette sd,
dies frå Spellbinders og x-cut.
Ark frå Maja Design.

Nærbilde av rosene
med og utan blitz 


 Mitt personlege stempel.

Takk for kjekke kommentarar långsmed:)
Ha ein god kveld.

Klem frå frk. Bogstad

søndag 13. november 2011

Farsdag og 82 år :)

I dag er far min 82 år :)
Og sidan det óg e farsdag, han elskar sjokolade
og eg likar å lage omslag på Melkehjerter,
fekk han ei sånn:

 Med tag til helsing.
*Enkelt og greit*
Og eigen vri på stempelet ;)

    

Ynskje dokke alle ein flott sundag.
Kos dokke med mannjane dykkar ♥

Klem, Audhild.

onsdag 9. november 2011

Freia melkehjerter omslag

Eg har hatt ei Freia melkehjerter
liggande i ei skuffe over lengre tid.
Dvs der va 3, no va der ei att ;)
Eg har prøvd ein gong tidlegare - då med å måle øsja med gekko,
men det va so vanskeleg å pynte..
Det gule skein igjennom ..
So no kom eg brått på at eg ville lage eit omslag.

So her e resultatet:

 Teksten har eg skreve av eit stempel.
- bortsett frå at på stempelet sto det lite kort,
ikkje sjokoladekort -
Eg likar best at ting står på nynorsk,
men her va det umulegt å "oversette" ;)

Men på neste omslag ska det stå på siste linja:
*hele esken er til deg*
Det passar litt beire ; )

Arka eg har brukt e frå Papercrafts
-capsule boysenberry-

made for an angel

 Sommarfuglane e punch frå MS

Fint ja? Eg e jaffal kjempenøgd : D

Ha ein flotte kveld♥

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