Viser innlegg med etiketten kvardagsgleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardagsgleder. Vis alle innlegg

søndag 9. februar 2014

Morsdag med Muuto

Min andre morsdag, tenk på det!
Ekstra kjekt blir det når gutane mine overrasker meg med den knalltøffe Muuto pepperkverna. 



Hurra for morsdag:)
Den skal få stå på spisebordet saman med saltet i den fine bollen frå Muubs. 
Fjøla som ei står på fann eg på Jamie Olivers fantastiske butikk i Notting Hill:) Elskar den. 



Foreløpig så står dei fint ilag med nye tulipanar og ein kul plakat, på drikkehylla. 
Diggar disse plakatane frå Ygg&Lyng, vi fekk mange i ein pakke frå Ruth&Rudolf på Førjulskos. 
Enkelt å bruke og enkelt å variere. 
Det kjem nok til å dukke opp fleire slike her på bloggen:)



No skal eg snart begynne på middag, Spagetti bolognese i dag, men fersk, kverna pepper sjølvsagt!



Håpar alle har ein flott morsdag og søndag:)

mandag 20. januar 2014

Merkelig møbel

For ei god stund sidan kom eg over eit merkelig (og i mine auge nydelig) stykke møbel. 
Det er eit slags skap, men veldig smalt og manglar hyller. 




Eg falt for det med ein gong, og det utrulege er at det kosta kun kr 200 på Fretex!!

Eit skikkelig kupp:) 



Skapet passa heilt strålande inn vedsidan av sofaen. 
Her var det ikkje så mykje plass, men eg ville så gjerne ha noko lite der. 



No kan eg sitte i hjørne på sofaen vår, og kikke på den nydelige plakaten frå Therese Sennerholt. 
I tillegg fann eg ei knalltøff lampe hos Home & Cottage, hurra!
Eg er ikkje heilt fornøyd med innholdet inni skapet, var litt vanskeligare enn eg hadde trudd 
- men det kjem nok plutselig på plass ein dag. 



I botnen av skapet er det litt hylleplass. 
Her har vi brettspel og kortstokkar- eg elskar å spele UNO og svarteper. 
Gler meg til vi kan spela med vetleguten, foreløpig er han mest interessert i å spele 52 plukk-opp!



Ja, mandag igjen:)
Vi held fortida på å introdusere vetleguten for vanlig middag. 
I dag var det laks, og heldigvis gjekk det ned på høgkant - yes! 
Då må vi jo snart gå å eta sushi, han diggar sikkert salmalaks og ris:)

Ønsker deg ein flott vekestart:)

søndag 1. desember 2013

Julekalender

Hurra - det er desember og juletid:)

Eg elskar jula!

Alle tradisjonane, familiebesøka, den fantastisk maten, dei herlige duftene og generell barnslig glede. 
I helga har vi hatt venninnejulebord, og eg har faktisk pynta ein del til jul. 
Vår tradisjon her i huset, er at når advent kjem - då er (nærmast) alt lov. 
Det kjem bileter av eit enkelt, dekka bord etterkvart. 



Julekalender har eg sjølv vore så heldig å veksa opp med. 
Difor måtte eg sjølvsagt stelle i stand ein gåvekalender til vetleguten. 
Men etter litt diskusjonar med meg sjølv, så kom eg fram til at det hadde jo vore gråååådig koselig 
å hatt ein tredelt kalender. Velteguten, mor og far - kvar sin dag:)
Så derfor har eg sendt far på gåvehandel, og eg gler meg som ein unge til det er min dag. 



Gåvene har eg hengt opp i ein tråd på gelenderet i trappa. 
Så kleisa eg på ein heil haug med deilig, duftande granbar. 
Den forsvann jo nesten då gåvene kom opp, men dei måtte jo neste vera med:)
Posane har eg funne på Kremmerhuset, og oppi er det mykje snadder. 



Det luktar så godt når ein går opp trappa - julestemning altså!
Eg er berre litt spent på korleis det ser ut når vi er halvvegs til jul. 
Granbar er vel kjend for å drysse litt så vidt eg veit?
Vel, den tid den sorg. 



