Viser innlegg med etiketten ommøblering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ommøblering. Vis alle innlegg

mandag, januar 14, 2008

Når det stormar...

...ute, så er det godt å sitje inne og kose seg med sjokolade og kakao, og tenne masse lys.

Eg likar å tenne masse lys når det er mørkt ute, både telys og stearinlys. Det hjelper på humøret og så gir det ei koseleg stemning i romma.

Littegrann av julepynten, eller nå kan eg vel kalla det vinterpynt, får stå framme ei lita stund til.
Det vart så mørkt og tomt når all julepynten vart tatt vekk, sjølv om eg tok fram mindre pynt i år enn eg har gjort tidlegare. Eg må visst sortere julepynten min til den skal fram igjen, men det er lenge til....

I helga var det den store "snu om på alle romma på loftet" helga. Hjelpe meg så mykje saker og ting eg har som høyrer til under kategorien, "hobby og kjekt å ha".
På loftet har me to soverom og ein gang + eit bad som ikkje er innreda. På eine soverommet har eg hatt syrom og det har også fungert som gjesterom, det andre soverommet har Marie hatt, og gangen har vore TV stove. Så her ein dag fann eg ut at Marie sitt rom skulle bli TV stove, syrommet skulle bli Marie sitt rom, og gangen skulle bli sy rom....jada.
Som sagt så gjort, eller det var ikkje gjort i ein fei, kan du sei....
Først så måtte alle sysakene og alt anna som eg hadde samla på syrommet ut på gangen, så måtte Marie sine ting sorterast og flyttast inn på det som tidlegare var syrom, men som nå er Marie sitt soverom.
Deretter måtte sofa og TV flyttast inn på det som var Marie sitt soverom, men som nå er TV stove, og så måtte alle filmar og bøker inn, ei gjesteseng som skulle stå i eine enden av rommet, og eit par kommodar og ein reol skulle flyttast på. Puh.
Heldigvis så har eg ein stor og sterk mann som hjalp meg med å dytte sofaer gjennom trange døropningar og løfte skrivebord høgt over hovudet for å få det inn. Flinke mannen:)
Når alt dette var komen på plass så sto alt det andre igjen i gangen, tidlegare TV stove, men nå sy rom. Då var det berre å brette opp armane, spytte i nevane og gyve laus på haugen eller haugane, med saker og ting som eg heilt sikkert får bruk for ein gang....
Heldigvis så hadde eg tidlegare sortert alle stoffa mine i 6 boksar, så dei trong eg ikkje tenke på ein gong.
Min kjære berre rista på hovudet og gjekk inn på loftstova og sette seg i ein nyvaska sofa, og syntes at eg skulle få vere i fred med å sortere. Men først lurte han på kor i all verden skulle eg gjere av alt det som sto der ute. Men eg hadde ein plan.
Det er jo berre å legge alt på plass så er det jo ryddig....haha, joda, eg vart ferdig, sånn ca kl 03 natt til søndag.
Men då skal eg seie at mannen i huset vart imponert.

Så nå er eg på jakt etter gardiner til loftstova, og eit teppe til å ha på golvet. Nokre av møblene der oppe skal malast,m men det trur eg eg vente med til det blir litt varmare i lufta og kan ha vindauga på vid vegg, gjett om eg gler meg til det:)
Så sånn var mi helg, litt mykje arbeid, men kjekt når det var gjort.