Viser innlegg med etiketten mønsterark. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mønsterark. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2019

4 utfordringer på ein gong :)

Å vinne er kjekt, 
men ikkje sjølve grunnen 
til at eg legg meg i selen 
og lagar kort til utfordringar.
Eg likar å få vise fram det eg kreerar 
og kanskje få litt ros ;)

Det er lenge sidan eg har vore med no, 
men so har eg lenge villa bruke 
dei spreke fargane til Papirdesign sine mønsterark,
pluss dies'n eg kjøpte på ebay til noko fjongt.

Eg deltek på følgande utfordringar:
Kreativ Scrapping, utfordring # 2 -Bretteteknikk
Nordsalten Hobbyklubb, utf. # 168 -Hjerter
Papirdesign, februarutfordring - Bruk stempel
Scrappelyst, grublis for februar - Fargepalett
(eg har brukt #18)

Kaffislabberas er eit velbrukt ord på mine kanter av landet ☺
Alle mønsterark kjem frå Papirdesign.
 Bretteteknikken kallast Joy Fold
 Utfalda 1 ↑
 Utfalda 2 ↓
Skrivefelt blir limt på når eg veit kven som skal få det ;)
Liggande 
Ståande frå sida

søndag 3. desember 2017

Enkle julekort

Når ein berre har eit fint motiv,
nydelige mønsterark og litt pynt,
og er ein smule opplagt
-går det fort an å lage enkle julekort.
Her ↓ har eg funne motivet på Pinterest
fått det framkalla på Eurofoto, i matt papir.
Mønsterark og granbar-dies frå Papirdesign.
Julestjerne frå Spellbinders.
Doily frå Cheery Lynn.
Tekst har eg ordna på pc.

Inni hadde eg matchande mønsterark
og eit julestempel frå Kort & Godt
+ skrivefelt.
Kommenter, å bli med i trekning om fin premie

Ønsker deg ein fin 3. desemberkveld :)
og hugs å slukk alle adventslys før du går til sengs.
 ♥
 ♥

lørdag 2. desember 2017

Julemarked




På årets julemarket selde eg 2 julekort,
6 pynta toffifee-esker
og nokre ting for mor og syster.
Så til neste år må eg hugse mindre julekort, 
meir slike ↓



Mønsterark og stempel er frå Papirdesign,
blomster Wild Orchid Crafts og Storyteller.
Lauv er ein dies frå Tim Holtz.

Ein fin kommentar under, 
gjev lodd i hatten :)

Ønsje deg ein fin 2. desemberkveld ♥

fredag 1. desember 2017

Adventskalender

Bridge card
Eg fann inspirasjon til kortet her.

Om du synest mitt var fint, 
set eg pris på ein vennlig kommentar.
Og i romjula trekk eg ut ein heldig person 
av forhåpentligvis alle dei 
som har kommentert under min adventskalender.
So kan vedkomande sjå i postkassen sin ein dag uti det nye året

Mønsterark er Maja Design ~ I wish frå 2011
Bordene er frå Cottage cutz og Marianne Design.

Nytt kort i morgon 
Ønsker deg ein fin 1. desemberkveld :)

søndag 12. november 2017

Dåpskort til Erle

Fluffy hanging in there av Wee stamps.
Det er ferdig fargelagt motiv 
som eg har kjøpt frå the hobby house.
Mønsterark er Kort & Godt.
Me like roosa ♥
Magebelte til pengegåve,
skrivefelt i samme ramme
som den på framsida.
Vesle jente har i alle fall godt sovehjarte,
for det var stilt i kyrkja og under samkome etterpå.

Deltek på følgande utfordring:

Utfordring november ~ Fargepalett
(Palett #21 med lysare rosa enn burgunder, minus sommerfugl ..)

søndag 15. oktober 2017

Minialbum til verdas beste Vera ♥

Eg byrja i god tid med planlegging og tillaging.
Likevel vart pakken med album, 
tjukkelabbar og pærer sendt dagen før dagen.
Men PostenNorge elske jo meg, 
so pakken med sporing kom fram på 1 dag.
Det e jo imponerande 
Eg har brukt Maja Design ~ Enjoying outdoors,
herlige rosa/lillatoner,
nett som Vera ♥
 Framsida var utplukka den dagen eg såg dette mønsterarket
 Lomme med bursdagshelsing.
 Bilde frå Bergheim mot Eggenipa.
 Ein fin tekst inni, som betyr noko.
 Hurdalsrosa på Hagebakk
 Når du bur på bygda, må du ha ein fin stad å kvile deg.
 Den fyste innisida eg lagde til. ↑
 Var so flott mønster at eg ville ha enkel pynt.
 Hemmelig brev til bursdagsjenta
Ser teit ut med washitapen rundt, men men..
 Acetate-side ↑ ↓
Pynta slik at det skulle syne på 2 sider, på samma tid. 

Eg må jo sjølvsagt få vere med i albumet :)
 ♥klem stempel frå Kort & Godt
 Stempel frå Papirdesign.
 Laga med the Cinch frå We R Memory Keepers

 Note to self:
Neste gong må eg ha permane litt større
enn sjølve (papp)arka inni...
Bursdagspresang
Mamma har strikka tjukkelabbane.

onsdag 27. september 2017

Julekort ♥

15 til 17. september var eg på treff på Tørla (sunnmøre)
Der var óg Siri Fjørtoft frå kaBoks. 
Gu' kor mykje fint dei har der 
*hjerter i augo*
Eg vart heilt oppslukt i den god jul die'n som det står om i  denne artikkelen ♥
Kjøpte likso godt det andre der står om óg, pluss litt til ;)
Eg e rame når eg blir hekta ♥
***
Dei har gåande ei utfordring,
som eg for nokre år sidan ville ha snøfta over og scrolla vidare..
-for kven vil vel ha julekort i rosa??
Vel... 
Tider forandre seg, det gjer også eg.
Meget enkle julekort
Mønsterark frå Søstrene Grene.
***
Deltek med dette blå'ishe enkle julekortet her ↑ på
Utfordring # 16 -julekort i utradisjonelle farger

Elles har eg byrja innkjøp av nye hobbysaker
(cinch, oppbevaring, mønsterark osv)
Men har framleis open kjellar.

Nyt sommarhaustenKLEM frå Audhild ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