Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
mandag 14. januar 2019
lørdag 19. desember 2015
Jul
noko
veks fram
i
det konsentrerte rommet
mellom
oss
usynlege
band i vekst,
blikk
og glade ord
som
små bruer
vi
gjer dette felles
og
noko veks, vert sterkare;
resultatet
elles er ikkje relevant –
med
blikket utover
mot
stjernehimmelen
og
blikket nedover
langs
historielinjene
veks
ei visse fram i hjartet
som
ei spegling av noko usynleg;
dette
barnet i krybba
kom
også for mi skuld
det
er draumen
at
verda skal møte oss
kamuflert,
staseleg kledd
som
ei betre utgåve av seg sjølv
likevel,
eit vestlandshjarte veit
at
det er regnet, den ærlege sanninga
om
enn mørk og fuktig og rå
som
teiknar det verkelege biletet av jula
idyllen
er eit ferniss,
under
det heile ligg årsak og verknad;
at barnet i krybba måtte
komme
og
bar med seg draumen djupt i hjartet –
mandag 18. november 2013
Skatten
Kjensla eg skildrar i dette diktet, er den same kjensla som gjer at eg syns Terje Vigen er eit av dei tristaste dikta som nokon gong er skrive - han får oppleve mitt verste mareritt. Det er også den same kjensla som den som klemmer hjartet mitt saman, pressar lufta ut av lungene og etterlet meg på ein grå og tom plass når eg høyrer om gateborn som må tigge for føda - aleine og utan kjærleik, foreldre som må sjå sine eigne barn svelte ihjel, unge jenter som vert tvungne til å selje kroppen sin, forsvarslause foster som vert drepne, born som ropar etter mat langs vegane på Filippinene, foreldre som må ta farvel med sine sjuke, døyande born, familiar som vert drivne på flukt frå eigne heimar, utan håp om å vende tilbake... Lista er lang, og kunne vore lenger. Og eg veit eg er heldig. Eg har nokon som ventar på meg, og nokon eg kan ta vare på, der regnbogen endar...
eg
har ein skatt
nordafor
fjorden, austafor havet,
der
bølgjer vert knuste
mot
utemt natur
og
vatnet strekk sine armar
inn
i landet, der,
mellom
ruvande fjell
er
ein firedelt skatt – som ventar
ein
skatt som lokkar attende,
dreg
lik ein magnet;
og
eg kjem
for
lengten er stor, og
eg
veit –
det
er nokon som ventar
der
framme
der
røter er festa og vikla i saman
- min
lengt, mitt håp –
der
er skatten eg vernar, der er skatten
eg
ser, når eg søv, når eg vaknar
gjennom
dagar med slit, gjennom dagar
med glede
er
det tanken på skatten, min skatt
som
stør mine steg
og
vender mitt hjarte
tilbake
heim
–
onsdag 5. juni 2013
Verditing
Han brukte
all si tid
på huset og
bilen og båten
og hytta
Utvida, fornya, forbetra
Høgare standard, meir komfort
Og bankkontoen – den skulle vekse
Renter og aksjar
Den høge pensjonen
- Det skulle bli mykje, ja, mykje meir
Ei natt i oktober, ei natt utan vind,
utan regn, under klare stjerner
og blikkstille vatn
Sovnar han inn – utan dramatikk
Huset vert
selt, og bilen og båten
og hytta
Pengane, også dei på konto,
vert gitt
bort, til Røde kors
Det einaste barna beheld,
er eit foto frå fjellturen i 1974
- den gongen han heldt rundt dei
med trygge armar
Og smilte til kamera –
Abonner på:
Kommentarer (Atom)