Viser innlegg med etiketten Hjerteboden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hjerteboden. Vis alle innlegg

onsdag 1. november 2017

Jul i kvitt, blått og sølv

Ny utfordring inne hjå Hjerteboden
lyder som følger
FARSDAG eller JUL i sølv, kvitt og blått ♥
 Heimelaga bakgrunn med gelliplate.
Blå og sølvfarga akrylmaling.
Ogso har eg gått over med stempel og stensil,
 distress ink i blått og kvitt.
god jul stempel frå kaBoks ↑
Snøfnugg er dies
Utstansa i sølvkartong
som var litt seig å stanse ut frå,
 men med nokre attar og fram, kom det gjennom

So håpar eg du óg vil vere med ♥

søndag 1. oktober 2017

Hallo Venn ♥

Ikkje alle likar det amerikanske Halloween.
Eg lagar desse korta kun til forskjellige utfordringear.
Brukar dei som bursdagskort.
Men grønt, oransje og lilla er ein KUL fargekombo.
So kul at man må nesten lage noko kvart år

Hjerteboden har HALLOWEEN som utfordring i oktober.

Bli med du óg då ♥

lørdag 1. juli 2017

Alt er lov hjå Hjerteboden i juli

Ein kjapp tag på morgonkvisten midt i slåtten.
Har brukt mønsterark frå Maja Design
Motivet på taggen har eg klippa ut 
frå eine hjørnet på dette mønsterpapiret.
Har brukt "baksida" på jordbærarket som bord.
Seam binding går lett an å farge med distress inks o.l,
men i dag skulle den vere kvit ☺
Blonde og blomst frå mitt eige arsenal.

Hjerteboden har ny utfordring,
du er velkoma til å delta ♥

torsdag 1. juni 2017

Gå planken ..

Ny utfordring hjå Hjerteboden.
Mange muligheter her altså.
Du kan bruke mønsterark, stempel eller struktur som ser ut som tre.
Nytte tremateriale, t.d bark,
eller gjer som meg å lag eit PIRATkort ♥

Det ferdig fargelagde motivet finn du som
digi på Lili of the valley si nettside.
Den blå basekartongen finn du her i nettbutikken til Hjerteboden.

Elles fann eg nokre gamle sjørøver-papir, kjøpt på Nille.


mandag 1. mai 2017

Project Life ~ 17. mai 2016

I dag er det klart for ny utfordring hjå Hjerteboden.
Vi vil sjå at de brukar flagg, vimpler og/eller banner
I høve PLiN sin 3 års dag vart eg inspirert til å byrje med Project Life. 
Eg har ein del lommar, ark og bilder til det,
men liksom aldri tørt meg utpå den vegen...
Utklippsark frå Papirdesign ~ Nasjonaldag
Kjempeflott at produsenter lager slike ark ♥
Då slepp ein leite seg galen på kort som passer i hop ;)

lørdag 1. april 2017

Bursdag i april

11. april er min ♥
Faktisk heiter mønsterarket det óg, 
Maja Design  ~ Vintage Spring Basics
 Lys rosa roser finn de i Hjerteboden.
 Roser generelt finn de her.
So håpar eg at akkurat du blir med
på Hjerteboden's april utfordring
Blomster er eit must ♥


mandag 2. januar 2017

Nytt år, nye mogelegheiter ♥

Inne hjå Hjerteboden er månadens utfordring
Fargekombo: blått/kvitt/sølv og valgfritt tema: Vinter

Eg såg eit slikt fint nyttårskort inne på Instagram.
laga av bankmaus74 ♥

Her e mitt bidrag som inspiratør:
Baseark ein veldig blå bazzill
Hobbykartong kvit som snø
Washitape Kvit med sølvprikkar
Sequins frå mitt lager ♥

Håpar du heng deg på :)

tirsdag 1. november 2016

Jul hjå Hjerteboden ♥

Maja Design er ein av favorittane innan mønsterark ♥
I går kosa eg meg med å lage eit julekort 
frå kolleksjonen som kom i haust 
* I wish *
MD ark hjå Hjerteboden finn du her.
Eg trur nemte kolleksjon er på veg inn.
Denne jenta er so nydeleg ♥

Juleklem er eit stempel frå Papirdesign
Blomster er frå Storyteller og Wild Orchid Crafts
Halvperler frå Panduro

Takk for at du kom innom å såg november's fyste julekort ♥

torsdag 1. september 2016

DT-bidrag Hjerteboden

Inspirasjonsbidrag til Hjerteboden sin september utfordring


Kraftkartong Bazzill 
Mønsterark studiolight paperpad
Gratulerer Kaboks dies

Jute, stjernene og paljettane finst i lageret mitt ;)
Teksten er skreven ut frå pc'n.
***
Ønsjer deg ein FLOTT HAUST ♥

fredag 1. juli 2016

Sommarleg

Det e på tide med ny utfordring hjå Hjerteboden
I Juli og August er ALT LOV 
Mitt bidrag vart til slutt eit sommarleg kort. 
Arka eg har brukt er  Maja Design ~ Summer Crush
som du finn i nettbutikken til Hjerteboden.
Diesen eg har brukt heiter stitched mats Circles

Eg håpar du vil vere med å delta.
Premien er gåvekort i nettbutikken ☺

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