Viser innlegg med etiketten Kjøken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøken. Vis alle innlegg

onsdag 9. november 2011

Sinnasnekker`n...


...har ikkje vore her, men me har sett han på nett-tv! Og god underhaldning har det vore. Men det har også vore ein aldri så liten oppvekkar for Sjova. Kvifor irritere seg over uferdige snikkeringsprosjekt, når eg faktisk kan fikse dei sjølv?!Merkeleg at tanken ikkje ein gong har slått meg. Før Sinnasnekker`n sa det!


Ein gong for leeenge sidan, blei vifta over komfyren kledd med gips. Kva me skulle ha oppå der att, blei aldri heilt avklara. Gamal tegelstein? Flisar? Flammelakkering? Plutseleg var nye og viktigare prosjekt rulla igong, og då vifta gjorde nytte som ho var....Jau, då blei ho berre ståande. Omtrentleg som å setje sofaen inn i den nye stova FØR listene er på plass!


Det skal seiast at den uferdige vifta har plaga Sjova eindel, men det måtte altså ein Sinnasnekker til for at eg skulle setje igong SJØLV. For ei nydelege kjensle å skru av den plata! Eg slo eit par lekter på plass (traff ventilasjonsrøyret au...)og etter mykje oppmåling og litt rydding i stabelen av gamal kjøkenpanel, fekk eg kappa borda til og spikra dei på plass


Litt vanskelege vinklar,men verktøyet er verkeleg halve jobben! Og det manglar ikkje på utstyr her i heimen! Berre det at eg ikkje har visst heilt kva eg skal bruke det til. Ikkje før Sinnasnekker`n fortalde det.


Panelen er i herleg LivsLyst kulør, men måtte desverre vike for fargen Honning som pryder resten av kjøkenet. Skal innrømme at Sjaven måtte gje meg ei hjelpande hand då nokre ekle vinklar skulle kappas til på listene, men neste gong...


Om Sinnasnekker`n hadde godkjent resultatet veit eg ikkje, men Sjaven var mektig imponert (eg au) og det er det viktigaste. Han blei faktisk så inspirert at då han skulle kjøpe ny drill her forleden, sa han: Den her er ikkje berre til meg, den er til KON! Så takk til Sinnasnekker`n for å oppmuntre ei stakkars husmor til å innta ukjend mark, og gjennom det spare seg sjølv for mykje irritasjon og gubben for mykje mas!

Ha ei strålande veke vidare!
Sjova

lørdag 5. februar 2011

Kjøkenet kons i Lev Landlig!

http://www.facebook.com/pages/Lev-Landlig/437414615314

Eg elskar bladet Lev Landlig, og i denne utgåva er det ein aldri så liten reportasje frå nettopp heimen kons. Det er moro:-)

Vår alles kjære Livs Lyst har laga reportasjen, og  på bloggen hennar ligg fleire bilete frå kjøkenet;-)
(Som forøvrig gjekk føre seg med ein meget kvalm og nygravid Janne som IKKJE hadde orka mykje styling av korkje seg sjølv eller heimen- godt Liv var i farta;-)

No skal kylling og potetar i ovnen, og me gledar kon til besøk av gode vener!
Nyt laurdagskvelden.

Klem frå 
Sjova

lørdag 6. mars 2010

Her et me!

 

Sleng med et par bilete frå der me et eg!
Bondemøblar frå Lom- smijernskrone og kråskåp med kokebøkar.
 
 

Krullete laken på bordet og div. loppisfunn. Litt godis til gjestar (og husfolk) må alltid stå framme- no er det turka kikerter som gjeld:-)

Å ete er berre ein brøkdel av det som skjer rundt langbordet- her er verkeleg husets hjarte!

God laurdag vidare!

Sjova

tirsdag 2. februar 2010

Kaotisk systematikar?

 

Eller er eg systematisk kaotisk? Poenget er at eg elsker koppar og kar, bollar og fat, men dei opne hyllenen på kjøkenet er langt ifra noko utstillingsvindauge. Når sant skal seiast har ikkje hyllene direkte plaga meg; eg veit jo kor alt er og tinga gjev liv til rommet. Sjaven er derimot ikkje enig, og etter nok ein kommentar om kaoset i hyllene medan han demonstrativt fann ein plastkopp fordi han visstnok ikkje FANN NOKON TING, tok eg eit hint:-)
 
  
FØR
Mange fine ting- omtrent alt er loppiskjøp eller arvegods, men i eit salig kaos. 
Kva gjer rosesukkeret der?! Og har eg eigentleg noko gong bruka den brune snurreplata?!
Steiketakka er ikkje særleg fotogen, men ho Må eg ha innan rekkevidde for lefse- og braubakst.

