Viser innlegg med etiketten Bloomingville. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bloomingville. Vis alle innlegg

tirsdag 2. oktober 2012

Fangst frå messa

Håpar du har ei fin veke så langt!
Her i Bergen er hausten uten tvil høgst tilstade. 
Det er mørkt til langt utpå dagen, og regnet tornar mot stovevindauga om kvelden. 
Men det gjer meg eigentleg ingenting, då kan eg jo bruke den nye puta mi - passar perfekt!


Denne puta i haustens trendfarge karri, var ein av skattane eg fann på messa i helga. 
Den nye stjerna i sofaen kjøpte eg hos Lobelia, og den er frå Bloomingville. 


Ein anna veldig nødvendig og nyttig ting eg kjøpte med meg var denne vasen. 
Den fekk eg ein strålande deal på hos Slettvoll. 
Foreløpig har kvistar frå hagen flytta inn. 


Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg har fått i det siste:)
Det er så utrulig kjekt og motiverande!

Ikkje minst varmt velkommen til alle nye følgere:))

Ønsker deg ein strålande tirsdagskveld.

fredag 9. mars 2012

3 etasjers fryd

I dag har mamma og eg hatt heile dagen for oss sjølv og vore på handel i byn. 
Vi var på mange kjekke butikkar og eg oppdaga ein ny herlig butikk i Marken. 


Den heitte Mogs, dei hadde både interiør, sminke og kler. 
Og dette 3 etasjars fatet kunne eg ikkje gå i frå. 


Elskar fargen på det og ikkje minst størrelsen. 


Fatet er frå Bloomingville og har fått heidersplassen på spisebordet. 

Endelig er helga her:)
I morgon skal vi ha middagsselskap og eg gler meg masse. 
Kanskje det kjem bilder frå borddekkinga - vi skal ha thaiaften. 
Og som du ser så har vi fortsatt ein del karmer å male, prøver på nytte denne helga:)

Nyt fredagen - her blir det heimelaga pizza og avslapping.