For nokre år sidan fall eg pladask for ei veske på Quiltegården i Trondheim.
Den var stitchet med eit motiv frå ei japansk bok, og kombinert det med eit fløyelsstoff . Det var ikkje mønster til veska, men eg fekk lov å herme. Eg herma med fargar og motiv, men laga ein anna fasong på veska.
Motivet er sydd med svart tråd, og kattane er applikerte på med tungesting.
Fløyelstoffet er rynka på broderiet.
Det er stitchery rundt heile veska, og pga rynking og sydd botn, er det bra plass i veska.
Her er eine sidekanten.
Hankane er festa på med hemper. Kanten oppe er dobbel med vatt mellom,
og foret er også rynka på.
Eg likar godt denne veska, og eg brukar den i ulike samanhengar, for den passar til mykje;)