Viser innlegg med etiketten maja design. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten maja design. Vis alle innlegg

onsdag 13. desember 2017

Box in a card

Kitt Jorunn Hanssen
hadde lagt ut eit eksmplar av dette "kortet" 
på sida til Scrapomania for litt sidan.
Denne varianten av kort
høver veldig godt til kollegaer som har bursdag.

Eg har trålt Pinterest og YouTube etter tutorials
og jammen'te fann eg nokre til slutt 
Men eg enda opp med mine eigne mål.
Synest dei eg fann va so små ..

Håpar du får ein fin Sankta Lucia kveld    ♥

tirsdag 18. april 2017

PL-side til grandtantebarn ♥

Eg har faktisk litt diverse utstyr
(lommar, kort og bilder) 
til framtidige Project Life sider ..
men eg har alltid hatt eit eller anna 
-annja som hasta meir ;)
Denne sida her, som eg deltek med på:
Project Life i Norge
byrja eg på når vi var på Scrapomaniatreff i Geiranger i fjor.
Det var den helga Ronja kom til verda ♥

Eg har brukt fargane i Linda sitt inspirasjonsbilde
For det tek opp fargane rosa, turkis, grønt og gyllent 
og alle dei finst jo på mi side.
 Stempel er frå Kort & Godt
***
Ferdig fargelagde motiv frå the hobby house, Wee-stamps.


Eg veit ikkje om det finst reglar som seier 
at det MÅ vere med ekte bilder, 
ikkje berre ferdig fargelagde.
Men eg står min prøve...
Eg likte den jaffal ;)

torsdag 1. desember 2016

God jul frå Hjerteboden

Kjell Midthun nissen er og blir den finaste for meg ♥
 Her har eg printa ut bildet på Eurofoto (matt)
limt på kraft-kartong.
Mønsterarka er Maja Design
&
~ made by me.
Julestjerna er ein dies frå Spellbinders


Nye inspirasjonsbidrag finn du her,
medan november og desember-utfordringa kan sporast hit ♥

So vonar eg at du får ei fin førjulstid. 
Ta det med ro på vegen. 
-Eg vil heller at du kjem for seint fram, enn at du ikkje kjem fram ..

Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 1. november 2016

Jul hjå Hjerteboden ♥

Maja Design er ein av favorittane innan mønsterark ♥
I går kosa eg meg med å lage eit julekort 
frå kolleksjonen som kom i haust 
* I wish *
MD ark hjå Hjerteboden finn du her.
Eg trur nemte kolleksjon er på veg inn.
Denne jenta er so nydeleg ♥

Juleklem er eit stempel frå Papirdesign
Blomster er frå Storyteller og Wild Orchid Crafts
Halvperler frå Panduro

Takk for at du kom innom å såg november's fyste julekort ♥

søndag 28. august 2016

Bursdagskort

Eit kort eg lagde for ei stund sidan, men har aldri publisert det før.
Eg trur det kjem under kategori; enkle kort :)
Deltek i følgande utfordringar:
Nordsalten Hobbyklubb #144 Uten bilde
Kort O' Mania #158 Hurra for deg

mandag 25. april 2016

Eksplosjonsboks

... til nyfødd jente ♥
Eg har nett blitt grandtante til nr 6
♥♥♥
Helga 22-24 april var eg og to venninder 
+ mange andre 
trivelige damer
på Scrapomaniatreff i Geiranger.
På fredag lagde eg denne boksen 
til jenta som då ikkje var fødd.
Har brukt mønsterark
Maja Design ~ Vintage Baby
our little miracle og die cuts.
 Boksen ↑
 Inni ↑
 Toppen på lokket↑
Det kan hende eg tek på meir bling altso ;)
 Eine sida ↑
Storken har eg kjøpt hjå min lokale hobbybutikk.
Fantasi på Sandane ♥

Deltek på følgande utfordring:
Utfordring # 137 - Babyboom

søndag 13. mars 2016

Polarpus møter humla

... for fyste gong
Vi i Papirlosjen har gåande ei utfordring som heiter 
Pusane mine er fødd i september 2014,
so våren vart fyst då dei slapp ut i lengre periodar.
 Og då skal ALT utforskast nærare.
Blinkskot ;)

Mønsterark frå My Minds Eye og Maja Design
Hjerter frå Wycinanka
Storleik på kortet: 15 x 19,5 cm

Ønsjer deg ein fin søndagskveld 

mandag 25. januar 2016

Dåpskort på bestilling

Til denne sjarmøren ♥
Arka er frå Maja Design
*Vinter Frost Basic
Skeia har eg kjøpt på eBay.
Båndet e farga med distress ink og mica powder
Ramma er frå Spellbinders
*decorative labels eight
Bling er frå Panduro

onsdag 20. januar 2016

Good friends are like stars

..you don't always see them    
but you know they are there ♥

Eg hiv meg på Maja Design sin 
mood board januar 2016
Herlige fargar ♥
Mitt bidrag er noko prega av kveldens dårlige lys.


