Viser innlegg med etiketten vinklubb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vinklubb. Vis alle innlegg

tirsdag, juni 10, 2008

Jentekveld, eksamen og utfordring.

fredag hadde eg tre venninner på reker og vin.
Me er eigentleg fem som møtes ca ein gang i mnd og har vinklubb,
men ho eine kunne ikkje denne fredagen.

Siden veret var så nydeleg kunne me sitte ute og ete.
Me åt og kosa oss til det vart kjølig på beina, og myggen byrja ete på oss.

Me forflytta oss, og fortsatte praten og vindrikking inne.
Det er veldig koseleg med venninnekveldar der me prate om laust og fast,
og ler skrekkeleg mykje:)



I går, mandag var eg på Stord og sette opp eksamensutstilling,
og i morgon får eg resultatet.
Om kvelden skal klassen samlast heime hjå Ragnhild lærar
og ha avskjedsfest, men me skal kose oss likevel:)



Eg har fått ei utfordring av Anne Berit med bloggen "Mitt glade hundeliv"
der eg skal svare på 5 spørsmål.
*
1. Hva gjorde du for 10 år siden?
-For 10 år siden var eg fortsatt gift med far til mine 3 barn,
og dreiv butikken Ting og Tang saman med ei venninne.
2. Hva er fem ting på -å gjøre lista mi i dag?
-Eg skal kjøre Kenneth til Haugesund til kjøretimar.
Sende to pakkar i posten.
Sy videre på mine sy prosjekt.
Grunne to malerier.
Bake osterundstykker til festen i morgon kveld.
*
3. Snacks jeg liker?
-Sørlandschips, sjokolade i alle variantar, lakrisbåtar og elles alt som er søtt :)
*
4. Ting jeg ville gjøre dersom jeg var milliardær?
- Om eg skulle vere så usannsynleg heldig så ville eg
betale ned huslån og studielån.
Gitt mine næraste ein god sum kvar,
Frelsesarmeen skulle fått ein del,
og koooost meg:)
*
5. Steder jeg har bodd?
-Fødd i Hervik, Haugesund (2 plasser), Hervik igjen,
Vikebygd ( Skartland, Årvik og Ulvebne)
Skjold, Isvik ( 2 plasser) (Vekependla til Notodden)
*
6. Desse vil eg vite litt meir om: Malin, Bente, Koselig Koselig og Tante Mimmi.
***


I dag regnar og skin sola om kvarandre.
Litt regn gjere godt for me har hatt vatningsforbod i nokre veker,
og planter og plen skrik av full hals etter vatn.
*
skal eg kjøre min håpefulle til by`n slik at han snart kan få sertifikat
og eg kan sleppe å kjøre han alle stader han skal:)
Ha ein fin dag og veke alle saman.