Relativt enkle saker kan gjere fantastiske ting med barna sin leik! Alfred på tre år vart i alle fall bergtatt av denne kappa, og fantasien fekk verkeleg springfart! Mens Anna på 8 år lurte på kva det skulle forestille, om det var ein spesiell fugl, eller det kunne i alle fall ikkje vere slik eller sånn… Det er så trist å sjå korleis samfunnet og kvardagen og all vektlegginga på faktakunnskap, gjer fantasi og forestillingsevne til noko som er mindre verdt. Jenta mi, som alltid har vore kreativ og rik på fantasi, er skulejente og vil gjerne ha fasitsvar. Når skjedde liksom det? Alfred går heldigvis i ein barnehage der barnas leik og kreative utfalding er høgt prioritert, og vi to har stadig samtalar der vi snakkar om for eksempel grøne, flygande kyr som kjem og landar på verandaen… Kva skulle vi gjort då?! Eller andre rare og morsomme ting, som vi fantaserar rundt når vi lurer på noko, ser noko rart eller leiker og tullar. Dette er uvurderlege stunder for samspelet mellom oss, for meg sjølv, for han og hans utvikling av fantasi, forestillingsevne, språk, humor og så mykje meir. Dette er gull! Og heldigvis er det ikkje slik at storesystra heilt har slutta med slikt, det er berre at ho ikkje kan gjere det når som helst. Ho må liksom vere tydeleg på at dette er berre tull, og det er vel ikkje heilt sant, vel, mamma… Flink og stor!
Men tilbake til kappa… Eg var typisk veldig seint ute med ei bursdagsgåve til ein nevø, og Anna skulle pakke kofferten for å dra på vinterferiebesøk dit. No måtte eg berre finne på noko lurt! Men det er jammen grenser for mi oppfinnsomheit også, og eg fann ingenting i butikkane, som eg hadde lyst å kjøpte til han. Jaja, då var det berre å slå seg laus på syrommet! Og eg er fornøgd!
Ungane var med og bestemte at den skulle vere i ein blå-grøn variant, og eg fann fram stoffhaugane. Med sikksakksaksa (då kan det ikkje rakne) klipte eg trekantar, og dei vart av varierande storleikar og fasongar. Men det er berre flott på ei slik kappe! Eg brukte chambray frå Stoff&Stil til kappa, og hadde eg hatt meir, skulle eg laga den enda breiare, slik at den kunne vore festa til handledda… Men det blir kanskje neste gong? I halsen sydde eg ein kanal der eg sette i ei snor til knyting. Hadde eg hatt hemper ville eg kanskje brukt det i staden, for eg er ikkje særleg begeistra for knytte snorer i halsen på barn. Eg sydde på trekantane radvis frå botnen, og det var så moro å sjå framgangen og leike seg med kva for nokre bitar som skulle vere dei neste. Herleg! Og slike vil eg lage fleire av!
"Kva er det..?" spurte Anna, då eg stolt viste den fram.
"Åh, det er ei dragekappe!" seier Alfred entusiastisk og begeistra!
Suksess! Håpar bursdagsbarnet likar den også… ;)
Ønskar deg ein fortreffeleg laurdag,
og god vinterferie til deg som skal ha det!