Viser innlegg med etiketten memory box. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten memory box. Vis alle innlegg

tirsdag 1. september 2015

12 tags of 2015 august

Alltid i siste liten.
Her er mitt bidrag til 12 tags of 2015 august
Ittno' hokuspokus denne gong helde...
♣♦♠
Tag fargelagd med 
Reeves -water soluble wax pastels- 
og vatn. Fønkar flott :)
Brukte ein av mine nyare dies:
Distressed windham collage.
I♥ it :)
Stempel frå Prima / Finnabair
og swirl frå Panduro

mandag 16. februar 2015

Ein tag som krympa til eit kort ..

Har laga ein tag til ein eg er glad i.
Og sjølv om det heiter:
Vegen blir til, mens du går deg vill. 
- vart ikkje dette nett slik eg hadde sett det for meg ..
Etter nokre hendingar undervegs, 
som eg var misfornøgde med
- klipte eg av det eg ikkje likte
og enda opp med eit kort på 8 x 9,5 c,m
Slik såg det ut etter 2 lag gesso,
hjerte stencil frå Memory Box
og stencil frå silhouetteAmerica
So hadde eg eit uhell med mowed lawn spray til Tim Holtz
vart litt for grønt nederst på tag'n gitt..
Og eine hjarte oppe til venstre blødde utover ..
 So då vart det klippt ned til stutt storleik.
Mottakar har -som eg veit då-
aldri fått eit slikt heimelaga kort før.
Han vart glad og særs nøgd med tannhjula
(som e kjøpt via eBay)
Kunne sjølvsagt hatt nokre ord som sa kva eg føler, 
men han sa at det forstod han på hjartet ;)

Mixed media e kjempekjekt
~ sjølv når det ikkje går som ein hadde sett for seg ;)

Håpar du får ein fin dag, god veke :)

tirsdag 3. februar 2015

Bursdagstag

Eg e bitt av mixed media basillen :)
Omsider tørde eg hoppe.
Det e mykje kjekkare å leike med gesso, paste, stencilar
serviettar og distress ink, enn å lage kort ;)
Nett no jaffal.
 Tag klipt ut av pizzaøsje, målt med eit strøk gesso.
Her har eg brukt Memory box sin stencil #hearts
So glue 'n seal (eller decopage lim)
og det midterste laget frå ein serviett.
Distress ink: seedless preserves og dusty concord
Litt blekk på mi *non-stick* matte, 
litt vatn ogso duppa tag'n nedi. 
Det va slik eg farga seam binding-bandet óg.
 Har brukt punchinella som stencil
og nokre stjernestempel eg fekk med eit blad. 
Blomane er frå WOC og storyteller 
Bandet er kjøpt på Bikuben. 
Gratulerer med dagen er ord frå pc.
Word bands frå Tim Holtz

Ha ein fin kveld :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