det
står eit tre
med
tomme greiner,
strekk
sine sprikande fingrar
mot
ein himmel
høgt
der oppe
det
står eit tre
med
tause tankar,
let
røtene kvile
i
trygg visse
om
våren som kjem
det
står eit tre
med
stumme ord,
det
er ikkje meir å seie
enn
det vi
allereie
veit –
det
står eit tre
med
tomme greiner,
ein
dag kjem sola att
med
liv
til
tørre årer