Viser innlegg med etiketten stue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stue. Vis alle innlegg

05 mars 2012

vårfeeling



Kirsebærgreiner i xl vase strekker seg mot vårsola og skaper litt vårfølelse inne. Lengre dager og meir dagslys - er ikkje feil det!




Helga vart så smått brukt på hagearbeid utandørs også. Klippe, luke, rake, rydde, vaske vindu... -sikre vårtegn:) Når en går ut av vinterdvalen, snøen forsviner og sola titter fram ser en masse som en må ta tak i. Heldigvis kjem energien også med sola, det passer jo bra. Er litt fraverande på bloggen for tida, må innrømme at bloggelysta ikkje er på topp, så da blir det små sporadiske innlegg no og da.

Uansett knallkjekt med kommentarer på forrige innlegg, gleder meg til å ta fatt på prosjektet ettekvart, må til å planlegge en Ikeatur til Leangen snart, handlelista er i ferd med å bli laaaang:)

Ønsker deg ei finfin ny veke!

klem


24 februar 2012

stueplaner


Mmmm, litt  forandringer på spisestua, i alle fall på planleggingsstadiet! Rommet fungerer meir som en gang der vi berre passerer mellom stue og den virkelige gangen. I staden for spisebord som alt for skjeldan er i bruk, (her sitter vi på kjøkkenet:) blir det sofakrok i staden. Huset er ikkje sååå stort, så ubrukte rom kan vi ikkje ha noko av.

På handlelista står bla:

lampe Kremmerhuset
sofa&stol Ikea
brettbord Tinek
puter Kremmerhuset




Sånn ser det ut no...

Det beste av alt er at tapeten skal vekk. Den er fin, men er veldig ferdig med den rett og slett. Stilen har jo endra seg på dei fire åra vi har bodd her, så det er på tide med litt forandringer tenker eg!

Liggande glattpanel skal opp i staden, og behandlast med et eller anna. Nokon som har gode forslag på farge, mørk eller lys? beis eller maling?

 


Fin helg!
Klem Kristine

17 februar 2012

keramikk!



 

Grov keramikk, trelysestaker, fletta kurv (proppfull av my little ponny & barbie, geniale til oppbevaring av leiker) pelspute, bjørkakvister... hmmm, her har naturen fått innpass ja. Nyvåkna pus ville også gjerne vere med denne gangen, søtingen:)



 

Bjørkakvistene skal få litt fastelavenspynt av ett eller anna slag på seg i løpet av morgendagen er planen, fin laurdagssyssel attmed eigaren av barbie og ponnykorgene det:) Nevnte eg keramikken? Min nye interiørfavoritt om dagen, so fint:)

Fin helg til deg!
                                                     Kristine

13 februar 2012

gule tendenser...



....med fare for påskestemning! Hærlig er det i alle fall å få en aldri så liten fargeklatt inn her blandt alt det grå og svarte. Er jo ikkje akkurat kjent for å vere den som bruker mest farge her heime, og er pittelitt overaska over meg sjølv som drar inn gult, men etter å ha gått å sett på den i butikken nokre dager så vart fristelsen for stor. Angrer ikkje, love it! 



For første gang på laaaaange tider fekk eg tilgang på skikkelig dagslys! Søndagsfri, en rolig morsdagsformiddag, ryddig hus og ikkje minst et tynt lag med snø ute i komb med fint ver gav superb dagslys, så da var det berre å leite fram kameraet. Så og seie heilt uredigerte bilder kan eg derfor by på i dag, håper du liker dei:)


         Ha ei fin veke, og velkommen til nye følgere i det siste,
kjekt du vil henge med her inne:)
                                                                                                                                    Kristine

01 februar 2012

hippo


En liten harmlaus tøffing har komt opp på stueveggen. Litt sånn på morro, synest den var så tøff. Så passa det så bra å fylle ut tomrommet mellom ribbarammene. Fekk ikkje bilda heilt til å henge med nokolunde likt mellomrom då eg laga bildeveggen, så no fekk mr hipp lov til  å fylle det største tomrommet der. Den går nesten i ett med veggen, men så plutselig ser du den heng der! Kul eller?


                        Psst! denne er kjøpt på kremmerhuset.                                                                   
                                                                                                     :)   Kristine

15 januar 2012

til å få hjertebank av!



