Viser innlegg med etiketten hjarte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjarte. Vis alle innlegg

fredag 10. november 2023

Eit tidsfragment berre

eit rom i grønskjær, kalde murveggar

og midt imot: ei glatt flate

hengande på ein spiker, speglar den andre

meg, slik eg ser ut frå eit fjernare perspektiv

 

i dette sekundet er eg to, og djupna i rommet er større

berre tida rører på seg, eit augeblikk

og alt smeltar bort – eg såg inn i noko anna

men hjartet er fortsatt det same

lørdag 17. oktober 2020

Hjartet held handa

handa di greip om hjartet mitt

knuga det fast i søvnen,

let det vere ei hamn å ankre opp i

sidan verda elles er ukjent, grå og mystisk


handa di slapp aldri taket, sjølv

om blikket vandra vidare utover

til ei veksande verd

ekspanderande håp og vilje

til å vere ei brikke i det store spelet

og ein kan seie

at hjartet no har kapsla inn handa

og meir held deg enn omvendt

og strekk sine nervetrådar til brestepunktet

for å følgje deg kor enn du går


og du går

 

tilbake ligg hjartet mitt

bankar taktfast i eit heiarop

som ikkje vil stogge før heile eg

ikkje treng noko hjarte 

å fortøye meg til verda med lenger


tirsdag 13. oktober 2020

Raude spor

det var raude spor eg følgde,
raude merke
i den gule skogen

like til grensa av verda
følgde eg merkene
som ikkje lenger hang fast i bakken
men kleba seg til sko og hender

like bortanfor verda
gjekk eg etter raude fotspor
som ikkje lenger festa seg til klede
berre
men trakk inn i huda, inn i blodet

laga ein sti frå hender og føter
og inn til hjartet
farga det raudt

slik spora eg følgde
heilt til endes
og alle spor og alle steg
smelta saman
til ein ny identitet
som no er meg


mandag 5. oktober 2020

Livlinehjarte

blikk i grå bakke
vegar som vaknar i hjartet
medan lyset smalnar, flyktar
for frostnattimane utan fridom

blikk som leitar i vilske
etter vegar å vakte, elske
ein stig gjennom kratt, ei line over djup
opnande gap i grunnen pustar død

auge som møter auge
ein varme i hud mot hud
hender strekt over avgrunnsdjupet
mitt eige liv er du livlinehjarte





onsdag 23. september 2020

Tovegsmonolog

akkurat som om nokon
tenkte ein tanke
som handla om deg     no

tenkte at du er ein person
det er mogleg å tenkje på
med glede

og denne gleda kan du merke
for den går begge vegar,
om du vil eller ikkje -
tanken er ein monolog for to

tanken lever ikkje aleine,
som hjartet alltid bankar i takt med noko anna
og ikkje slepp 

sjølv der grensa mellom huda og tanken
er eit hinder for beina, vil tanken sleppe gjennom
og gleda lyse som ein sluse
den kan vandre i


torsdag 17. september 2020

Skal skal ikkje

to par nevar
- noko som ikkje er nevar
men eit blankslipt knivblad
av noko anna
enn metall

sakte roterer dei
midt i hjartet mitt,
gjer tilfeldige utfall
når eg minst anar det

skal
skal ikkje
og du

endå du ikkje veit det
er det du som er sjølve rommet, du er lufta
du er golvet og veggane
og kjensla av å vere i eit rom

så går hendene laus på kvarandre
og eg kjenner smerta
som eit usynleg knivstikk i auga
når du går frå meg

svinsande nedover vegen
som om lufta er full av konfetti
medan det som fell
er mitt eige, fresande blod


lørdag 22. august 2020

Kjærleiken er eit skjold

kjærleiken er eit skjold
syng fuglen
den vesle grøne fuglen
me alltid høyrer
rett før sola fell bak fjella
og månen endå er både ny
og rund

set skjold mellom avgrunn og håp
kvitrar fuglen,
syng ein song om kjærleiken
som er
eit skjold
for hjartet

tonane flyt som ein surrande bekk
mellom husa

den vesle grøne fuglen
er i hjartet
og kjærleiken er

berre
               er


søndag 26. juli 2020

Åkerland

å hjarteland, mitt hjarteland
du opne åkerlandskap
i mitt indre

kor du lengtar etter lyset!

kor furene strekk seg mot himmelen
i snorrette linjer,
kor dei skjuler det som er planta

til lyset og vatnet gjer si gjerning
lyftar alt fram i dagen;

noko til skrekk og åtvaring
noko til glede for verda

her kan du få vandre langs kanten
og plukke det du ynskjer

for det er ditt, alt saman
om du vil


tirsdag 14. juli 2020

Halv tanke

her er ikkje sollys
nok
til ein heil tanke,
her er ikkje kulde
til eit bankande hjarte
nok
å krype over, forsere
i kampen mot seg sjølv

her er sollys
for trøytte bein, men
tankane
er borte

torsdag 9. juli 2020

Steinhjarteåker

eg betalar dobbelt
for eit hjarte av gråstein,
set det på utstilling - sjå
seier plakaten
ingen andre enn dei hjartelause kan sjå

