Eg har faktisk litt diverse utstyr
(lommar, kort og bilder)
til framtidige Project Life sider ..
men eg har alltid hatt eit eller anna
-annja som hasta meir ;)
Denne sida her, som eg deltek med på:
Project Life i Norge
byrja eg på når vi var på Scrapomaniatreff i Geiranger i fjor.
Det var den helga Ronja kom til verda ♥
Eg har brukt fargane i Linda sitt inspirasjonsbilde
For det tek opp fargane rosa, turkis, grønt og gyllent
♥
og alle dei finst jo på mi side.
Ferdig fargelagde motiv frå the hobby house, Wee-stamps.
Eg veit ikkje om det finst reglar som seier
at det MÅ vere med ekte bilder,
ikkje berre ferdig fargelagde.
Men eg står min prøve...
Eg likte den jaffal ;)