På krakken nedanfor står ein ivrig raud amaryllis. 
Den skal få sin plass i rampelyset etterkvart som det går tomt for gåveposar på gelenderet. 



Håpar du har hatt ei herlig adventshelg!

mandag 4. november 2013

Haustbord

Eg måtte berre ein liten tur innom for å vise bordet eg har dekka til klubben i kveld. 
Eg oppdaga plutselig at eg hadde masse lilla blomar i hagen. 
Dei såg ut som dei snart skulle ta kvelden, så eg tok inn ein heil haug og satte dei i vasar!:)
Fornøyd med reslutatet og gler meg masse til besøk og skravling i kveld:)



Vi skal kose oss med deilig currysuppe, oppskrift frå Trines matblogg 
- håpar den er like knallgod som den ser ut som :)
Sjølvsagt blir det også masse søtsaker til dessert!





Ha ei strålande veke :)

mandag 13. mai 2013

Mandagskake!


Tida rasar jammen av garde - plutselig var det gått nokre veker sidan forrige blogginnlegg igjen. 
Her hos oss er alt berre velstand i grunn:)

Men eg må sei eg er full av beundring for dei jentene som klarar å lage fleire blogginnlegg i veka i fødselspermisjon. Eg skjønner bare ikkje korleis ein får tida til å strekke til. 
Hadde jo tenkt at eg kom til og ha masse tid til bloggen, og ikkje minst til huset, når eg skulle ha "fri" i eit år. 
Ein ting er og få inspirasjon og å vera kreativ,
så må ein jo ta bildene, redigere og legge ut på verdsveven. 

Dagane våre går med til kosing med vetleguten, trilleturar, leiking og besøk av familie og venner.
Då går tida brått veldig fort, når ein har det kjekt altså:)

Kanskje blir det meir tid til overs etterkvart? Vi får sjå:)

Forrige veke hadde eg eit aldri så liten fot innanfor bloggverden igjen. 
Eg har nemlig hatt besøk av tre flotte bloggvenniner,



Vi har hatt ein strålande koselig middag med "make-your-own-pita-pizza" - enkelt og genialt. 
Så avslutta vi skravlekvelden med ei fabelaktig kake, no døypt til mandagskake. 
Tenkte eg skulle berre hiva inn oppskrifta for dei som måtte få lyst på noko godt. 
Kaka heiter eigentlig Safarikake, og oppskrifta har eg fått av mamma. 

1 pk Safarikjeks knusast og blandas saman med 50g smelta smør.
Legg utover ei lita kakeform (gjerne på 20 cm).
Pisk deretter 75 gram melis saman med 200 gram Philalelphia ost. 
Bland dette med ein boks piska kremfløyte. Legges oppå Safarikjeksen. 
Toppen av kaka fyller du med alle dei bæra du får plass til. 

Kjempe enkel og lage + den kan lagast dagen i forvegen.

Bilde frå instagram, så litt dårlig kvalitet:)

Kvifor mandagskake spør du? Jo - det er jo mykje frukt på må veta:)

Håpar du får ei flott veke!

tirsdag 5. mars 2013

I vinduskarmen

I vinduskarmen er det også teikn til vår!
Det er vel eigentlig blomane som gjer det heile. 





Fyrst til vinduskarmen på kjøkkenet.
Det har det flytta inn ei lita ugle, ranukler og fiiiinaste W&W lysestaken. 
Koselig å tenne lys når ein vasker opp eller lagar mat i lag. 





I vinduskarmen i stova er det også lys, og ikkje minst vårlige hyacinter. 
Eg elsker å tenne stearinlys over alt, men eg må legge inn søknad i 4 eksemplar til mannen min om eg har levande-lys-planar. Han blir nemlig så varm, at om vi skal tenne lys så må vi slå av varmen:)

Det var all den tida eg hadde til bloggen i dag, gler meg til neste gong:)

torsdag 28. februar 2013

Vårstemning på kjøkkenet

Vårstemning og tulipanar på skakke:)


Tusen takk for alle dei kjempe koselige kommentarane på innlegget om vetleguten vår!
*stolt og glad mamma*
veldig kjekt!


