Det kriblar litt i magen. Musikken som svingar seg gjennom huset passar til stemninga i meg akkurat no. Sola skin på meg gjennom vinduet, og lufta utanfor er sprakande og knirkande kald. Eg sit og vaklar på ein gammal trappekrakk, og rundt meg er fargar og mønster og ei nesten uoverskueleg mengde inspirerande materiell.
Dette er lukke! Eg har fått eige syrom!
Det er nye tider her i huset. Mykje skal skje i dette nye året, og medan vi ventar på at fire skal bli fem, humpar eg rundt heime og vekslar fint mellom å ligge godt oppstabla mellom putene og synast synd på meg sjølv, og det mykje betre alternativet; frydar meg over tid til utløp for oppdemt kreativitet! Oh joy!
Dei siste månadane har eg dagleg tenkt ut opptil fleire blogginnlegg eg skulle laga, og no tar eg atter ein gong sats og hoppar i det. Blogginga har gitt meg så mykje, og eg er definitivt ikkje klar for å gi opp den, altså. Håpar det framleis er nokon der ute i verda som har lyst å bli med ferda vidare!
Den fine kattepungen har Ingrid Riddervold sydd!
Ønskar deg ein fortreffeleg vinterdag!