 Og då er det denne skjøre, uglaserte telysholdaren med fin augestikkar trykt på innsida eg meiner. Rett og slett nydelig er det når det lyser gjenom det skjøre porselenet. Kremmerhusskatt til 49 kr. 

 




Min har fått selskap på et gammalt sølvfat attmed støvblåe lys, en finfin bursdagsgavevase frå super-kollega Martine og (enda en) ny blå keramikkvase pluss litt lerkekvister frå jula. Go blanding med andre ord!
Putesamlinga som i går låg i en stabel er som eg lovde dokke i går plassert i soffaen. En miks av nye og gamle, men har enda et par-tre liggande som skal få havne i slagbenken og soverommet tenke eg. Puter er en genial måte å fornye på, utgjer så masse med lite, liker!

Minner om giweawayen som du finn her! Viser seg at det har vore umulig å legge inn kommentarer i det siste, men dette skal no vere fiksa så bli gjerne med:) Held den gåande til 29.01.
                                                                                   
                                                                                                                      Kristine

23 oktober 2011

eg vann!




 For ei god tid tilbake var eg nemlig så heldig å vinne denne utruleg fine plakaten på give awayen inne på bloggen Retroromantikk. I pakken kom det også ei fin pute som passa perfekt i benken på barnerommet, ei fin boks,  kjøkkenhåndkle og gavekort hos Hviit. Var eg heldig eller?:)

Og no i helga fann eg endelig rette ramma til å ha på. Før har eg kjøpt makan på Skeidar til et anna bilde, men der har dei vore utseld, men jammen hadde dei ikkje samme type på Bohus! Metallramme som er heilt rett i kantane, stram i stilen - perfekt! ( ja eg er litt detaljfreak..)


Har du ikkje besøkt bloggen Retroromantikk, så må du ta turen inn HER. Liker stilen! Og så har ho så mange stilige plakater, siklesikle:)

                                                              Kristine

28 september 2011

to fine

  indisk atomrakett er slengbemerkninger den høge lykta har fått av visse andre her i huset, men det er berre fjaserier, er så fin atte! 


Hei fine der ute!

 No er det på tide å tende i lys og lykter igjen. Merker at dagslyset er mindre tilstades på ettermiddag/kveld, og mangel på lys...ja då får en jo sjølvsagt en god grunn til å kjøpe enda ei lykt! Den store svarte klarte eg i alle fall ikkje å motstå her en dag, sjølv om det står ei ganske så lik ei i trappa vår frå før. Pytt sann, får aldri for mange av slike indiske fininger:) Begge kjem frå Kremmerhuset, ei ny og ei gammal. Liker begge.
            
                                                                             
                                               - og liker alle dei fine kommentarane som kom på forrige innlegg!
                                                                                                                                  ♥  Kristine
                                                                                                                           
                                                                                       

25 september 2011

bildevegg


Yesda, eg har også kjøpt meg ei slik nydelig og fotogen corokiaplante.


Som regel prøver en å unngå å ta bilde av den store svarte boksa som står strategisk plassert midt i stua. Men den står jo der da, og i dag skal den få vere med tenkte eg.  Nytt er utvidelsen av bildeveggen, snekra opp i helga med fleire Ribba rammer frå Ikea. Mykje finare visuelt å sjå på den enn tven.

 Sommerfuglbildet av det store formatet er klikka heim frå danske Hagendornhagen! Liker
 v e l d i g at det står på golvet! Hadde gjerne slått ned veggen mellom stue og kjøkken forresten, synd det er bærevegg!



 
En stor grattis til kollegaen min Amalie som bor i Svenngården, ikkje mindre enn vinner av Norges vakraste heim, i morgen blir det kake og baluba på jobb, tjohei:)

                                              -Ha ei strålande veke du også, klem Kristine!

Oppdatering til anonym: sommerfuglbildet er kjøpt  her, husker ikkje heilt prisen ,ca 500 m frakt? i alle fall verdt kvar ei krone:) Sjekk ut nettsida for mange fine trykk, augestikkaren feks, finfin!

