Viser innlegg med etiketten bryllaup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bryllaup. Vis alle innlegg

fredag 31. august 2018

Bryllaupskort ♥

Lenge sidan sist, men eg trong pausen
Denne sommaren har eg laga bryllaupskort i fleng
Dette vart ferdig sist og nettopp levert.
 Dette ↓var óg ein variant, 
med anker fordi båe var skippera .
Dei fleste innsidene har sett slik ut,
med pengelomme under skrivefelt. 
 Deltek med fyste bildet på Papirlosjen si juli/august utfordring

Måtte de alle få ein fine september og haust ♥

søndag 25. juni 2017

JUNI kort-kit

frå Scrapomania osar av kjærleik
1 stk bazzill vanilla 
1 stk bazzill diamond bling
1 stk bazzill mørk gammelrosa
1 stk mønsterark Maja Design Vintage Romance ephemra
12 forskjellige treverk mønsterark
i rosa og beige.
Pynten ser de tydeleg: 2 ulike bånd, ein sølvtråd, nokre blomster, 
bling, dot's, eit par ringar, doily og ein wycinanka bord.

Som DT i Papirlosjen vert vi sponsa med kit
og det går på omgong.

Av JUNI kortkit har eg til no laga:
Staffelikort / easlecard
Blå basekartong, setninger og kremfarga halvperler er frå eige lager.
Blomsten er dies frå diamond bling arket ↑
Her kan eg lime på 
Til brudeparet / Kjære brudepar, 
alt etter eige ønske til dei rette vedkomande.
 Utanom kit: hjerter og halvperler. ↑
Enkelt og greit.
Kan brukes som feiring av til dømes 25 års bryllauspsdag .
Halvperler utanom.
Forever and always finn du her.
Blå rose, halvperler og blad frå eige arsenal


DT for Papirlosjen Frk. Bogstad



Elles var eg kyrkjetenar under ein kort og grei seremoni 24.06

Størst av alt er kjærleiken ♥

søndag 7. august 2016

Bryllaupskort

på bestilling ♥
Fekk i hende bildet og at dei likar friluftsliv ...
Vel, ... godt eg har mykje charms og ark å velge i då ;)
Papirdesign sitt mønsterark: Låvevegg
Blomster frå Wild Orchid Crafts, storyteller m.fl
Charms frå live and love crafts
Neverhjarte frå Nille
Osteklut frå Singer, 
kjøpt på den lokale hobbybutikken her.
Innsida ↑
Doily'en er ein CheeryLynn dies
Alle rundingar er ein dies frå 
Lil' inker designs
kjøpt hjå Hjerteboden 

Deltek på følgande utfordringar:
Nordsalten Hobbyklubb # 143 - Love is in the air
Hobbygarasjen - bruk dies
Kort O' Mania # 157 - Alt er lov
Papirplaneten # 8 - Sommer
Card and Scrap # 122 - Alt er lov
Live & Love crafts # 50 - Happy Birthday / Anniversary!
and a wedding is the start of an anniversary ;)

Då får du ha ein flott AUGUST-månad ♥


søndag 10. juli 2016

Inspirasjosbidrag for Papirlosjen

 # 8 Alt er lov
♥ ♥ ♥
Hr. sart Blå hund og Fru. sart Rosa katt
er skjært ut med Silhouette sd.
Ramma er ein spellbinders dies.
Arka er Maja Design 
*Vintage Romance 
~ Walk with me
Har nytta fram -og baksida ♥
Har brukt 3D puter for å få motivet opp-i-frå det blomstrete arket.

Eg er nuk litt sær i påkoming av motiv/bilder 
til mine bryllaupskort på bestilling.
Nokre gonger er det rosehjarte, 
andre eit flott normalt motiv eller slik som dette:
Noko man ikkje såg kome, liksom ;)

torsdag 19. mai 2016

Kort kit frå Scrapomania

På slutten av forrige månad 
fekk eg i hende eit kit frå Scrapomania.
***
No i det siste har det gått KUN i konfirmansjonskort,
gjere klart til konfirmasjon i kyrkja, 
+ talen min til dei håpefulle ♥
so eg har fatisk ikkje hatt anledning 
til å tenke på eller kretse rundt anna.

Men torsdag 19 va min tur til å ha 
inspirasjonsbidrag i Papirlosjen.
So då vart det 2 floger i ein smekk då.
Ein tag til brudeparet 
med ferdig fargelagt motiv 
 Sarte, vene fargar med glitter på.
 Eg likar ikkje so godt ordet kjærlighet,
KJÆRLEIK er mykje beire ♥
Men eg brukar no det eg får utdelt ... ;) 

torsdag 5. mai 2016

Fargelagt med Distress ink

Ny utfordring hjå Papirlosjen

 Denne månaden e det 
♥      BRYLLAUP      ♥
som er tema

Mitt bidrag kom nett i siste liten, 
fordi eg e ein slaur.
Hehe, nei det e mest fordi det e VÅR 
og mykje å vedlikehalde ute.
Uansett, mitt bidrag:
Distress ink:
Festive berries & Worn lipstick 
til dei små hjarta og blomane
Mowed lawn til blada og swirlane
Tattered rose til hjarte
Hickory smoke til banneret
Halvperler i midten på blomane
3Dputer for å løfte motivet

