Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg

fredag 1. november 2013

Ein liten openbaring


Eg fekk ein liten openbaring her ein dag. 
Eg har jo (som mange andre) lenge vore veldig opptatt av at interiøret skal vera kvitt og lyst. 
Men i eit nummer av Vakre Hjem og Interiør, var ei lys og fin leilighet med nokre svarte detaljer avbilda 
- eg blei superinspirert! Det blei litt strammare, ryddigare uttrykk. 
Du kan òg finne leiligheten her



Eg har nemlig ein lei tendens til å legge ting og tang rundt omkring. 
For eksempel på kjøkkenet så hadde vi ei åpen bokhylle, der havna både julepynt, bilder, bøker, 
enorme mengder papir (kor kjem det frå?) og diverse babyting.
Det ser så fryktelig rotete ut. 
Men om ein kan lukka døra, så er det jo ingen som veit at det er masse tull og tøys inni skapet! 
Eg gløymer det til og med:)
Så på finn.no fann eg eit gammalt lintøyskap som var malt kvitt. 
Drog det heim, og malte det svart!




Trur mitt forhold til svart i interiøret fekk seg ein kraftig knekk då eg (og mange andre:), gjekk fullstendig bananas på Black Design Shop og kjøpte alt eg kunne komma over av svart smijern....
Detta er ei stund sidan altså, til mitt forsvar. 

Men etter at alt smijernet fekk nye eigarar via Fretex, lova eg meg sjølv at svart, det skulle eg ikkje ha i mitt hus! Vel, no er visst det gløymt.




Er dessverre litt vanskelig å ta bilde av skapet for det står rett bak eit gelender, men eg er i alle fall særs nøgd. 
Det er komt fleire svarte element inn i heimen i det siste, dei kjem plutselig her på bloggen. 
Eg er framleis opptatt av det kvite og lyse, men no med kule svarte ting som rammar rommet inn på ein måte. 




Litt puter, lyshus, ein skinnfell og lyng gjer også at eg er fornøyd med spiseplassen om dagen. 

Håpar du har ei kjekk helg foran deg. 
Her i huset ligg vi flat på sofaen, skal eta taco og sjå på TV og eg er strålande fornøyd med det:))

GOD HELG!



fredag 5. oktober 2012

Dilla på karri

Ein anna liten godbit eg endelig karra meg til å kjøpe på messa, var ein Corocia. 
Denne spesielle blomen har florert i blogglandia ganske lenge. 
Men for meg tok det litt tid før eg forstod greia. 
Det såg jo ut som ein daud kvist. 


Eg fekk imidlertid, av uvisse årsaker, plutselig fått veldig lyst på eit eksemplar. 
Plantasjen solgte desse små utgåvene til kun 80 kr, og eg slo til. 
Anar ikkje korleis den skal stellast, så om du veit så sei gjerne i frå. 
Kanskje den blir grøn og frodig når den dør?:)


Uansett, tilbake til tittelen på blogginnlegget i dag. 
Om du ikkje likar karri, (fargen, ikkje krydderet) så er dei neste bildene ganske kjedelige.
Ein ting eg har lært av å følge andre bloggarar er kunsten å flytte rundt omkring på ting. 
Det er ofte veldig lite som skal til, og ein føler ofte at ein har fått noko nytt - god deal. 


Puta frå Bloomingville har no tatt plass i slagbenken.
Eg kom nemlig på at eg har jo allereie ei pute i tilnærma samme fargen. 
Det blei med eit skikkelig hauststemning ved kjøkkenbordet. 
Raude epler gjer igjen nytta. 


Trur imidlertid det held med 2 karriputer:)

Endelig helg, vi kosar oss med tradisjonell fredag; taco og tv. 

Ønsker deg ein strålande helg!

tirsdag 2. oktober 2012

Fangst frå messa

Håpar du har ei fin veke så langt!
Her i Bergen er hausten uten tvil høgst tilstade. 
Det er mørkt til langt utpå dagen, og regnet tornar mot stovevindauga om kvelden. 
Men det gjer meg eigentleg ingenting, då kan eg jo bruke den nye puta mi - passar perfekt!


Denne puta i haustens trendfarge karri, var ein av skattane eg fann på messa i helga. 
Den nye stjerna i sofaen kjøpte eg hos Lobelia, og den er frå Bloomingville. 


Ein anna veldig nødvendig og nyttig ting eg kjøpte med meg var denne vasen. 
Den fekk eg ein strålande deal på hos Slettvoll. 
Foreløpig har kvistar frå hagen flytta inn. 


Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg har fått i det siste:)
Det er så utrulig kjekt og motiverande!

Ikkje minst varmt velkommen til alle nye følgere:))

Ønsker deg ein strålande tirsdagskveld.

lørdag 22. september 2012

Haust i hagen

Herlig med helg altså! Iallefall når det er så strålande vêr. 
I hagen er imidlertid hausten begynt å gjera seg gjeldande. 
Men det gjer ingenting syns eg. 


Hausten har så mange vakre fargar!
Og med solskinet så kjem dei fram så gyllent og fint. 
Her er litt frå den veldig utrimma hekken vår:)
Vi har visst litt og lære på hagefronten. 


Eg har også benytta (kanskje årets siste) muligheten til å henge ut sengeklær. 
Det er jo ingenting som slår følelsen av nye sengeklær som har hengt ute. 


Noko godt har vi heldigvis i vente i hagen vår. 
Snart blømer "Dynastiet" blomane våre - nokre av dei skal nok få komma inn i varmen. 


Litt restar av sommar er det også:)

Ønsker deg ei strålande solskinnshelg:)


tirsdag 18. september 2012

Fint fat

... og ein fin ettermiddag. 


Dette nydelige fatet var nok ei flott gåve vi fekk til bryllaupet. 
Eg har gleda meg lenge til hausten, så eg kunne bruke dette til norske epler. 
(Ja, det er sikkert veldig sært - men eg er interiørnerd:))


Elskar forma på den - nett, fin og mjuk. 
Og ikkje minst den diskré grønnfargen - vakkert!


Ein fin ettermiddag med eit fint fat, epler og siste utgåve av Vakre Hjem og interiør. 

Håpar du har ein super tirsdag:)