 
 
ETTER
Vonar du ser litt forskjell?!Skulle sikkert organisert etter fargar og storleik, men det får vere grenser;-)
Alt er ofte i bruk og det overflødige hamna i "bruktbutikken" på stabburet. Veit jo ikkje kva eg vil få bruk for før HEILE huset er ferdig, og ved behov for omskolering har eg allerede bruktsjappa mi klar; med varer!


Små kaffekoppar har det etterkvart blitt eindel av, og til kvardags får gjestene på Hæujen kvar sin med ymse form og dekor. Ingen blir forvirra på kor sin kopp er, og eg ( berre eg?) syntes det rett og slett er sjarmerande på bordet:-)
Og for å gjere det ekstra lett både for Sjaven og alle, hang eg dei opp!

 

Medan kaffien kokar er det berre å velje akkurat den du vil ha! Romantiske blomar?Minimalistisk kvit? Med teksten ONKEL eller MOR?
Det skal seiast at eindel karar på bygda berre drikk kaffi av krus, og det har me au eit salig utval av...inne i skåpet;-)

Noko petimeter kjem eg nok aldri til å bli, men det er jo lov å jobbe med seg sjølv:-) Og i mellomtida kan eg perfeksjonere skippertaksryddinga mi!

Klem,
Sjova

tirsdag 13. oktober 2009

Honning og vanilje



Det skal seiast at kjøkenet er det rommet i huset me brukar mest tid i. Lagar mat, et mat, kviler i gyngestolen, surfar på nettet, har besøk; you name it!
Til og med fargane her smakar godt; honning og vanilje...



Spisestua fekk me i bryllaupsgåve, og ho har husa mangt eit selskap og matgilde. Over heng ei anna kjær gåve frå bryllaupet kons; ei handsmidd ljosekrone. Med levande ljos i ho blir kveldane meir enn koselege...



Kråskåpet FEKK eg i ein brukhandel og oppå står nokre fleire av Sjova sine kokebøkar i ei gamal margarinkasse.



Nydeleg?! Alpefiol i ei av oldemor sine skjønne potteskjularar. Ingenting i huset eg er meir redd for å knuse enn dei... Men brukas må dei!



Fann ut at noko av det gamle kjøkenutstyret kons like gjerne kunne gjere dobbel nytte i både gryte og som pynt! Faktisk lettare å finne dei ved behov også enn i ein rotete skuff...
Det skjønne opphenget til blomen har eg fått av min gode ven Livs lyst.



Som nemnt tidlegare likar eg pynt i glasa. Det her er eigentleg ei skoskrape til å ha framfor dynna. Fram til utearealet kons er ferdig får ho stå her og pynte opp.



Då gangen kons er eit salig kaos, heng me utekleda i det her skåpet. Elskar den slitte looken og så rommar det mykje. Ein gamal pianokrakk frå Sverige og på spegelen heng nokre nyper på ein ståltråd.
Med tid og stunder skal Ulabrand- omnen kons står her med kaffikjelen på og vaflar i jernet oppi ringane... Kjem du innom??



Ein gong set me nok inn glas i dynna, men eg likar stoffet og eg:-)
Den øydelagte pynten har vore ein krans, no minner det mest om ein hestesko.



Hjarte er ei av favorittformene til Sjova, og ingen ringare enn Livs lyst har laga det her hjarte som lyser imot alle som kjem inn på Sjaven og Sjova sitt kjøken.
Og litt kjærleik er vel ikkje det verste me kan gje vidare til gjestane kons?!

Ønskjer deg ei fredfull veke med mykje god hjartevarme!
Klem frå
Sjova

mandag 21. september 2009

Føler du deg pressa?



Føler du deg pressa om dagen?

Trur me alle gjer det meir eller mindre. Setninga traff iallefall meg, og har sidan opna for mykje tankeverksemd i desse oppussingstider.
Snart vinter og sno, me har ikkje vedomn, huset må målast ferdig, soverom må bli ferdig, vaskemaskina lek...

Måtte likevel le då eg vakna til denne pakka på sjølvaste bursdagen min.
Kva kunne det vere??



Ei syltepresse!
Gamal og godt bruka-- og heilt nydeleg.
Sjaven hadde på EIGET initiativ tatt turen til ei brukt- og antikksjappe og funne denne til meg.
Og det er stort for ein som i utgongspunktet ventar i bilen på slike stader:-)



Og du må ikkje tru ho berre skal stå til pynt! No er det slutt på alle provisoriske pressemetodar til sylta, og dette eksemplaret var i tillegg finare enn nokre eg har sett til no. Kan hende det gjeng an å presse blomar i ho au?



