I det siste har eg blitt skjemt bort med opptil fleire awarder, og kan tru eg synest det er hyggelig å bli satt pris på her inne i bloggeverda. Så tusen ♥-lig for det, til den knakandes godt formulerte
Keiserens nye trær, mang en gong har eg humra og kosa meg med innlegg frå den Trondhjemske by og gutta i 4.
Kronprinsessene er raus med kommentarer hos meg og det er så kjekt, og så trur eg ho er like glad i mintfarge som meg? Vilmelinas liv er ein nyoppdaga blogg for meg, og der kjenner eg meg veldig heime i interiøret hennar, vi har nok lik smak vi to, ta turen inn
her! Og besøk
I mitt lille rekkehus også, en veldig koselig blogg med varierte innlegg og fine bilder!
I ein av awardane skulle en fortelle 8 vetuge ting om seg sjølv, så her kjem litt ymse:
♥ Har veldig sansen for blått og striper for tida, både i interiør og på klede.
♥ Industri, natur og ei dose indisk er finfin miks interiøret og heilt meg!
Den skåla som dagens middag var servert i (ja ingen gourmet her på kvardagane:) er aldeles nyinnkjøpt og det stod Kristine med store bokstaver på denne, så ja heilt i min stil!
♥ Har begynt å like kvitvin.
♥ Synest Ikea er genialt, og det er stas å reise dit, sikkert sidan vi bur så langt unna... derfor er handlelista lang når vi først tek turen.
♥ Skal snart til Island på tur attmed andre glade Kremmermuser, det gleder eg meg til!
♥ Jobber som avdelingsleder på Kremmerhuset i Ålesund, samans med bla denne kjekke tausa, anbefaler å ta turen innom
Svenngaarden for å sjå den fine heimen hennar, vel verdt eit besøk! Sjå kor glade vi er da:)
♥ Beundrer dei som kan å strikke og sy.
♥ Har nettopp kjøpt mitt første Odd Molly plagg, en overbrodert tunika som kosta alt for mykje sjølv om den var nedsatt 30 prosent, var veldig fin da...og dessutan blå:)
Sidan desse awardane har pågått ei stund no, så sender eg den ikkje vidare til nokon spesielle blogger, men sender heller ei ekstra helsing til dei som jamt og trutt er innom og les bloggen her, og dei som legg att kjekke helsinger her, takktakk!
Klem Kristine