Viser innlegg med etiketten oppbevaring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppbevaring. Vis alle innlegg

fredag 14. oktober 2011

Kameraveske for ladies!

Åh, så kjekt det hadde vore å ha ei slik veske! I akkurat denne nydelege gule varianten, og fyllt til randen med fotoutstyr og nødvendig kompetanse... Eg har så lyst å lære meir om fotografering! Og eg har så lyst å ha meir tid til å fotografere! :) Har du lagt merke til at det er skremmande kor fort mengden med dagslys minkar frå dag til dag no? Uff, eg vil ikkje heilt tenke på det. Heldigvis har vi handarbeid, te, stearinlys og evnen til å kose oss! ;) For ikkje å snakke om ein og annan fridag!

For å kikke nærmare på desse kameraveskene kan du enten klikke på det lånte bildet eller gå til Jo Totes her. Denne skal i alle fall opp på mi ønskeliste. Saman med eit lite kompaktkamera. For det er jammen tungt (og litt tungvint) å dra på ei heil veske full av utstyr... ;)

Ønskar deg ein super fredag!

mandag 13. juni 2011

DIY superenkelt strikkepinneetui!

I dag skal eg endeleg få gitt bort ei bursdagsgåve til ei god og skjønn venninne som hadde bursdag for leeenge sidan. Det er nesten litt flaut, men eg har liksom hatt ein plan om å gi henne eit strikkepinneetui, men av ein eller annan grunn har eg ikkje orka å begynne på akkurat det prosjektet. Det virka liksom litt stort, på ein måte... Men eg kan absolutt ikkje forstå det no! Tenk at det skulle vere så lett! Og så gøy! Og så vart det kjempefint også!! :) Kanskje du også har lyst å prøve? Den superenkle varianten? ;)
Først finn du to fine stoffstykker, ca. 50x60 cm... Ja, eg hugsa ikkje å ta mål, men trur dette skal passe. :)
På det eine stoffet stryk du på vlieselin, slik at det blir litt meir hald i det. Då blir ikkje etuiet slaskete, men held fint forma, og eg tenker også at det toler litt meir av spisse pinnar og slikt når det er litt stivare.
Legg stoffa rettside mot rettside og sy rundt. La det stå att ei opning på 6-7cm til å vrenge gjennom.
Dette holet syr du igjen etter at "posen" er vrengt. Så stryk du kantane for å få det pent.
Brett inn ein del av stoffet, slik at det er plass nok til å ha strikkepinnar i oppbretten, men samtidig nok stoff att ovanfor til å brette ned over toppen på strikkepinnane. Kanskje du kan brette inn om lag ein fjerdedel, slik at kanten blir midt på stoffet? Prøv deg fram. Så måler du opp dei små lommene, og teiknar ein strek. Eg laga dei første lommene 3 cm, så auka eg til 4 cm og dei siste til 5 cm...sånn omtrent. ;) Den aller siste lomma er ekstra stor, slik at der er plass til ulike ting. Merk av øverst og nederst og teikn ein rett strek i mellom (med for eksempel ein krittblyant, eller noko anna som ikkje viser så godt). 
Sy ein saum frå brettekanten og til toppen på lomma.
Fest på eit kanteband i ein matchande farge. Eg plukka ut det oransje frå midten av blomstrane, og det vart fiint! Kanskje må noko av kanten syast med sikksakksting før du festar på kantebandet, så blir det litt flatare og lettare å få til. Kantebandet tar eg berre mellom fingrane og held på plass medan eg syr.
Her kan du sjå korleis lommene auka i storleik, og at ei saks kan passe i den største. Praktisk. :)
I enden har eg også festa på navnelappen min og ei silkesnor. 
Snora kan du feste inn under kantebandet, eller feste pent etterpå. :)
Til slutt festa eg på tal for å merke lommene til ulike pinnenummer. Veit ikkje kor lenge dei vil sitte på, men tøft vart det i alle fall! ;) Ein kan også bruke ein merketusj og skrive på for hand, 
eller kva med å brodere tala med korssting..?

Håpar mottakaren blir fornøgd! :)
I dag skal eg vere saman med fem gode venninner heile dagen! Heldige meg!
Vi har lånt ein barnehage, og skal rigge oss til med symaskiner og stoff og lekre band, sybøker, fargar, god mat, deilig te, inspirasjon, motivasjon og skaparglede. Så herleg det skal bli! :)
Eg har litt sydilla om dagen, og frydar meg over alt som blir til!
(Innlegget skreiv eg i går kveld, og det er berre juks at eg liksom legg det ut no..)

Ønskar deg ein strålande 2.pinsedag!

mandag 10. januar 2011

Orden i sakene

No skal du sjå det blir orden i stelleveska! Endeleg... ;)
Eg rekk ikkje så mange store prosjekt no for tida, men har storkosa meg med desse posane!
Stoff og band til posane har eg kjøpt både her og der, og inspirasjonen er stor på bloggane rundt omkring.
Kanskje kan du også inspirerast til å sy små posar! Ein treng i alle fall ikkje mykje erfaring for å få det til!
Denne øverste posen brukar eg til bleier i stelleveska, og den er verkeleg til å bli glad av! :)
Lillebror er ikkje særleg interessert i å ta smokken, men eg gir ikkje opp så lett. 
Det er jammen greit å kunne sette i den proppen i blant!
Men når smokken stort sett berre blir hengande i snora si eller liggande og slenge, 
då er det jammen greit med ein liten pose å oppbevare den i!
Skiftetøy må vi også ha med overalt, sånn som denne herlege bodyen frå Duns, som Lillebror fekk til jul.
Eg sydde ein liten pose av fleire ulike stoff, og no er det så mykje lettare å finne fram 
i den store veska som brukast til stelleveske!
På onsdag tar eg med meg barna mine og legg ut på reise! Åh, som eg gler meg!
Så då måtte bæresjalet også få ein liten pose, slik at det blir litt lettare å frakte med seg på tur.
Vi skal reise med både fly og tog, og kjem etter kvart fram til tanta og onkelen i Gøteborg.
Der blir det gåtur og cafèliv og masse opplevelsar, kos og hygge, tenker eg! Herleg!!
Litt fleire bilder heilt til slutt. Eg er jo ganske fornøgd med resultatet, men er enno ikkje heilt ferdig med poseprosjektet. På kjøkkenbordet ventar posane som eg skal pakke barna sine klede i, for alt skal jo opp i den stoore sekken som eg skal ha på ryggen. Eg elskar å vere på reise! Og med sekk på ryggen har ein armane fri, så eg forstår ikkje heilt dei som reiser med koffert, altså.. Ok, det har sine fordelar, men eg likar sekken min!

Kom forresten på at det kom ein del kommentarar om den fine ugla mi,
og den er ikkje frå House Doctor, men Madam Stoltz. Kjøpt på Ting.

Ha ei flott, ny veke!


blogger template by lovebird