Viser innlegg med etiketten Promarker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Promarker. Vis alle innlegg

torsdag 11. mai 2017

Bl♥mster både ute og inne ♥

Det er den tida på året der eg planter 
blomster i bedd, krukker og på gravsted.
Men også inne held eg på med blomster,
som på dette tag'en
med digi frå Lacy Sunshine.
 Stencil og paste: nordic frå Tim Holtz
Stencil og distress ink: Dylusion's Numbers
 Har fargelagt motivet Circus car med promarkers.
Washitape
Blomster frå Wild Orchid og Storyteller
Eg e diverre litt lite oppfinnsom sidan dette 
er den tida på året eg er mest utandørs.
So motivet er det samme som sist,
men formen og fargane er forandra :)
Deltek med min blomstertag på
mai-utfordringa til ArJo's tag og ATC

søndag 16. april 2017

Dåpskort ♥

Stempel frå Lilli of the valley (LOTV) 
fargelagt med Promarkers.
 Mønsterarket er Maja Design
~ Vintage Romance ~
båe sider.
Ramma er ein Spellbinders-dies 
Heldigvis eitt dies-sett som matcha i storleik!
Har brukt den største i Small og Large.
Skrivefelt og pengelomme.
***
Mamma'n til Oliver er ei kjekke jente 
som eg vart kjent med
medan eg jobba på puben Onkel Willy.
Når ho i dag døypte son sin,
ville eg gje dei ei oppmerksomhet
i anledning dåpen ♥

torsdag 11. juni 2015

The paper shelter ~ Nurse ~

Kort på bestilling :)
Har fargelagt med promarkers
Før eg leverte det, var der komt på bling i dei "tome" hjørna óg.
Blomster frå Wild orchid crafts
swirl frå silhouette sd
Kort og godt stempel. M-210
Martha Steward punch
Maja Design mønsterark
Kort på bestilling til ei som har avslutta praksis ved ein sjukeheim.


onsdag 10. juni 2015

Dåpskort til gut :)

.. på bestilling.
Eg likar å lage dåpskort. 
Det er ikkje so mykje som skal fargeleggast
og oppsett på kortet går igjen 
gong på gong, med forskjellige ark :)
Mønsterpapiret er frå Papirdesig (ein favoritt ♥ )
Skje kjøpt via ei gruppe på facebook.
Scrappesykens skattekammer.
Fargelagd med promarkers
Har klipt ut ramma bak bilde sjølv,
for det er ikkje større dies enn den kring motivet.
Washi-tape som bakrunn for diktet

Takk for kjekke kommentarar på forrige innlegg :)
Eg set stor pris på dei

torsdag 30. april 2015

Til konfirmanten

Har fått ein del bestillingar på konfirmantkort i år 
og det e kjekt :)
Denne er til konfirmant, som er intr. i ishockey.
Motiv er digi frå Kenny K.
Fargelagt med promarkers
Gullskoen e silhouette
Tekst er LD royal quiet boxed
 Mønsterpapir har eg kjøpt frå stuff4scrapbooking
So bers det vidare til neste kort ;)
Ønsje deg ein flott vårdag  ☺

fredag 17. april 2015

Dåpskort til Johan Kornelius ♥

 Mønsterpapir frå Papirdesign
Motiv frå LOTV og 
fargelagt med promarkers
 Salme 591 med små justeringar for å få plass ;)
Skrivefelt

torsdag 16. april 2015

Dåpskort til Aksel ♥

Fargelagt med Promarkers ♥
 Mønsterpapir frå Papirdesign
Utdrag frå salme nr. 591 
Skrivefelt med blonde-bordkant.