Solid handverk og perfekt funksjonalitet- lurar på kven som møysommeleg har laga ho, og ikkje minst kven som bruka ho? No skal pressa få bu hjå Sjaven og Sjova ei stund, og gje næring til både mage og tanke...

Dette livet; me må ikkje la det presse kon for mykje. Sjølv om ikkje ting er på stell akkurat no vil det bli det ein dag, og fram til då må me lette på presset som best er...

Sjaven; takk for dine herleg kommentarar, arbeidslyst og ikkje minst evne til å bringe humor inn i kvardagen kons! Det er gull verd.

Gode og lette ønskjer frå
Sjova


tirsdag 1. september 2009

Man tager hva man haver

Å byggje kjøken er ein kostbar affære- har eg høyrd. Visstnok blei det nokre kroner i isolasjon, panel og måling,
men utover det har ikkje kjøkenet kons kosta stort.
Mine kjære svigerforeldre byta ut kjøkenet nokre år før kon, og kan hende det ligg i slekti; iallefall var ikkje den gamle innredninga kasta:-)
Lakka tre som for lengst hadde gulna, med store sprekkar og lite freshe handtak
var ikkje mykje å skryte av, men i slike høve må ein vere desto meir kreativ.
Sjaven snekra og limte, me sparkla, pussa og grunna, og måla skåpa ljose. For ein forandring!


Handtak og knottar fekk me billig, og benkeplata var opprinnelig olja eik.



Eg er glad i mørkt tre, og lenge var benkane bra å ha, men det stadige behovet for oljing og pussing gjorde sitt til at eg ein vakker dag( for ikkje lenge sidan) vaska med trerens, pussa dei ned og måla dei grå med golvmåling! Så langt er eg stornøgd:-) Heile kjøkenet blei nokre hakk rolegare.


Nokre av dynnane til kjøkenskåpa lot seg ikkje redde, noko som var heilt ok. Eg har alltid lika opne løysingar på kjøken, men har kvia meg av di eg ikkje befinn meg i den altfor systematiske kategorien. Likevel blei det slik, og sjølv om nokre vil sei hyllene er rotete, meiner eg det gjev liv til rommet, og eit meir uhøgtideleg preg. Alle desse fine bollane og tallerkane kan jo heller ikkje gøymast bort.
Kan hende eg ryddar der ein dag, skal aldri sei aldri...



Den skjønne benken som stod i huset då me overtok, har vore inspirasjon til ein ny kjøkenbenk som delvis er ferdig.
Skulle hatt ein like velbruka og naturleg slitt benkeplate då, men men...
Kanskje eg finn det ein dag?

Vonar heimen kons kan vere til inspirasjon for deg.
Me kosar kon iallefall veldig her på bruket, og det må du også der du er!
Ha ei framleis god veke!

Sjova



mandag 31. august 2009

Hjarte i huset

Noko av det fyrste me tok tak i her på bruket var kjøkenet.
Eller det vil sei at me måtte lage eit. Heilt fantastisk at denne lille benken
var dei forrige eigarane si kjøkeninnredning! Eg elskar formen på han,
kledd i fas-panel med samme fargen som veggane,
og med superenkle, men desto meir sjarmige hasper til dynnane.



Det er sjeldan eg kviar meg for å dra brukt og gamalt inn i huset,
men denne benken hadde gjort sitt... Han er likevel ikkje kasta;
står på låven og ventar på å gjere nytte ein ny stad. Idear tas imot med takk!



Romma i huset er små, men då eit lite kjøken ville vore uutholdeleg for Sjova(og Sjaven)
reiv me ned ein vegg; og vips blei to til eitt.
Høyres nok enklare ut enn det var- hugsar enno eg aleine
måtte støtte ein ståldragar på x antall kg for beringa si skuld mellom romma,
medan Sjaven låg på loftet og prøvde å skru han fast!

Då veggane i huset er isolert med god, gammal ....luft(!)
blei beslutninga om å rive innekledninga, isolere etter Norsk Standard
(eit ord eg ikkje likar altfor godt) og panele på nytt i same stil, tatt.
Hadde vel ein romantisk draum om å behalde alt slik det var- tenk så godt blomane hadde lika seg i dei trekkfulle vindauga:-) Er imidlertid glad for dei nye veggane idag.
Vinterane i Telemark kan bli bra kalde, og du verda kor me kosar kon på det lune , nye kjøkenet.


Ja, bygging er iallefall noko eg, og me har lært mykje om dei siste åra. Trass slitet er det jo ein utruleg glede å kunne sei at ein har gjort ALT sjølv; ingen innleigde handverkarar her. Enn så lenge:-)





Vonar du kjem attende for å sjå meir av korleis heimen kons har teki form.


Måtte dagen din bli god:-)


Sjova
Related Posts with Thumbnails