Eg e i grunn ganske nøgd ;)

Ønsje deg ein flott Kristi Himmelfart ♥

I am participating here:
All Dressed Up ~ Challenge 54 - anything goes

torsdag 1. august 2013

Bryllaupskort på bestilling

Fekk bestilling på eit bryllaupskort
til helga.
Og sjølv om eg i grunn hadde tenkt å gjer 
anna, desse dagane mellom ferieturar,
svarte eg JA.
***
Opplysningar om paret;
Friluftsfolk, har hund og liker Liverpool FC
EG likar fargar ;)
So då vart det L fc fargane i ein ny vri.
 ~ You'll never walk alone ~
skreve på pc med ny font; seven Swordsmen 
Charms frå making memories 
Roser og perlestrå frå woc 
Tørr-embossa 
Dies: fleur de lis squaresdies, 
Dikt som eg ser er gjengongar på mange kort.
 Skrivefelt
Og mitt personlige stempel.
***
Håpe DU får ein fine dag.
Eg ska til Kalvåg Kystfestival :)
Klem frå Frk. Bogstad

Eg e ikkje ein i huga fotballfan, MEN eg likar songjen ♥ 

mandag 1. juli 2013

Bryllaupskort

I den travle sommartid har eg lite 
konsentrasjon til overs
for kortlaging.
Sjølv om eg sit kveldane å putlar litt :)
Men eg klarte i *siste sekund* å lirke or meg
bryllaupskort til dei to para som gifte seg 29 juni.
 Mønsterpapir er frå
Kort & Godt 
Fryd (beige)
♥borda er frå martha stewart
blomster og perlestrå
frå wild orchid crafts 
Bilda e frå eit ark eg har kjøpt på den 
lokale hobbybutikken, Ronny Rør ;)
Fann eit dikt
som eg har skreve om til nynorsk
Eg likar det best sånn ;)
 swirl frå Magnolia
Personleg stempel må vere med c ;)

Takk for fine kommentarar på forrige inlegg.
I LOVE IT
God kveld i stuggu frå
Frk. Bogstad

mandag 3. juni 2013

Bryllaupskort med LOTV motiv

Koffor ska det ta so lång tid å lage noko so enkelt...?
Motivet e ferdig fargelagt frå Lili Of The Valley, men buskhjarte va kvitt.
Og busker er ikkje kvite, so eg farga den grøn.
Mønsterarket passa til det grå i bildet. 
Og raud e farge nr 1 til Løøøøve' ;)
 Uklårt bildet, fordi eg sku skunde meg ..
***
inni kortet-bilda må eg vente med,
for dropbox'n min vil ikkje oppdatere seg 
****
Pengelommen vart provisorisk her óg ...
Med dikt som eg tykte høvde desse to ♥

Gratulere med overstått dag; Lene og Martin Inge.

Elles er ikkje dette tida for meg å vere inne å kreere. 
Eg likar meg best ute i lag med plenklipparen min :)

Hej då :)

fredag 28. desember 2012

Bryllaupskort ♥

Viste korleis eg ville ha det, 
men fór likevel på nettjakt.
og vart heilt matt av å sjå på bildet av kortet hennar.

Såh, her e min versjon:
til 
Anders & Mari 
blomster frå woc
silh. har skj. ut 
hjerta og sommarfuglane 
med pengelomme 


tekst skreven på pc i word
 med blitz (og limtrådar)
utan blitz
Legg til kortet på utfordringa til 
Kort o Mania
Dette er tolmod -og tidkrevjande,
men eg likar det ♥

Ha ei flott kreativ helg
Klem frå Frk. Bogstad

lørdag 7. juli 2012

Bryllaupskort

Eit kort til eit par som gifte seg i dag
♥ 07.07.2012 ♥

Hjarte er frå Stempelglede sin Grunge Flourish Hearts
Med raud ink, blankt embossingpulver og ta-daa :)
Dies'n er S4-345
*Picot Edge Sircles*

Diktet er av Ingvar Mo.
Det kan hende eg har kutta ut nokre komma .......
Eg synst det passa best slik.
Embossa swirl inni kortet.
Enkelt og greit :)

God helg-klem frå Frk. Bogstad

torsdag 14. juni 2012

Bryllaupskort

Omsider ferdig med bestillings-bryllaupskortet:

 Hjartet er embossa med gullpudder på matt fotopapir.
Roser frå WOC,
tekst frå pc.
300 grams gull fotokartong.
Kvite halvperler.

Swirl  frå Stempelgleder sin *Grunge Flourish Hearts*
embossa med gullpudder den óg.
Diktet fann eg på Sakkalo sin blogg :)

 Hugsar ikkje kva papiret heiter, men kanskje det kjem frå Panduro?
Det var jaffal midt i blinken.

Elles har eg raka mest i heile dag!!
(frå 8.30 til 14)
Og kan legge meg med godt samvit

Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