Viser innlegg med etiketten øyrepynt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten øyrepynt. Vis alle innlegg

onsdag 2. november 2011

Roser til folket!

Tusen takk for strålande respons og ei mengde gode tips til Købentur! :) Trur vi skal greie å fylle tida og tømme lommeboka... Og forhåpentlegvis fylle på med inspirerande og fine opplevingar og god mat i magen, også! Og eg skal sjølvsagt sjå om eg kan levere rapport her i etterkant av turen.. :)

Det har komt nye, raude epleklokker i butikken min  g u r o på Epla. Der finn du no også ei mengde nye øyredobbar med emaljerte roser på. Dei er så skjønne! Løp og kjøp! :)

Storesøster er sjuk og sit framfor tven, og eg sit ved sidan av og puslar. Litt strikketøy og litt blogging, mykje snytepapir og mykje hosting. Ute skin sola og det er ein nydeleg haustdag! 
Nyt dagen din, du også!

tirsdag 28. juni 2011

Roser på Epla

Nye varer i Eplabutikken min
Denne gongen har eg lagt ut fargerike øyredobbar i ulike variantar,
i tillegg til at det er fylt på med fleire fine sanseputer.
Klikk på bildet for å komme til butikken!

Det er utruleg tilfredsstillande å pusle med småting!
Eg kosar meg med kreative syslar innimellom alt babystyret... For eg skal ikkje legge skjul på at det er eit styr med baby, altså! I dag er Lillebror 8 månader, og eg hadde verkeleg trudd at innan den tida skulle han sove godt både om natta og dagen, ligge på golvet eller i graset og bable og vere fornøgd...men ikkje denne guten, nei! Men heldigvis, han er frisk som ein fisk, og sjølv om han rasar og skrik nede på golvet, blir han glad og blid og utruleg sjarmerande når han får komme opp i armane. Vi tullar og ler og syng og herjar, og så lærer han vel å trivast på bakken etterkvart... ;) Snart stenger barnehagen, og fantastiske Storesøster kan leike og kose med han heile dagen...nesten. :) Eg gler meg, sjølv om det er trist og vemodig at ho ikkje skal vere barnehagejente lenger. Tenk, mi vesle jente skal begynne på skulen! Det er veldig, veldig rart, og både skummelt og spennande for både mor og barn, trur eg. ;)

No skal eg rydde saman krearotet mitt for kvelden, og så skal telefonen få gå varm.
Det er på tide med ein lang og god prat med ei veldig klok og god dame,
nemleg mamma mi, som har denne bloggen..

Ha ein flott kveld!

lørdag 8. januar 2011

Øyredobbar til Epla

Eg fyller stadig på Eplabutikken, 
og denne gongen med ganske spreke øyredobbar...
Det vil også komme ringar i samme stilen. Kva syns du? ;)

Ha ein fortreffeleg laurdag!

søndag 22. august 2010

Sprudlande energi!


Eg må berre reklamere enda meir for meg sjølv...!
Herleg fargesprakande og nydeleg skjønne spenner og øyredobbar!
Desse og enda fleire kan du no kjøpe 


Det har vore tid til å pusle med ting i det siste.
Og ikkje minst har eg hatt energi, lyst og inspirasjon til å halde på.
Det syns eg er eit privilegium. 
Alt dette.

vilje
kreativitet
motivasjon
inspirasjon
energi 
tid

La oss ta vare på dei sjansane vi har 
til å pusle med slikt som er gøy!



blogger template by lovebird