eg
såg ein gong eit tre
det
stoltaste av dei alle,
høgreist
og flott, med heva blikk
i
den store skogen
eg
såg kor det måtte bøye seg
for
vinden ei haustnatt
og
vinden i vinterkulda
kor
vårvinden drog det mot bakken
eg
såg kor det måtte la seg forme
av
det usynlege - lufta det pusta i
såg
kor krokrygga og audmjuka det vart
av
dette naudsynte grunnlaget for livet
eg
såg ein gong eit tre
det
mest audmjuke av dei alle,
bøygd
og tøygd til det ukjennelege
i
den store skogen
eg
såg kor det smilte mot meg
let
gleda skine som eit mysterium;
kjente
ei undring over dette snodige
- at
det først no var eit lukkeleg tre –
Livet formar oss enten vi vil eller ikkje..
SvarSlett