Ser at eg har gløymt å hatt på bling ....
Ønsje deg ein fine dag :)

fredag 20. februar 2015

Tag til grandniese

Når man har meir å rutte med innan utstyr og idear, 
enn pengar
-får jebbusbarn heimelaga tag i 1 års gåve ;)
Enkelt og greitt ☺
Kanskje litt for enkelt, men pytt pytt.
Har brukt dirtress ink: spun sugar og picked raspberry
*Gratulerer* er heimelaga stensil
Blomster frå woc
Svart tusj er promarker

GOD HELG :)

søndag 15. februar 2015

Dåpskort på bestilling

Fekk bestilling på kort i onsdag e.m,
ferdig torsdag :)
Jajamensann, kan eg når eg vil ;) 
Papiret e frå Panduro, blomster frå Nille.
Skei kjøpt på facebook.
Motivet er Lili of the valley, fargelagt med Promarkers
Blonden kjøpt på
lokale hobbybutikk.
Eit fint vers inni
oversatt frå bokmål.
Personleg stempel.
Bilde av dåpskort til jente 
-laga i romjula.

Eg likar veldig godt den skeia til dåpskort.
Blomster frå woc, storyteller osv ..

Ønsje deg ei fin kreativ veke

torsdag 21. august 2014

Tag til Alfred

Eg har verkeleg falt for tag's ..
Limer 2 ark forma som tag -enten #8 manila eller Prima sine litt større,
so har eg på mod. paste med ein av dei snart 50 stensilane mine ;)

Her e det Alfred som har fått ein tag. 
Han er 9 dagar i dag. Det er ei veninde som eig 'an.
Motivet er frå Lili of the Valley 
og heiter ~ Just arrived ~
fargelagt med Promarkers.
Arka er kjøpt på Søstrene Grene.
Vimpel frå La-la etelleranna ;)
Kameraet i tre, har eg kjøpt med SaCrafters.
Knappar frå samlinga -med litt gesso på.

Håpar DU har hatt ein fin sommar :)
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 12. mai 2014

Til konfirmanten Mathea

Dette fantastiske bildet fann eg på 
facebookgruppa the digistamp shack :)
Tenkte med ein gong at dette ER Mathea ♥
eller kva som helst stileg jente-konfirmant.
Mønsterpapir frå Lili of the valley
~ Shabby shack ~
Nydelige ark, er veldig glad i å bruke dei :) 

Eg deltek på utfordringane:
Eg har embossa det blå arket med notestempel kjøpt på fb
og brukt G-nøkkel charms frå hong kong kjøpt på eBay.
Scrappin All Over - lag på lag
Kort O Mania - alt er lov
♥ ♥ ♥
 
Blomster frå Nille og woc 
Stjernene frå eit stempelsett frå Papirdesign
 Sidan eg ikkje hadde blå bling-halvperler
klipte eg or nokre frå eit band kjøpt hjå Panduro
JA, ogso har eg tusja motivet sjølv
med mine elskelige Promarkers ♥

Eg e strålande nøgd ;)
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 20. april 2014

Dåpsbarnet Eiril ♥

I dag vart Eiril døypt i strålande flott påskeveir :)
Og tante meg har pånytt laga eit kort eg e nøgd med.
 Papir frå Lili of the Valley
~ Heartfelt ~ 
Stempelet e óg derifrå 
*Baby Christening*
Har brukt Promarkers: ice grey 1 & 2 +
tulip & sunflower på vindauget.
Baby pink på kjolen.
Leaf green på blada.
 Blomster frå Wild Orchid Crafts
Skeia har eg kjøpt på ei facebook-side.
Knappar på europris
Blonden frå Voss
- lagt i kaffi for å få rett farge.
 Tekst "Margot" på pc.
Sommarfuglane frå silh. sd
Personleg stempel.
Botnpapiret er bazzill Vanilla.

Deltek på 
ABC Challenge  - ‘J is for Just As You Like’

Håpar du har hatt ei fin påske. 
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 6. januar 2014

Dåpskort

.. til Olivia
Eg er so heldig som er fadder til den vesle jenta :)
Motivet har eg fargelagt med Promarkers.
Det og mønsterark
er frå Lili Of The Valley.
Pengelommen er enkel,
for det skulle jo få plass ned i criss cross kortet
Personleg stempel.

