Viser innlegg med etiketten bladpunch 35 mm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bladpunch 35 mm. Vis alle innlegg

onsdag 1. mars 2017

Tidlig påske

hjå Hjerteboden i år ♥

Eg har laga eit kort med 
plass til ein kvikk lunsj
Friske, herlige fargar.

Mønsterarket er  
Homemade lemoncurd,
ark frå Maja Design.

fredag 20. februar 2015

Tag til grandniese

Når man har meir å rutte med innan utstyr og idear, 
enn pengar
-får jebbusbarn heimelaga tag i 1 års gåve ;)
Enkelt og greitt ☺
Kanskje litt for enkelt, men pytt pytt.
Har brukt dirtress ink: spun sugar og picked raspberry
*Gratulerer* er heimelaga stensil
Blomster frå woc
Svart tusj er promarker

GOD HELG :)

søndag 24. august 2014

Bursdagskort - Birthday card

Fann ei fin skisse inne på Mojo Monday
Her e mitt bidrag
Gjekk litt amok med den blad punchen gitt ..
Went a bit crazy with the leaf punch .. 
Kan sei at eg har følgt skissa vél bokstavelig ..
I have followed the sketch to the letter ..
 Mønsterarka er frå Kort & Godt
*Hurra* er klipt or eit ark frå Pion Design
Dies frå spellbinders.

Deltek på denne utfordringa
Participating on this challenge
Mojo Monday 359  - sketch challenge

I wish you a nice -last week of August ♥

Klem frå frk. Bogstad

fredag 13. desember 2013

Damekort

 .. bestilt ein gong i november ;)
Viste korleis eg ville ha dette,
for eg kjenner dama som skal få det.

Tekst skrevet ut på pc
Blomster frå WOC
Diamond background frå Memory box
Bildet frå nettet
Ynsje deg ei GOD HELG :)
Frå frk. Bogstad

torsdag 5. desember 2013

Damekort

..som eg fekk bestilling på for ei stund sidan.
Det e litt snodigt, men eg klare ikkje lage kort i goood tid frammaføre ...
Mønsterark frå Maja Design 
~ Chaite ~
Doily e frå silh.
Blomster frå woc
Bildet frå nett. Fann det i samlinga mi ;)
Har sverta sidene med dark rust.
Bord e ein MS punch.
Ingen 3d effekt denne gong
 "roter mot venstre"
E fancy når innsida tar opp fargar frå framsida :)

Om bilda e litt uklåre,
er det fordi dei e tekne med mobil.
Batteriet på kameraet va tomt ...

Ynsje deg ein god dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 3. oktober 2013

Maritime gutar og nokre søte jenter

Fridagane mine e sjeldne,
so dei e veldig kjærkomne. 
Då e det kjekt at eg kan bruke dei i lag med 
Inger Karin, for ho deler mi intr. for kortlaging  :)
***
Tida går altfor fort når man sit slik å
pratar, klipp & lime 
og kjiker over bordet for å sjå kva den andre lagar
5 timar flaug!!

Dagens fangst:
 

litt vél enkelt dette då, men kanskje der kjem ei stjerne el 2 seinare ..
The Hobby House sine
ferdig fargelagde motiv
~ sailor crew ~

og desse to korta frå 
~ sweet blossom ~


Måtte du ha ein fine dag vidare.
Klem frå Frk. Bogstad


torsdag 7. februar 2013

Rosa

Tid for del 3 i Anonyme Scrappere
sitt timeglas.

Denne gong var tileggsoppgåva:
ROSA som hovudfarge + max. 3 valgfrie fargar

Eg har tenkt i 2 dagar.
Dette er det eg klarte å lire or meg i kveld:
Rosa + kvit, brun og grønt :)
Har måla bølgepapp kvit
Glitter på blomster og pappen + pebbelsen.
13 perler på det rosa bandet.
 100 % søt skreve ut på pc
Bildet frå nett
Swirl frå Magnolia
 Roser frå WOC
Føtter charms 
Pebbels
utan blitz og før eg tok på charms
 ***
Ha ein triveleg kveld :)
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 4. februar 2013

Tenkjer på deg

So var eg i mål med oppgåve nr 2 til 
Anonyme Scrappere sitt timeglas.

Hovudoppgåva e:  
 Glitter og maling, og minst 10 diamanter/perler

Del 2 sitt kriterie e:
Matching
"en stor og en liten"
(det må være synlig at det er ett sett)
*******
Her ein dag fekk eg vete at ei
eg arbeider med i julesesongen,
nett har operert bort eit bryst.
Dette kom som eit sjokk på meg.

Eg føle for å vise ho at eg tenkjer på ho. 

