Viser innlegg med etiketten før/etter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten før/etter. Vis alle innlegg

onsdag 13. mars 2013

Ny trapp


Ja, for det er nærmast som ei splitter ny trapp!
Den er imidlertid ikkje ny, men bokstavlig talt pussa opp. 
Mannen min har gjort ein framifrå jobb med å pusse, sparkle, pusse og ikkje minst male trappa. 


Endelig har eg kvit trapp:)


Sjå berre på forskjellen frå korleis det var før!
Eg er djupt imponert og veldig glad for å endelig fjerne det mosegrønne teppet. 


Undervegs!


Kvit trapp er jo usedvanlig praktisk.. 
Ideelt sett så burde ein nok støvsuge den kvar dag. 
Støv og skit er særdeles godt synleg. 


Men etter tips frå den kloke mammo mi, så drar eg med meg Jif støvkost ned ein gong til dagen 
(eller det vil sei, eg kunne gjort det for det er veldig praktisk så slepp ein å dra fram støvsugeren)
Dette har og fått meg til å tenke på kor mykje rart som sikkert var i det teppe frå 1962. 
Gufs, godt og vera kvitt det.


Uansett så blei det ein utrulig flott forandring, no gjeld det berre og finna passande stasj rundt trappa.
Litt er allereie på plass men visar ikkje her, desse bildene er nemlig tatt i jula. 
Kameraet mitt er fortida på verkstad, men eg håpar å få det tilbake snarleg:(

No er hallen snart slik som eg drømte om når vi kjøpte huset - hurra:)

Ønsker deg ein strålande onsdag.

fredag 27. april 2012

Skrikande dører

Ein av romma eg falt fullstendig for med huset vårt, var hallen. 
Eg kallar det ein hall eg, sjølv om den sikkert ikkje kvalifiseras til det. 
Dette rommet er det andre som møter oss i huset etter vetlegongen. 


Her ser du litt av korleis det ser ut no:) 

Bilde fra prospektet med VIDVINKEL:)

Som i stova, var hallen dekka med mørkebrunt panel på veggane. 
Golvet var ein del riper i og ganske gult. 
I tillegg var det ein litt uforklarleg grøn løpar som låg midt på golvet. 



Vi har malt, malt, malt og malt:) Ein lys grå farge, og det blei jammen ein stor forandring. 
Nytt golv har vi også lagt - samme som oppe i stova og på kjøkkenet. 
Likar kjempe godt det lyse og lette følelsen. 
Nye lister er komt opp og dei har vi også MALT!
Jadda, vi valgte dei einaste listene på butikken som ikkje var ferdigmalt:)

Neste prosjekt no er å finne ein ny, gøy lampe og ikkje minst fjerne teppet i trappa. 


Dei brune veggane og det gule golvet er vekke, men dørene står fortsatt igjen. 
Eg føler dei står og skriker til meg "bytt meg, bytt meg"
Dei blei plutselig så veldig synlege:)


Vi har bestemt at vi skal bytta alle dørene i denne typen. 
Det kjem til å ta lengre tid enn om vi skulle malt dei, men eg trur det er verd det:)

Denne veka kom også den høgt etterlengta kjøpmannsdisken frå Living i hus. 
Den skal stå her i gangen, kan du gjette kor?
Plutselig kjem det bilder av den også, den må berre pyntast litt fyrst. 

Her har helgefreden senka seg - alltid like god følelse med helg. 

Ønsker deg ei kjempe god helg!



tirsdag 10. april 2012

Veltegongen før/etter

Utrulig kva kvitmaling kan gjera med eit rom.
Spesielt ein mørk gang, med eit lite vindu. 


Her ser du bilete av korleis det såg ut før.
Sjarmerande med furupanel altså men..:)


Når den lys kvitmaling kjem på både veggar og tak, 
blir det som eit heilt nytt rom. 
Føles som om vi plutselig hadde to store vinduer. 


Flisene såg også nye ut!
Så digg å endelig kunne bruke dette rommet. 


No gjeld det berre å finne gode og praktiske løysingar. 
Eg har nokre få antall sko, skjerf, vesker og jakker som skal bu her:)
Såg eit kult skostativ i KK Living, det var som ei trapp - kanskje det hadde vore noko. 

 Har du nokre smarte oppbevaringstips til gangen?



fredag 23. mars 2012

Nytt, gammalt nattbord


Endelig er nattborda eg kjøpte for fleire veker sidan ferdig måla. 
Nattborda fann eg i brukt butikken til 150 kr stk:)


I utgangspunktet var dei ganske fine som dei var, 
men overflata var veldig stygg og full av merker.
I tillegg krasja det skikkelig med brunfargen på veggen på soverommet. 


Derfor fekk dei seg nokre strøk med ein fresh mint farge. 
Superfornøyd med resultatet - dei passar perfekt inn hos oss.


Foreløpig har eg ingenting å sette på dei, så eg må nok vise dei til dåke på nytt når dei har fått på seg lampe og kanskje noko anna fint:) Og ikkje minst står på soverommet. 

Sola skinn frå ein strålande blå himmel i Bergen i dag, fantastisk:)
La det vara heile helga. 

GOD HELG!

søndag 8. januar 2012

Garderobe - før og etter

Hurra:)
60-talls garderoben vår er no blitt
ein moderne 2000-talls garderobe. 

Slik såg den ut før som du kanskje hugsar.
Det som er genialt med 60-talls garderobe,
er at den er inne i veggen. 
Men dessverre var den ganske upraktisk.



No har vi sett inn ein innebygd IKEA-garderobe.
Sjå kor flott - eg super fornøyd:)



Vi har montert på kule sommarfuglknottar, 
så blir den litt meir vår og litt mindre IKEA:)


Min kjære mann har montert knottane..
Kanskje det var eit eksperiment for å sjekke
om eg er så opptatt av detaljer som eg seier?

Ja - det er eg:)
Men spør du meg igjen om to år 
så står dei nok slik endå!

Ellers i Fruehuset så klargjer vi til maling av vegger, 
monterer knottar på kjøkenet og impregnerer sofaen. 
Straks kjem snille familiemedlemmer og hjelper oss med flislegginga. 

Hei så lenge:)