Deltek på / participate in
Make it Monday #173 ~ Anything goes
Nordsalten hobbyklubb ~ utfordr. #87-punch/dies
(har brukt spellbinders dies og ms punch)

Klem frå Frk. Bogstad

lørdag 21. september 2013

Haustkort

Impulskort, 
som eg storkosa meg med
denne føremiddagen :)
Ark frå Nille,
dies frå spellbinders 
~ floral ovals ~
Tilda blowing hearts, fargelagd med Promarkers.
 Tekst skrevet på pc 
Personlige, gode ord til Kari :)

God Helg :)
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 8. september 2013

Fargelagd med Promarkers

Laurdagskveld er blitt noko litt sårt for meg.
Etter å ha køyrt lang postrute på dagen, 
er det ikkje mykje eg har overskot til på kvelden.
So i staden for fest og moro eller familiekos som andre har,
sit eg einsleg nedi kjellaren min å puslar med diverse hobbyrelatert.
Ikkje det, eg trivst godt i mitt eige selskap,
men det e no litt stusseleg ..
***
I går var det å tusje med Promarker'sane mine
(som eg har kjøpt for leeeenge sidan - men ikkje hatt mot til å prøve)
***
For på torsdag va eg nemleg hjå Inger Karin
(kona til Ronny Rør)
og der tusja vi bl.a motiv.
Dvs eg sat vel mest å prata og stempla opp motiv eg ikkje eig sjølv ;)
Kjekt va det jaffal 
og om tysdag kjem med nedbør og styggeveir, 
skal eg tilbake
Her e mitt resutat frå laurdagskveld/sundagsmorgen:
Damen til venstre har brun str.bukse ;)
- eller nåkka sånt.
Ho i midten har ikkje fått farge på skjørtet sitt, 
for eg eig ikkje lilla-relaterte fargar :(
Endå.
Ho med buketten e nytusja, difor knallfargar.
***
Eg e ganske nøgd. 
Dette er mine aller fyste publiserte sjølvfarga motiv :D
Ynsje DEG ein fine søndag.

Klem frå Frk. Bogstad

psst: i går kveld la eg in 2 bestillingar på Joanna Sheen,
tusjar og diverse anna moro.

søndag 14. oktober 2012

Promarker kurs

I gårkveld var eg med på 
Promarker kurs i Førde, 
arrangert av Aktiviteter i Førde 
Det var kjempekjekt og det hadde ikkje 
gjort meg noko om kurset va 2x2 timar.
Men vi fekk no lært litt :) 
Fargelegging av gjerde, sopp, ansikt og hår.
Men sidan eg ikkje har alle dei kombinasjonane 
Anja hadde, vart mine gjerde ganske *pale ...
So no har eg lagt in ei bestilling hjå JS :)
Jihuuu!

Hår derimot, klarte eg bra. 
Men eg må øve, øve, øve meir ;)
***************
Her er det tutorial på hud og auger.


her og her  viser korleis man fargelegg brunt hår

No skal eg bruke denne herlege innesøndagen 
på å fargelegge med dei tusjane eg har
og organisere "rotet" mitt.

Klem frå Frk. Bogstad ♥ 

tirsdag 28. juni 2011

Promarker

Eg likar best å bruke bilder som e i svart/kvitt, sephia farga eller som ikkje treng farge.
Det er fordi eg e ganske håplaus på fargelegging.
Difor eig eg kun 3 Promarkers.
Tenkte no at DE kan hjelpe meg med å finne ut kva andre fargar eg treng,
som samsvarar med dei 3 eg har ;)

Dei heiter: Leaf Green, Fuchsia Pink og Bluebell


Sidan himmelen opnar seg for fullt denne veka og mitt
hovudarbeid består i å arbeide ute,
 spekulera eg på om eg skal til Førde ein dag.
På Kulør (litt Panduro) sel dei slike.

Elles finnst dei jo i nettbutikken Papir i hjertet , kr 29,- pr stk

Elles vil eg takke for koslege kommentarar. Det varmar ♥


Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