 Eit omslag til melkehjarteøsje og eit matchande kort.
Ringde Ira for teksthjelp 
(for somme tider anar eg ikkje kva som er høveleg tekst)
og ho nemde at eg kunne ha på ei
rosa sløyfe.
God idé :) Tusen takk Ira ♥
Det vart sølvkvitt band med rosa bling på.
*Tenker på deg* er rub-on frå Norsk Stempelblad as
 Martha Stewart kantpunch
Eg har 10 bling/perler på liten & stor,
men her har den eine diverre snekje seg under den store kvite blomsten.
Må man ta nytt bilde, eller stole de nuk på meg?
 Som de ser, har eg brukt eit ark med glitter på
og
klæsja på maling/gesso her & der.
For å halde øsja att, har eg brukt 
Hook & Loop frå glue dots international.
 Roser frå Wild Orchid Craft
bling frå panduro 
Tekst-stempel frå Norsk Stempelblad as
Eg e godt nøgd i dag óg eg
Ha ein god kveld
Klem frå Frk. Bogstad.

fredag 9. november 2012

Mi eldste niese har nett fylt 35 år

.. og då må man lage skikkeleg kort.
Sidan ho óg er ei kreativ sjel ;)

Det vart Hopeful frå Hobby House
dei ferdig fargelagde som eg er so gla i :)

 Det vil ta mange timar før eg klare å fargelegge so bra.
Heimesnurra blomster.
Det blå bak bildet er frå ei 
dongeribukse eg har vokse or ;)
Blonden har bada i kaffi.
swirl frå Magnolia 
 pebbels kjøpt frå Heidis Hobbystuggu
(som diverre er lukket & låst)
 Hopeful

skrivefelt på *halv 8*

Kan nett hive den med på ei utfordring.
Kjekt med litt spenning i kvardagen ;)

Papiravisen har denne mnd:
Utfordring  # 17 med tema: Anything goes

Ha ein fine dag og
GOD HELG
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 4. oktober 2012

Anonyme timeglas del 2. Veskekort

So var det tid for anonyme timeglas del 2

Tema:

Anonyme Timeglass Høst 2012 er


IKKE KVADRATISK eller REKTANGULÆRT


- du kan videre velge selv om du lager kort/LO/kreasjoner

Selve oppgaven er følgende:

Del 2: Fri Oppgave

Lag det du vil

Og når det lyde so, lagar man noko man kan;
nemleg veskekort :)
Min variant av veskekort altso ..

Mitt fadderbarn, Eline 
fylte 20 år her hin dagen.
Ho er glad i sko, vesker, pynt og stæsj.

Her e mitt bidrag til anonyme scrappere sitt timeglas del 2:


Mønsterark frå Maja Design.
Veska har Silhouette sd kutta for meg.

 Charms frå Storyteller


 Har embossa Hurra for deg! 
med stempelpute Pink Pastell 
og
embossingpulver Clear.
Ogso har eg
tørrembossa sommarfuglen.
Fekk det ikkje heilt som eg ville, men pytt altso.
Ogso ser eg at eg gløymde å lime på 20-talet eg hadde rulla ut ..
*akk*


Roser frå WOC
The roses are from Wild Orchid Craft's
and I'm attending their challenge - anything goes - week 60

So dett var dett ;)
No e det berre å vente på morgondagens oppgåve :)
Ha ein god kveld.
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 13. mai 2012

Til konfirmanten

Eit kort i aller siste sekund!!
Deltek på nordsalten hobbyklubb si
 Utfordring #53 - FLOWER POWER
 Veskekort til konfirmanten
Mønsterark frå Maja Design ~Crea Diem~
Blomster frå Wild Orchid Crafts

mandag 7. mai 2012

Til Konfirmanten

Konfirmasjonskort til jente.
Ja, no nærmar det seg konfirmasjon i Breim kyrkje og andre stader kringom.
Dette kortet sende eg i dag til ei dame, som skal gje det vidare til eit barnebarn.
Eg e veldig nøgd med desse veskene
Har som nemmt før *laga dei sjølv* , etter design på Silhouette Studios.

Mønsterarket er Maja Design  ~ crea diem ~ 
 Blomster frå Wild Orchid Crafts
Sommarfuglar utskjært av Silhouette.
Tekst frå pc.
Charms frå .... hmmmm?
Der står jaffal *made with love*

Personleg stempel var der óg, men bilde; Nope.

Hej då :)

mandag 27. februar 2012

Veske-kort

Endå ein ide i haude, som har blitt reell ♥
Eg e SUPERnøgd med denne altso ;)
Utg.pkt er eit design kjøpt i Silhouette online store.
So har eg "miksa og triksa" det til,
slik at eg fekk eit kort, forma som ei veske.
Etterkvart som eg har roa meg ned, skal eg legge ut ein mal ;)

Bandet e for å halde kortet att.

 Mitt personlege stempel

 Roser frå bl.a WOC
Sommarfuglar er Silhouette sd
Arket e Maja Design ~ crea diem ~
Tekst er frå pc.

Skulle kanskje hatt på nokre halvperler,
 men det får bli seinare.

Ha ein flotte måndagskveld ♥
Klem, Frk. Bogstad



Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