Viser innlegg med etiketten sommer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommer. Vis alle innlegg

27 august 2011

fordums glans

Tenk om nokon kunne tatt vare på dette fantastisk fine huset?!

Eg har så lenge eg kan huske vore opptatt av å sjå på hus og gjerne inn i hus:)
Kvar sommer i barndommen dro vi på campingvognferie til Ørebro  i Sverige, og da passerte vi dette huset. I Lesjaområdet i Gubrandsdalen ligg det på nedsida av veien, og eg inbiller meg at det allereie da sto fråflytta. Og alltid måtte eg sjå på dette huset, det er så spesielt. I sommer passerte vi det igjen, og forfallet hadde berre blitt so stort synest eg. Utbygget er skeivt og fuktspora tydelige opetter veggane.. So trist at det berre står til forfalls, burde ikkje slike nasjonale bygningsskatter vore freda og tatt vare på? 

Nydelige detaljer på det ♥
Sjå berre det dragehovudet på taket, utrulig at det er inntakt egentlig.



Fleire en meg som blir bergtatt av slike gamle hus?
Undrer litt på historien bak dette huset også, vil gjerne høre hvis nokon veit noko.

                                                                                                Du må ha ei fortsatt fin helg, frå Kristine!

15 august 2011

supersøndag i sola



Endelig en skikkelig fineversdag! Og attpåtil på en søndag, så hærlig å kunne gjere ingenting for en gangs skyld:) I dag er det skikkelig vestlandsver igjen, så å kunne grille attmed familie og sete ute å slarve med kaffikoppen i handa er nesten luksus her! Gjorde godt med en slik dag ja.


Dette er frå "gamledelen" av huset, det som står igjen å etterisolere og skifte kledning. Nokre vindu skal skiftes også, dei står klar i kjelleren, så får vi sjå når vi setter i gang!
Oliventreet på trappa har klart seg kjempebra, takka vere tips frå dokke om overvintring og stell. No er det stort og massemasse nye blad på, i like ♥

En kopp kaffi til no, så "berst" det på jobb, pakke opp masse nye fine haustvarer er ikkje så værst det heller, -elsker hausten, i alle fall når det kjem til interiør og klede!

                                            Ha ei fin ny veke, klem Kristine

12 august 2011

terrasseglimt


 

 
Et lite glimt frå terrassen som neeesten ikkje har blitt brukt i år! Mykje på grunn av dårlig sommerver, og litt på grunn av stabler med material ol som ligg der og tek opp plass.. Men et lite hjørne har eg fått laga til da. Sinkbaljen + innhold har eg solgt mengder av i sommer på Kremmerhuset,  synest det er so stemningsskapande å ha enten på trappa eller ute i hagen.


 
Superfornøgd med den doble altandøra som går frå kjøkkenet og rett ut på terrassen. Ny og større trapp må vi sjå kanskje kan komme opp til neste sommer?  Desse bilda tok eg tidlig i kveld. No har det blitt mørkt ute, og lysa i baljen kjem endå meir til sin rett, men brrr kaldt ute, haustluft...

Men god helg!
                                                                            :) Kristine

09 august 2011

smak av sommer



Endelig har eg fått laga heimelaga jorbærsylte! So godt, og visste ikkje at det var så enkelt?

Renske bær, dele dei største i to, hive dei i kitche aiden, tilsette frysepulver og sukker. ( ta meir enn det som står på certopakken, minst 700 gram var rådet fra mor, da blir sylta søt og god)
La det surre å gå til der nesten ikkje er klumper igjen, voila ferdig sylte!
Vips har en sommersmak til å hente ut av frysen når hausten sett inn for fullt. Einaste minuset er vel at eg har laga alt for lite av herligheten.



Finfine oppbevaringskrukker frå Kremmerhuset. Finnes også i mindre str. Kan brukast til meir enn berre sylte desse, tørrvarer feks.. Desilitermålet i glass er så fint at det må få stå framme,akkurat no som vase!


Til slutt må eg berre få takke og bukke for så mange koselige helsinger i det siste, ekstra stas å blogge når dokke legg att så fine ord her hos meg.
                                                    
                                                                                          ♥- lig Kristine
         

27 juli 2011

gjennomreise


En liten sommerferie frå bloggen vart litt lenger en eg først tenkte. Matthetfølelse etter tragedien har råda litt dei siste dagane. Bilda her er frå bilturen tilbake til Ålesund etter halvanna fin ferieuke på sørlandet. Vi valgte å dra gjennom vestlandet (valget stod mellom å kjøre via Oslo og Gubrandsdalen eller Hardanger/ Sogn)Det var spesielt å sjå det fantastisk vakre delen av landet vårt i så sterk kontrast til dei groteske nyetene som vi hørte på omigjen og omigjen på bilradioen denne laurdag og søndagen.



Kjenner det er godt å komme tilbake til bloggen! Etter den lille ferien, kjem den til å fortsette som før, håper du vil henge med til tross for litt variabel hyppighet med innlegg. Tid til overs betyr nye innlegg:) Dei siste feriedagane står framføre meg og skal tilbringast heime.

Er takknemlig for at eg er så heldig at kvardagen begynner å vende tilbake hos oss. Tankane går til alle dei som står midt i tragedien.
                                                                                                            ♥ ♥ ♥ Kristine

17 juli 2011

sommermodus

..og en aldri så liten sommerferie på bloggen har eg også tatt!

Ville berre en snartur inn og seie hei til alle som titter innom! Og...


med Gode ønsker om en fin sommer til alle!
                                      -på gjensyn snart:)

                                                     ♥  K r i s t i n e