Når eg kom heim i dag så hadde tulipanane mine lagt seg på skakke. 
Men eg syns dei var minst like fine som når dei står rett opp og ned. 
Tulipanar er verkelig ein av dei finaste blomane ein kan ha for og få litt vårstemning. 


Eg var på kjøpesenter for fyrste gong på veeeldig lenge her ein dag, og gjekk litt bananas på blomabutikken. Så om det kjem fleire innlegg i nærmaste framtid så handlar det nok om blomar:)


Nokre nye puter lagar også vårstemning på kjøkkenet! 
Det blei litt meir pastell enn eg hadde tenkt, men det var så godt med litt lyse og sarte fargar. 

Snart er det jammen helg igjen - vi får kjekt besøk, det blir bra!

God torsdagskveld:)

søndag 28. oktober 2012

Fin søndag


Hadde bare alle søndagar hatt med seg ein time ekstra:)
Det hadde vore noko!


Eg måtte berre innom ein kjapp tur for og gje eit livsteikn. 
Her i huset er det allereie ein ny sjef nemlig, før han er kommen til verda. 
Luringen vår har funne ut at han ville ligge i tverrleie i magen, og det verkar som han strekk seg fælt i tillegg. 
Det gjer til at mitt vanlige aktivitetsnivå må reduserast eit par-og-tredve hakk. 
Magen er også begynt å bli større for og sei det sånn, 
usikker på om det har med babyen å gjera eller at det er komt kakemenn i butikken. 
Babyen er jo i underkant av 2 kg, så noko anna er det:)
Dette går dessverre utover blogginga. 


Men heldigvis har eg gjort århundres kupp i valg av ektemann. 
Han tar så godt vare på både luringen og meg, pluss dei mange prosjekta i huset:)
"Vi" jobbar om dagen med å pusse opp trappa. Det er vel ingen sak, tenkte eg. 
Fyrst skulle vi jo berre fjerne det mosegrønne teppet, så pusse litt - og male kvitt. 
Men teppet er jo frå 19-pil og bue, og var festa med superlim frå samme tidsperiode.
Dei som har snekra trappa tenkte nok aldri og fjerna det, for det er ca 168 spikra pelma inn i trappa. 
I tillegg kjem jo alle hakka, flotte kvistar og ein nydelig knirk. 
Min flotte mann har imidlertid pussa ferdig trappa 
(nevnte eg at vi gløymte å dekka til møblane rundt pusseområdet? Lurt:))

Det nærmar seg med andre ord kvitmaling. Det er sikkert også kjempe lurt, kvit trapp no som vi skal bli småbarnsforeldre. Men vettu - den læringa skal eg ta "the hard way".


Eg lagar mat, rugar og kjøper smågodt til mannen - sjølvsagt i tillegg til å lage lister i Excel over kva vi må få gjort før deadline (babytime: 31.desember).

Men i kveld skal vi kosa med og helsa på ein viss herremann i smoking med trutemunn. 

Ønsker deg ein strålande søndag:)

tirsdag 2. oktober 2012

Fangst frå messa

Håpar du har ei fin veke så langt!
Her i Bergen er hausten uten tvil høgst tilstade. 
Det er mørkt til langt utpå dagen, og regnet tornar mot stovevindauga om kvelden. 
Men det gjer meg eigentleg ingenting, då kan eg jo bruke den nye puta mi - passar perfekt!


Denne puta i haustens trendfarge karri, var ein av skattane eg fann på messa i helga. 
Den nye stjerna i sofaen kjøpte eg hos Lobelia, og den er frå Bloomingville. 


Ein anna veldig nødvendig og nyttig ting eg kjøpte med meg var denne vasen. 
Den fekk eg ein strålande deal på hos Slettvoll. 
Foreløpig har kvistar frå hagen flytta inn. 


Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg har fått i det siste:)
Det er så utrulig kjekt og motiverande!

Ikkje minst varmt velkommen til alle nye følgere:))

Ønsker deg ein strålande tirsdagskveld.