Eg bestilte ein kalender frå Lykketegning.
Januartegninga inspirerte meg til å prøve å sy motivet,
og eg blei ganske fornøgd til å vere første forsøk.
Eg har brukt frihandsquilting både til applikering og tekst.
Dette var midt i blinken for meg, for eg er glad i
koselege motiv, fine uttrykk, og å skrive fritt med symaskina.
Ingebjørg R. Sjåland har så herlege strek.
Under her er kalenderbildet ho hadde på facebook.