Viser innlegg med etiketten Loftstove. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loftstove. Vis alle innlegg

onsdag 9. februar 2011

Gardiner på loftstova

Gardiner er alltid vanskeleg, men denne gongen visste eg veldig fort kva gardiner eg ville ha. Problemet denne gongen er om eg treng to lengder til. Eg er redd det vert for lite lys dersom fleire gardiner hengast opp samstundes som at eg redd det vert nakent berre slik som det er no.
Det er først i det siste vi har vorte flinkare til å bruke loftstova. Den er diverre lett å verte kvileplass for rot og klede. Tv-benken hadde vi først nede, men etter ei lang historie IKEA-handling måtte vi skifte tv-benk og hyllesystem nede og denne vart forflytta opp. Sofaen er eit kapittel for seg sjølv og tåler ikkje dagens lys. Gyselig fløyelsgrønn overtatt av ein mann på over 90 år. Godt vi har tepper. Bordet er eit furubord frå OL i Lillehammer-tida og treng seg eit malingsstrøk. Alt som er for godt til å kaste, men som ikkje er så fint, flyttar vi opp.
Teppet på golvet har vi kjøpt på Home&Cottage og eg likar det veldig godt. Gardinene er IKEA og er i linblått. Diverre viser ikkje det så godt er.
Putene er så søte. Lyseblå med kvite prikkar frå Ib Laursen. Kjøpt i Danmark på salg. Denne stova er ikkje akkurat fargerik. Eg endar alltid opp med å ha det så lyst og fargane er mest sarte og duse pastellar. Eigentleg likar eg masse fargar og elskar å lese om andre som har huset sitt fullt i fargar og mønster. Merkeleg.... Men kva synest du, fleire gardiner eller slik som det er?

onsdag 4. august 2010

Eg har rydda loftstova!

Det er ikkje slik at eg vaskar og ryddar huset så sjeldant at eg må blogge om det når eg først gjer det, men loftstova har eg ikkje rydda 100% før. Vi har budd i huset no i 5 månadar utan at eg heilt har klart å fått dette rommet ryddig. Det er så lett å plassere alt ein ikkje veit kor skal vere akkurat her. Til og med svigermor har gjort eit forsøk, men det er no ikkje så lett for henne og sette alt i system og på dei riktige plassane sjølvsagt. Så i forgårs gjorde eg loftstova fullstendig ryddig, utan å jukse! Alle små ting har fått sin plass. No samlar eg heimlause ting eg finn rundt om kring i ein pose og eg skal få alt på plass iløpet av veka. Eg er litt stolt av meg sjølv no, det må eg innrømme.
Loftstova er preglaus og tom, men det skal kome pynt og gardiner her. Det er likevel litt deilig å berre ha det slik akkurat no. Eg må nyte synet så lenge eg kan. Dokke kan forresten sjå tv-benken og hylla som eigentleg skulle vere på stova (sjå tidligare innlegg). Tv'en har vi overtatt av bestefaren til Espen. Den er ein tung klosse som vi ønskjer å bytte ut med noko meir smalt og moderne, men den får holde no så lenge. Bordet har vore Espen sin eigendom sidan 1994. Det var den tida alt skulle vere snirkla furu. No er furua tilbake, men vi ønskjer å male bordet slik at alle gamle pennestrekar og ringflekkar forsvinn.
Vi må nok krype til korset og skaffe oss perleport ved trappa. Emil eig ingen hemningar så det er best å vere på den sikre sida. Alt dokke ser av umalt furu skal malast neste vår.
Og her skal vi ha ein sovesofa. Denne svarte liksom-skinnstolen har eg aldri likt, men den vart kjøpt i ammetåka og av Espen si omsorg for meg fordi han meinte eg trengte ein ammestol. Stolen har vi aldri brukt, men den står no her så lenge.


No held hjerna mi på å kverne idear for korleis det skal vere her. Det er så kjekt å innrede!