Gamle detaljer, verdt å ta vare på. Akkurat slike detaljer som skil et nytt hus frå eit gammalt hus. Heldigvis har ikkje dette vorte tatt vekk i løpet av dei ca 80 åra huset har stått her. Og i dag har vi glede av dei. Skyvedøra mellom dei to stuene blir skjeldan brukt og då er vel det unnskylninga for at den fortsatt ikkje er pussa ned og måla kvit ( eller svart?) Resten av innerdørene i huset er heller ikkje skifta i årenes løp heldigvis, knallsolide tunge og fiiine dører! Dei har blitt kvitmåla.
Trappa er inntakt, og det første som møtte oss då vi var på visning for ca tre år sidan. Omtrent kjærlighet ved første blikk:) Takrosetten i den eine stova dukka fram då vi tok ned en 90 tallslampe som hang heilt opp i taket, bonus å finne en slik skatt! Golva er pussa ned og målt opp att. På kjøkkenet spadde vi av fleire lag med linolium før den originale tregolvet dukka opp. Full av gammal lim, så trudde egentlig ikkje det gjekk an å få det fint. Men fagfolk med superpussemaskin fekk det det heilt perfekt igjen, imponerande! På stua er det lagt et tregolv oppå det gamle...vi lot det vere slik,enn så lenge i alle fall.
I ♥ my house! -rett og slett.
No fyk eg snart til Stavanger en todagerstur, jobbing på Kremmerhuset på Kvadrat står for tur.
Har lenge hatt lyst å ha en give away på bloggen her, så skal komme tilbake til det:)
Kristine