sakte vinkar eg til meg
vandrande struts i gågata,
åkerfurene ligg opne som sår
heilt ned til rundkøyringa
der hjartet ein gong vart grave ut
av fjellet

stille spankulerer dei inn i plakaten,
fyller den med fjør og dans

stille spankulerer dei vidare inn i veggen
byggjer om huset
til ein dyrepark
med bur, låser seg stille inn

jungel, kviskrar eg
og steinhjartet eksploderer
utslettar heile byen

berre parken står att
omgitt av fersk, tusenårgamal urskog


onsdag 8. juli 2020

Alt er ope

regnet opnar bakken
som i ei glidelåsglidande rørsle
ligg alt ope, 
me kan sjå like inn i det varme hjartet
som ligg der og pulserer,
spyttar varme bekkar rundt i terrenget,
løftar lengten opp mellom trea
som usynleg utpust

alt er ope
så me opnar oss i ekkoet, løftar ansiktet
midt i denne straumen av vatn
som ikkje har noko retning,
berre avstand

let beina gli vekk frå trygge vegar,
let hendene finne nye hender
og blikka ferske blikk
på andre sida av vulkanen



fredag 3. juli 2020

Sommarfugl i hjartet

det bur ein sommarfugl i hjartet mitt
ei mjuk venge      som lengtar
etter luft, oppdrift, draumar
den kan fly rundt i
tankar den kan fargeleggje
utan distraksjonar        ja, det bur
ein sommarfugl
i hjartet mitt, eit frø som vart planta
og vatna, ein lengt som har vakse seg stor
i denne jorda
der sommarfugllarvar kan kapsle seg inn
og kapsle seg ut
som svevande ord
i eit univers fylt av meining, det

bur ein sommarfugl i hjartet
ditt, ein som verda ikkje kan sjå

og berre du
kan setje den fri


fredag 15. mai 2020

Pust mot kinn

auge bak veggar av glas
fottrinn i grus, ein knusande lyd
knapt høyrbar

ein pust
mot eit kinn
opne auge
i forventing

noko meir
vil kome
hjartet kan kjenne det

at tida strekk seg
at verda opnar seg
at blomar blømer
nett når dei skal

og pust møter pust
varmt mot varmt
ein front på veg inn mot hjartet,
flyttar inn, fyller plassen

kor du aldri må gå --
grip det, hald det, ikkje slepp det
nei, aldri!



onsdag 29. april 2020

Reflektor

denne lengtande overflata
som speglar alt den kjem over

ukritisk plaprande
smiskar seg inn 

let seg føre ut over alle stup
utan kritikk, tom for indre medvit

vert ein reflektor for hjartedjupa
og sjølv eit djup utan lys

stemma mi forsvinn når eg opnar munnen,
hjartet stilnar først når auga vaknar


lørdag 25. april 2020

Gjennom sildrande regn

kva har du gjort
med hjartet mitt?

desse tunge skyene
den grå skodda, alt
regnet - alltid dette sildrande regnet

tenkte eg
og sank ned
i mismot

til du sendte meg eit nytt smil
lik det du sende ein gong før

og sola stråla opp
og alt regnet
        som vætte jorda
gav næring til dei små frøa
og alt berre bana seg veg
ut i lyset
og spira

som ein eksploderande vår --


mandag 13. april 2020

Sverdet

du stakk det tviegga sverdet
tvers gjennom hjartet mitt

kløyvde det i to, og slo resten i bitar
med blodige hender
      alt var berre støv og småstein
då du tømde det ut på golvet,
sa: ikkje sjå
det er mørket som har bygd si festning

no ligg berre ruinane att
langt utanfor synsfeltet ditt 

og gjennom kroppen, der sverdet gjekk inn
er der eit korsforma arr,
du fylte tomrommet etter steinhjartet
med levande blod og musklar -

så går eg her
med forma til sverdet som eit merke
og dagslyset har inga størknande makt over meg
lenger



lørdag 21. mars 2020

Millimeterbom

viss du skal reise
med rakett til månen
skal det ikkje så mange millimeter til
med feilinnstilt kurs i starten
før raketten hamnar
ein heilt annan stad

då du veik med blikket
hamna varmen i auga
så utruleg mange kilometer vekke
frå hjartet mitt
at skaden er så å seie uoppretteleg


tirsdag 25. februar 2020

Denne natta


eg var i ferd med å tømme hjartet
endå ein gong     vrenge det

la dei tynne solstrålane brenne
seg veg gjennom sovande vev

denne natta, som først var tåke
og eit botnlaust svelg å trø inn i

er no som ein port, ei opning
inn til ei anna verd  -  eit anna liv



mandag 9. desember 2019

Det verkeleg kalde

det ligg snø på hjartet mitt,
ein mjuk puddersnø
over hardare skare

og under der -
tela som strekk seg som fingrar
innover mot det djupe

alt dette kan smelte

det verkeleg kalde
ligg inst inne,
ein kjerne av plastisk is,
upåverka
av milde vårvindar
eller jamlege streif av lys

her trengs det eit jordskjelv
ein vulkan
ein kjernefysisk fisjonsprosess

berre ei hydrogenbombe
på storleik med eit barn i ei krubbe
kan trengje inn og forvandle
kjernen