Photo by mobilkamera i kveldsmørket...
Har fått i oppdrag å sy to firkanta toalettmapper, og måtte prøve meg i dag. Den vart jammen ganske fin, sjølv om eg nok kjem til å gjere nokre endringar på dei neste i morgon... ;) Måla vart ca 18x18x9,5 cm, i staden for ca 30x20x20, så då er det vel berre å finne fram penn og papir. Eg må teikne for å klare å visualisere mønsteret og måla...og så er det vel berre å bruke matematikkunnskapane?Det er faktisk fleire ting som har blitt produsert ved symaskina i dag, og det er så utruleg tilfredsstillande! :) Ganske stolt også! Og så vart eg så glad i dag, for mannen var ein snartur til byen og fekk bestilt kamera! Hurra! Så i løpet av neste veke skal eg vel kunne klare å lære meg det godt nok til å ta fiiiine bloggbilder igjen.
Ønsker dykk alle ei riktig god helg!