Eg er så heldig å ha eige
hobbyrom.
Rommet
blir imidlertid mest brukt til gjesterom:)
Vi
har jo begge to familiar og vener andre stader enn Bergen, så vi har mykje
besøk.
Då er
det veldig kjekt å tilby ein god plass å sova.
Sidan
rommet ikkje er så altfor stort, så passar det ypperlig med ei trekk-ut-seng
frå IKEA.
Det
eg elskar mest med senga, er at det ser ryddig ut.
Ein
kan putta alt rotet nedi tre skuffene, og kun gjera plass til puter! Hurra!
Mannen
min meiner eg er fullstendig hekta på puter, og kjenner absolutt ikkje mine
eigne begrensningar.
Og
det er jo heilt sant!
Men
eg har jo så mange mange plassar i huset som treng puter...
Då
bør ein ha eit lite utvalg.
Som
du ser så har vi hengt opp noko på veggen. *stolt*
(lid
av henge-opp-ting-på-nymalte-veggar-forbi)
Ein
kan kanskje spørja seg kva ein skal med to kassar og ei tavle på ein
vegg.
Men
eg syns det blei fint! Litt annleis enn berre bilder.
Bilder
skal forøvrig komme på tavla.
Tenkte
meg ein hyssing frå ende til anen, og klype på nokre bilder av gode vener,
men
eg tenkte dei kanskje ikkje ville ha si glanstid på bloggen:)
PS!
Dersom du trur at det tomrommet mellom senga og veggen vanligvis er tom, så kan
eg informera om at det fungerer som oppbevaring av mengder av interiørblad (og
sjølvsagt litt puter):)
Ha
ein fabelaktig dag:)