... ei forteljing om kvardagskreativitet og sånn...



Viser innlegg med etiketten soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten soverom. Vis alle innlegg

søndag 31. januar 2010

Det lille vakre under

Eg har ein god ven i Ålesund, han er samlar, slik som meg.


For ei tid tilbake fekk eg ei gamal veske full av undertøy
som han har funne hjå ein nedlagd landhandlar.
Korsett som er sånn ca 70 år gamalt.


Her er det snakk om hold-in!
Eg har prøvd å få på meg eit av desse, men måtte gi opp.
Eg sveitta, stønna og banna lang tid før eg skjønte at enten
er eg for feit i knea
(fekk ikkje det lenger opp enn det)
eller so var kvinnene ekstremt tynne på den tida.
Eg kom til den konklusjonen at desse var laga for Dronning Maud
og hennar vekkopererte ribbein.

Det er berre ein liten brist i den sannheita, dei er laga 20-30 år for seint...



Iallefall, undertøyet er lekkert og på soveromsveggen min heng det eine til pynt.
Ein liten rosa blomst gjer det heile enno meir romantisk
og eg lurer veldig på kva dei tenkte,
dei damene som sto med denne i handa og hadde lyst å kjøpe.
(bortsett frå at den mest sannsynleg var for liten)


*sukk*

søndag 24. januar 2010

Pippi-søndag

Velkomen inn på soverommet vårt.
Her kan det skje rare ting.
Ansiktsutrykket til Tilda`en seier vel det meste.


Eg sydde min første i går,
før eg gjekk ned på syrommet heiv eg innpå eit par zyrtec,
eg er tross alt allergisk mot alt som minner om Tilda.

Men herlighet... kven kan motstå ein slik ein då?
Ikkje eg, ... lenger.


Litt småskakk, stakkars..
og det er berre min feil.
Eg kan jo å sy, difor treng eg ikkje lese bruksanvisning, trudde eg.
Neste gong skal eg gjere det slik som Tone Finnanger.
Då blir kanskje hendene sjåande ut som hender:)
Men søt vart den?

Over til rare ting som kan skje på soverommet:


Kva ville eg ha gjort i dag dersom eg var Pippi?

Hoppa i senga!
Som sagt so gjort!


Kjole, musefletter, to ulike strømper og ei god seng gjer susen.


Dette var supergøy, det anbefalast!
God trim for mange ulike muskelgrupper,
inklusiv lattermusklane.
Kjæresten synes eg er akkurat passe barnleg
og det er akkurat passe flaks for meg,
for denslags tolmod treng eg når eg spyttar han ned i rørleggersprekken
eller klipper i stykker boxershortsane hans;)

God Pippi-søndag til alle:)

Gå inn på den fantastiske fotografen H.Strøm sin blogg her
og få deg ein god latter!
Ho er like mykje Pippi som meg;)

onsdag 20. januar 2010

Sweet Dreams

Soverommet har fått den etterlengta sengehimmelen.
Eg har brukt to år på overbevise kjæresten
om at han vil kle ein kvit blondesak over hovudet når han søv,
for ikkje å snakke om meg!
Eg er jo ein engel.


Himmelen er laga av eit par gamle Ikea-gardiner
der eg har sydd inn eit lin-stoff og nokre meter mellomverk.
Knytebanda er laga av ei avdanka sengekappe.


Englehylla er eit bruktbutikk-funn som eg har spraya kvit.
Sengehimmel-buen er det mellomste-søs som har valsa til meg.
Ho er skikkeleg flink til slike "gutte-greier".


Puffane har fått nytt trekk.
Eg har fått nokre gamle putevar med mamma
og brukt to av dei på puffane.
Broderiet er so vakkert!


Sengeteppet er heimehekla og bilete har eg fått av kjæresten.
Det skal få henge over sofaen på stova etterkvart,
må berre finne rette ramma først.


Den nye krokrekka er på plass,
her heng sommardressen min og ventar på varmare vèr.


Korset har eg fått av svigerinna mi.



Til slutt smykkeskrinet som eg laga i haust.
Fire gamle treesker måla kvite og satt saman til eit slags smykkeskrin.
Oversiktleg og greit:)

Princess blei litt bekymra i går då ho fekk sjå sengehimmelen.
"Men mamma, kva skjer når Trond sovnar?
Han kjem til å snurre seg fast i gardina
og so våknar han i morgon som ei surra svinesteik"

Eg ser det for meg...
Men, eg kan berolige alle med at han greide seg fint,
heile natta gjennom!

*

No har eg ein date med målarkosten og eit målingsspann:)


torsdag 11. juni 2009

Soverommet før vi pussa opp:


Veldig grønt...
det var det første vi byrja på når vi fekk nøkkelen.



Det var mykje fram og tilbake om vi skulle måle dei flotte gamle møblane. Naboen skulle kaste dei i ein container og syster mi fekk redda dei i siste liten. Han såg lettare sjokka ut då vi spurte om vi kunne få overta møblane. Han kunne nok ikkje førestille seg at nokon kunne tenkja seg å ha det rukkelet. Men då tok han feil.
Dei er handlaga her i bygda og gull verdt, etter mi meining.
Vi (les: kjæresten) måtte forlenge sidevangane, for senga var berre 180 lang.



Den eine puffen, dei har allereie fått nytt trekk èin gong, det blir ikkje so lenge til dei skal få kvite blondetrekk... det blir so søtt, atte!



Det er jo eigentleg synd å måle over slike flotte møblar, menmen... resultatet ser du under:)
Velkomen til mitt/vårt soverom.

Slik vart det etter nokre målingsstrøk, både på møblar og veggar.



Denne prinsessekrona heng på døra, ekte prinsesser må ha krone!
Prinsen vil òg ha krone !??!!, men den er ikkje ferdigmåla enno. Eg nektar å ha ein rosa froskeprins på rommet, nemmeleg.



Biletet på veggen har eg fått av kjæresten i bursdagsgåve, vakkert, vakkert!!



Bamse breiar seg i senga, han nyt nok å ligge komfortabelt, elles ligg han lettare henslengt på golvet... heilt ufrivilleg.



Engelen har eg dratt med meg sidan eg var lita jente, eg fekk den av besteforeldra mine.
Kjært minne!



Møkkaknotter... dei går opp i liminga til stadigheit. Men fine er dei, likevel.