Viser innlegg med etiketten laurdagsdill. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten laurdagsdill. Vis alle innlegg

lørdag, juli 24, 2010

Sånn går no dagan...

Dagane og vekene kjem og går, litt for fort,
og eg prøver å halde igjen så godt eg kan.
*Årets første blåbær er funnet og spist.....
.....hortensiaen bløme,
og er så vidunderleg vakker....
**
....og kveldane er begynt å bli mørkare.
*lag ei nydeleg helg
du som kikkar innom*
Hildeklem*


lørdag, november 10, 2007

Helgekos


I går kveld hadde eg ein filmdate med min kjære. Me var heime aleine, og ingen av oss skulle ut på noko anna for ein gangs skuld. Snill som han er så fekk eg velge film, og siden eg er så glad i koselege og romantiske filmar så vart det "The Holiday". Eg såg han på kino i fjor jul, men min kjære hadde ikkje sett han, så då var det jo greit:o) Det er godt å sjå filmar som er berre koselege og alt går godt. + at det er mykje fint å sjå på i denne filmen,hehe. Tenker jo då sjølvsagt på interiøra i dei engelske landsbyhusa....

Rasmus pusen har ligget strekk ut foran omnen i dag, men når det vert for varmt så er det oppi strikkegarnkorga mi. Nå er det komen snø her i dag, og det likar han veldig godt. Så nå er han ute og spring av seg litt, før ny runde foran omnen. Rare pusen:o)

Me hadde innlevering på skulen denne veka, så på torsdag vart dette utsnittet eg har teikna av Kenneth i kol innlevert + ein del andre ting. Me er begynt på den siste oppgåva før jul, og det skulle vere eit relieff i valfri teknikk. Eg hadde veldig lyst til å lage det i tekstil, men for å utfordre meg sjølv litt så valde eg tre. Så det skal bli spanande å sjå om eg får det til slik eg har tenkt.


Eg held på å sy litt vesker for tida, men det er berre denne som er heilt ferdig. Svart veske med bilde og detaljar i sterke fargar.
*
I kveld skal me på middag til mi kjære storesøster Berit.
Der skal me vere alle 4 søskena og ektemakar, så det vert nok ein triveleg og koseleg kveld.
Så til alle som er innom vil eg seie tusen takk for alle koselege kommentarar:o) og så vil eg ønskje alle ei retteleg GOD HELG.