Viser innlegg med etiketten Bianca. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bianca. Vis alle innlegg

søndag 13. juli 2014

Forvandling av tuja


Ein liten spire av ein tuja i ein juledekorasjon for mange år sidan, hadde blitt til eit digert monster i hagen vår. No har vi saga bort massevis med greiner, og den blei heilt forvandla. Det dukka opp mange stammar inne i tréet, og ein del av dei blei fjerna. Dette ga rom for at eg kunne leike meg litt med dekorasjon.


I januar 2013 hadde eg eit innlegg om dette umonterte kursprosjektet. 
Der nemnte eg at denne tujaen hadde blitt så stor at vi snart måtte fjerne den. 
Då fekk eg denne hyggelege kommentaren frå Marje med den fine bloggen Hagen i svingen
Ååååå dette var kjempelekkert !!!!
Jammen godt det kom fram i dagen i gjen.....alt for fint til å ha liggandes.
Eit lite tips :D Du må ikkje sage ned tujaen din, stam den opp. Det blir kjempefint. Visst du synest den er for høg kan du fint klippe av høgda og forme den som ei kule kjegle e.l. Kan bli litt stygt med det same men det veks ut nye skudd og då blir den flott. Var det eit godt tips ? :)

God helg til deg.
Klem MarJE.
SvarSlett

Svar

  1. Tusen takk;) Det var godt den dukka opp igjen, ja;) Og takk for tuja-tips! Vi må vurdere dette til våren. Den står så nært nedkjørsle og inngang at det må sjå skikkeleg ut.


Her er eit aprilbilde av tujaen frå 2012. Vi har knapt nok hatt snø sidan då.


Bianca hadde bursdag, og fryda seg over snøen ho fekk i gåve. 
Nesten hele denne nederste delen av tujaen er borte no.


No for tida skin sola, og det er kjekt å vere i hagen. 
Det kan hende at vi prøver å forme meir det grøne etter kvart, sidan det var ein del av tipset også;)


I går laga eg bursdagsselskap til mitt kjære søskenbarn Sissel. 
Då kom eg på at eg ville prøve å dekorere tujaen til ære for henne.


Eg fann fram ei stor krukke som passa innimellom stammane. 
I tillegg til ulike blomster, måtte eg sjølvsagt ha ei tørka grein i krukka. 


På ein avsaga stamme står ei uro i form av eit lita kanne.


Eg klipte roser, kaprifol og alium frå hagen og danderte innimellom.


Og den fine spaden med Welcome, som eg fekk av barna då eg hadde rosen i ein fot for seks år sidan, passar godt inn i samanhengen. 
Dette var mi første prøve, men kjenner eg meg sjølv rett, så blir det nok nye dekorforsøk.


Tusen takk for idéen Marje! Hadde ikkje du tipsa meg om dette, 
ville nok heile tujaen vore borte, og no ser eg kor dumt det hadde vore;) 
Du kor kjekt det er med gode bloggvenner;)




søndag 6. april 2014

Bianca 4 år


Mitt lille, søte "barnebarn" Bianca har bursdag i dag, så eg såg litt bakover i tid. 
Til 1-årsdagen sydde eg eit boktrekk til Birgitte, der eg brukte stoffprint av det lille knøttet.
Det er frå første gong Birgitte fekk halde henne, og heime venta kosedyret Bernard.
"Bernard og Bianca" har du vel hørt om.


Trekket er frihandsquilta både foran og bak, og ei snor kan brukast til bokmerke.


Og inni quiltinga står det "verdens søteste sheltie".


 Bianca elskar snø, og på toårsdagen fekk ho i rikeleg monn.
Her spring ho så ørene står rett opp.


I fjor kunne ho også glede seg over snø.


Men i dag derimot, blei ikkje gåva kvit og kald. Ho har knapt nok sett sorten for heile vinteren!
Matmor posta dette vårbiletet frå Smøla i dag. 
Gratulerer med 4 år Bianca! Du har sjarmert din "tidlegare antihund-bestemor" i senk;)
Gleder meg til du kjem til påske.


onsdag 17. april 2013

B for ....


B for beste Bianca, mitt bedårende barnebarn:) Balanse.


Bursdagsbarnet sette potetrykket sitt som ring over Å-en.


Boblebad og balsam i pelsen


 Baller i pelsen etter boltring i bursdagssnøen.


Birgitte sitt første møte med Bianca.


Boksen til pinnene er malt og dekorert med stoff og hyssing.


Boksen til kvistene er dekorert med barnestoff og bark.


Bregne.


Blad.


Blåbæra får sette strek, for dette B-innlegget kunne ha blitt veldig langt:) 
Bieber fekk ikkje bli med.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...