Eg har brukt kolleksjonen frå 
Vintage Frost Basic 2013

Ikkje det eg trur eg har nokon sjans på gevinst, 
men den som intet våger,
intet vinner.

søndag 8. november 2015

Gavepose til niese

av Maja Design sin Vintage Frost Basics anno 2013
Måtte ut i det fri, for å få skikkeleg lys
Stempel frå Kort og godt
Doily er dies frå Cheery Lynn
Blonden har eg kjøpt på Stoff & Stil
Bakside med personleg stempel ♥

fredag 17. oktober 2014

Telyskort

blir det arrangert kurs i *kordan fargelegge med Promarkers, 
nybyrjarkurs i kortlaging og no sist lage telyskort*
Blir arrangert sykurs óg, men eg e papirjente ;)
Her e 6 av 7 telyskort
Her e mitt ↓
Ikkje heilt ferdig å pynte trur eg, 
men har ikkje hatt tid til å fundere på det.
Med og utan sløyfe,
som óg skal justerast til passeleg lengd.
Dette var eit kjekt kurs.
Dei hine eg har vå på, har eg kunna litt om i forkant.
Denne type kort va nytt for meg

God helg til deg :)
Mvh frk. Bogstad

onsdag 15. oktober 2014

Bursdagskort til ein kar :)

Syskenbarnet til min pappa fylte 75 år måndag, 13 okt
Og sidan dette er ein kjekk kar vi omgås, 
ville eg gje han eit kort.
Ville delta på Mojo Monday si mnd utfordring med premie, 
men bilde eg hadde valgt va for stort for skissa.
Eg fekk det jaffal ikkje til sånn eg hadde tenkt det sku bli.
So eg lagde mi eiga skisse.
Sånn såg det ut før eg limte på fronten.
Inni kortet↑
Skrivefelt↓

 Her va det omvendt oppe/nede
Synst det vart beire med den eg valde ;)

Mønsterark: Maja Design
Stempel: Norsk Stempelblad, Kort og Godt
Tannhjul/charms: Ebay
Knappar: Europris
Bildet: internett
(printa på matt papir på Eurofoto)

Ønsje deg ein fin kveld vidare :) 
Mvh Frk. Bogstad

søndag 12. oktober 2014

Bursdagskort til Vera ♥

Eg e veldig glad i Vera Louise.
Eg gjer alltid mitt beste for at ho skal få det beste.
Ikkje alltid tida er på mi side, sidan eg har ein tendens 
til å vere litt treig på avtrekkaren,
men alt dette veit ho om meg, so ...
Motivet er maskert av 2 magnolia stempler
Fence og Tilda blowing hearts
Har tusja den heilt sjølv, 
med Promarkers'a mine :)
Produktliste:
Mønsterark: Maja design
Stempler: Magnolia
Blomster: Wild Orchid Crafts
Knappar: facebook
Sommarfugl: Die-namics dies
Charms: Ebay
Halvperler: storyteller
Stempel inni: Kort og Godt
Lilla var utgongpunktet; raud sommarfugl og halvperler,
pga raude hjerter.
Som har Stella-glitter på.
Skrivefelt

Måtte du ha ein fin kveld og god veke.
Mvh Frk. Bogstad

tirsdag 31. desember 2013

Julekort som kom fram til jul ;)

Pion design ark frå i fjor.
Dei e so varme og lune.
Ferdig fargelagd motiv -Anabelle-
 Min elskelige nisse, av Kjell Midthun
 Little elf Pipa
Bildmälarna 
 Denne bretteteknikken såg eg hjå Karis krok og laut prøve sjølv.
Resultatet vart eit julekort med desse nydelige to 
-til ei venninde som betyr noko heilt spesielt føre meg.
Og JA eg har fargelagd dei sjølv :D
Julekort med Maja design arka ~ vintage frost ~, which I ♥
 Her nokre gåvekort eg lagde på bestilling


So då var vel det meste frå 2013 lagt ut for sjåing.
Ynsje DEG ein fine kveld, so  *snakkast* me på nyåret.
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