29 juni 2011

i vinduskarmen

Meir treng det ikkje å vere i vinduskarmen, buddhafigur og plante i sølvpotte. Kjekt med ekstra breie karmer, så en kan ha litt saker av størrelse der. Er forresten skikkelig kresen på kva blomster eg kjøper med heim. Denne ser ut til å vere en hardhaus, med konstant fønvind frå varmepumpa og lite stell ser det ut til å gå heilt greitt! Buddhafiguren er frå Kremmerhuset. Veldig fin, måtte berre ha:)



Her går det snart mot sommerferie...
..men..
s
s o l
l
kor er du?

Kanskje skin ho på deg:)
                                                                            ♥klem Kristine

02 juni 2011

Spennande besøk

I dag er stua så ryddig. Stort sett resten av huset også faktisk. Ikkje kvardagskost, i alle fall ikkje under siste tida med oppussing. Utrulig kor mykje søppel og støv det blir av slike prosjekt? No er det blåst vekk og heimen skin! Mykje av grunnen til storryddinga er knallkjekt besøk av fotograf Jeanette og journalist Kjersti i dag. Spennande spennande! Dei jobber frilanse, så vi får sjå om det kanskje dukker opp reportasje med tid og stunder.

Med god hjelp frå søstera mi Ann Helen som er kjempeflink med møblering og planløysinger fekk stua en makeover. Litt ommøblering vart det og (gammel)nytt skap på spisestua. Fargeskalaen går no i grå, beige og blå. Liker det slik!

                                                     
Vinnerlykke har eg også: Var en av 10 heldige vinnere som vant Sweet paul magasin hos Rosaliga, hurrahurra;)

25 mars 2011

naturlig

Finaste og største vasen heilt i min stil, denne kjem til å få stå framme på heidersplass tenke eg!
Grov og enkel form,tidlaus og passar til det meste.
Hei alle!
Sjå kva som kom rekandes fra oven når vinden og ruskeveret var på sitt verste!
Denne måtte eg plukke med meg då eg nærmast snubla i den i mørket på veien heim frå jobb her en kveld. Skal i alle fall spare den til påska kjem og dekorere den med egg er planen. Og sidan eg ikkje rakk å kjøpe med meg litt blomster heim i dag så får denne gjere nytta så lenge. Synest den er rett så fin!

Ei fin helg til alle som er innom, og tusen hjertelig takk for alle helsinger og kommentarer, gjer det ekstra kjekt å blogge da må vete

klem

15 mars 2011

"ny" sofa

Dette er en Karlstad toseter, nei treseter! Har fått seg avlegger sidan sist vi var på Ikea. Spanderte på en sjeselong og nytt trekk i stoffet Isunda grå. Vips (jaja litt styr var det å få på trekk og skru på nye bein) så har vi ny sofa og plass til å strekke på beina. Savner IKKJE det kvite trekket som var på før, vart etterkvart lei av å ta det av og på  for å vaske, skal innrømme det. 

Går og venter på ultrafine puter som skal komme inn på Kremmerhuset snart, forhåpentligvis går dei til den litt kalde gråfargen som er i sofaen. Så oppdatering på det kjem nok:) Ellers så har mintfargen fått komt heim på prøve. Nydelig farge er det!
Nei no tar eg tidlig kveld etter en litt lite effektiv dag.?.. Men i morgen går turen til Kremmerhuset i Kristiansund i jobbsammenheng, og det skal bli kjekt!

Klem fra sofagrisen,tjohei:)

20 februar 2011

Søndag




Joda, life is beautiful.....
....som det står på puta i soafen. Utenom i dag da, strålandes sol og fri, og min dag kunne begynne kl 15.30 når den #!"% hersens migrena slapp taket! Ja nok om det da:)

Rakk ein aldri so liten fotoseanse før sola gjekk ned og kosa meg med å knipse litt bilder av dei einaste rommet som er bloggbart, jepp nemligen;) Vasen vart denne vekas helgahandel, kjøpt med frå Kremmerhuset, og fylt med fine kvite liljer frå Mestergrønn. Digger forma på den glassvasen, så no måtte den berre bli med heim,fine ja?

Utsikta mi akkurat no. Ikkje så interessert i tvn forstås:)

Jeje, go ny veke folkens:)
klem Kristine

Psst Takk for kjekk pakke i posten tante Hilde: